Luftureining frå køyretøy

Grupper: 
  • Avfall frå tjenesteytande verksemd
Kategori: 
  • Motorteknologi og drivstoff

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å redusere luftureining frå køyretøy.

Utforming av krav: 

Køyretøya som skal brukast i kontrakten, skal minimum tilfredsstille Euro V-standard.

Min. X % av hentingar på kontrakten skal utførast av køyretøy som minimum tilfredsstiller Euro VI-standarden sitt krav til utslepp.

Køyretøy med nullutsleppsteknologi tilfredsstiller Euro-kravet.

Dokumentasjon av kravet: 

Utfylling av vedlagd tabell. 

  EURO VI EURO V TOTALT TAL
del av hentingar Eks. 40% Eks. 60%  100%
tal på køyretøy Eks. 16 køyretøy Eks. 24 Euro køyretøy Eks. 40 køyretøy

 

Informasjon om kravet: 

Ved å vise til ein teknologinøytral standard, som Euro-standarden, stiller ein krav til kor mykje luftureining ein maksimum tillèt, samstundes som ein opnar for fleire løysingsalternativ.

Tunge køyretøy som er førstegongsregistrerte i Noreg etter 31. desember 2013, tilfredsstille Euro VI-standarden (sjå forordning (EF) nr. 595/2009 under «relaterte lenkjer»). Mange leverandørar av avfallsinnsamling for tenesteytande næring har likevel innslag av eldre køyretøy i flåtane sine. Det kan derfor vere lurt å stille eit minimumskrav til kva for ein Euro-standard det er lov å tilby i kontrakten. Gjennom marknadsundersøkingar vil oppdragsgjevar få innsikt i kva marknaden er i stand til å levere. Gjennom leverandørdialog eller ved å leggje ut konkurransen som rettleiande kunngjering kan oppdragsgjevar få nyttige innspel til kravet.

Motorteknologi med Euro V-standard kom på marknaden i 2008. Dei har vesentleg høgare utslepp av NOx enn Euro VI-køyretøya, som vart lanserte i 2013. Euro V-køyretøy har på si side lågare utslepp av NOx enn Euro IV-køyretøy (lanserte i 2005). I denne kravspesifikasjonen fokuserer vi på å minimere luftureining, og vi føreslår derfor at tenesta skal utførast med minimum Euro V-standard.

Ved å gjere ei marknadsundersøking kan du finne ut kva som kan tilbydast blant leverandørar som er relevante for marknaden din og kor ambisiøs du ønskjer å vere i krava dine.

Euro-krav regulerer utslepp av primært NOx og partiklar, men ikkje utslepp av CO2. Til no har det ikkje vore noka standardisert måling av drivstofforbruk og CO2-utslepp frå tunge køyretøy. EU-kommisjonen har vedteke ei ny forordning som skal etablere eit felles rammeverk for typegodkjenning av CO2- utslepp og drivstofforbruk for tunge køyretøy. Statens vegvesen gjennomfører i 2018 ei offentleg høyring om dette (forslag om endring av bilforskrifta §3 for å implementere ny miljøforordning).

Nyttig å kombinere med

  • Utslepp fra kjøretøy (Tildelingskriterium)
  • Klima- og miljørapportering (Kontraktsvilkår)

 

 

 

 

 

 

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 26. sep 2018, Sist endra: 31. Mai 2019