Matsvinn i verdikjeda til produkta og hos oppdragsgjevar

Grupper: 
  • Mat- og drikkeprodukt
Kategori: 
  • Matsvinn

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å førebyggje og redusere matsvinn i heile verdikjeda til matvarene som blir anskaffa og å etablere eit samarbeid mellom leverandør og oppdragsgjevar om matsvinnarbeid som igjen vil bidra til å nå styresmaktene sine forpliktingar etter bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn og SN sitt berekraftsmål 12.3.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal ha eit system som bidreg til å førebyggje og redusere matsvinn frå produkta som blir leverte i denne avtalen. Leverandøren skal stille tilsvarande krav i kontraktar med sine underleverandørar. 

Leverandøren skal samarbeide med dei enkelte bestillingseiningane som gjer avrop på denne avtalen om å leggje til rette for bestillingsrutinar slik at ein førebyggjer matsvinn i oppdragsgjevar si verksemd frå produkta som er omfatta av denne avtalen. 

Innan [tidspunkt oppdragsgjevar vel] kvart år skal leverandøren leggje fram dokumentasjon på at dei har oppfylt forpliktingane sine etter tilslutningserklæringa, til dømes ved kopi av rapportering. Leverandøren skal også éin gong per år gje ei kort skildring av status for eige arbeid med matsvinn og for arbeid med optimalisering av bestillingsrutinar.

Matsvinn er definert som alle delar ein kan nytte av mat produsert for menneske, men som anten blir kasta eller teke ut av matkjeda til andre føremål enn menneskeføde, frå tidspunktet når dyr og plantar er slakta eller hausta.

Dokumentasjon av kravet: 

Som dokumentasjon kan leverandør seinast ved kontraktsignering vise fram signert tilslutningserklæring til bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn, eller vise fram annan dokumentasjon som skildrar rutinar for kartlegging, rapportering, tiltak og samarbeid i verdikjeda.  

Informasjon om kravet: 

Ver merksam på at matsvinn skil seg frå matavfall som er definert som alt organisk materiale som ikkje skal etast, men som oppstår i samband med produksjon av mat som avskjer, skal, bein etc. Nokre gonger bruker ein matavfall som ei samlenemning for både matsvinn (som på eit tidspunkt kunne vore ete) og matavfall (som uansett ikkje kunne vore ete). Sjå fullstendig definisjon i bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn. 

For å sikre likebehandling av leverandørane er det viktig at leverandøren stiller tilsvarande krav til matsvinn til eventuelle underleverandørar, dersom leverandøren ikkje sjølv har eigen import eller produksjon.

Oppdragsgjevar bør også sjølv kartleggje, gjere tiltak og rapportere på matsvinn og slik bidra til eit godt samarbeid med leverandøren. Det er viktig at vilkåret blir følgt opp i løpet av kontraktsperioden ved årleg rapportering og at matsvinn er tema på samarbeidsmøte mellom leverandør og oppdragsgjevar.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 11. mar 2019, Sist endra: 31. Mai 2019