Lovkrav om kjemikal og energieffektivitet for PC-ar og skjermar

Grupper: 
  • PC-ar og skjermar
Kategori: 
  • Miljø- og energivenleg design

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Avgrense og/eller eliminere skadelege kjemikal i PC-ar og skjermar og utstyr som naturleg følgjer med (som mus, kablar og tastatur) og oppnå energieffektive PC-ar.

Utforming av krav: 

Alt IT-utstyr som leverast til oppdragsgjevar skal minimum overhalde følgjande regelverk:

  • Produktforskrifta sitt kapittel 2a (dekkjer RoHS-direktivet: Direktiv 2011/65/EU for avgrensing av bruk av visse stoff i elektriske produkt)
  • Produktforskrifta sitt kapittel 4i (dekkjer POPs-forordninga: Forordning (EF) Nr. 850/2004 om persistente organiske miljøgiftar)
  • REACH-forskrifta (dekkjer REACH-forordninga: Forordning (EF) Nr. 1907/2006 om registrering, vurdering, autorisasjon og avgrensningar av kjemikal)
  • Økodesignforordning 617/2013 om krav til miljøvenleg utforming av datamaskiner og datatjenarar* (*gjeld ikke skjermar)

 

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal stadfeste at kravet oppfyllast.

Informasjon om kravet: 

Kjemikal

Kjemiske stoff og tungmetall som inngår i IT-utstyr kan representere ulike farar for miljøet og for folks helse. Kunnskapen om kjemikal og tungmetall er under kontinuerleg utvikling. Mange stoff er forbodne i dag, medan andre stoff vil kunne bli forbodne i framtida. For at disse kjemikalia skal kunne takast ut av eit framtidig krinsløp, er det viktig med ei oversikt over kva kjemikal som inngår i produkta på marknaden. Ved å stille dette kravet synleggjer ein overfor produsentar og leverandørar kva ansvar dei har. Referansen til aktuelle internasjonale lover står i parentes i krava, slik at informasjonen er meir tilgjengeleg for internasjonale produsentar.

Kapittel 2a i Produktforskrifta (dekkjer RoHS-direktivet) set krav til maksimalt innhald av visse stoff i elektriske produkt (EE-produkt). Desse stoffa er lista opp i forskrifta om avgrensning i bruk av helse- og miljøfaglege kjemikal og andre produkt (produktforskrifta). Kravet gjeld heile EE-produktet med alle dei homogene enkeltdelane det har. Kapittel 2a i produktforskrifta krev at produsenten skal utarbeide ein samsvarserklæring på norsk eller engelsk som slår fast at produkt som omfattast av kapittel 2a (som m.a. PC-ar og skjermar) stettar krava til maksimalt innhald av stoffa nemnt over. Samsvarserklæringa skal oppdaterast ved endringar i regelverket eller produktet. Produsenten skal lagre samsvarserklæringa i ti år etter at EE-produktet er brakt i omsetning og stillast til rådvelde for Miljødirektoratet.

Kapittel 4i i Produktforskrifta (dekkjer POPs-forordninga) inneheld villkår om produksjon, omsetning, bruk, utslepp og avfallsbehandling for persistente organiske miljøgifter som omfattast av krava i Stockholmkonvensjonen og Langtransportkonvensjonen.

REACH-forskrifta (dekkjer REACH-forordninga) inneheld det europeiske kjemikalieregelverket, og omfattar reglar om import og bruk av kjemikal på den europeiske marknaden.

  • Vedlegg XVII (avgrensingslista) listar opp stoffer som har uakseptabel risiko for menneske og/eller miljø. Desse stoffa er enten heilt eller delvis forbodne å produsere, importere, omsetje og/eller bruke. 
  • Kandidatlista til REACH listar opp stoff som er kandidatar til strengare regulering i framtida. Importørar til EU/EØS og produsentar av faste produkt (som m.a. PC-ar og skjermar) som inneheld faste stoff på kandidatlista, har meldeplikt til European Chemicals Agency (ECHA). Informasjonsplikta i REACH gjev ein oppdragsgjevar rett til å kunne be leverandøren sin av faste produkt, som inneheld stoff på kandidatlista i REACH i ein konsentrasjon over 0,1 prosent (for kvar enkelt komponent som produktet består av), om å gje opp minimum namna på alle desse stoffa innan 45 dagar frå førespurnaden gjevast.

Energieffektivitet

Avtalen mellom EU og USA om den frivillige internasjonale merkeordninga Energy Star gjekk ut i februar 2018, og det er difor viktig å bruke ein annan dokumentasjon på energieffektivitet. Økodesignforordninga (Forordning 617/2013) stiller krav til maksimalt energiforbruk for PC-er, og desse krava må bli innfridde for at produkta kan omsetjast lovleg i EU og EØS. Ved hjelp av verdiar som er gjevne opp i vedlegg II i  Økodesignforordninga (s. 12 - 23), kan ein rekna ut maksimalt tillate årleg energiforbruk (ETEC-verdi) i kWh/år for PC-ar.

ETEC -verdien blir rekna ut ved hjelp av effektforbruket i avslege tilstand, kviletilstand og inaktiv tilstand, og timar i eit år som datamaskina er i den tilstanden. Bruksprofilen varierer mellom typane datamaskiner som er definerte i artikkel 2 i Økodesignforordninga. Tillate ETEC er høgare for stasjonære datamaskiner enn for berbare datamaskiner. Den avheng også i høg grad av kategorien til datamaskina (A til D) og kapasitetsjusteringar.

Kravet er utarbeidd med innspel frå Miljødirektoratet og Norges vassdrags- og energidirektorat.  

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 17. sep 2019, Sist endra: 04. okt 2019