Merking av klimafotavtrykket til produktet

Grupper: 
  • Mat- og drikkeprodukt
Kategori: 
  • Bestillingsløysing

Spydspiss

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å synleggjere klimafotavtrykket til ulike matvarer i bestillingsløysinga slik at dei som gjer avrop, kan sjå miljøbelastninga til produkta i avtalesortimentet.

Utforming av krav: 

Bestillingssystemet skal innehalde ei merking av CO2-ekvivalentar per kilo produsert vare (CO2/kg) for dei produkta der slik informasjon finst.  Merkinga skal kome tydeleg fram i bestillingsløysinga som blir brukt, anten det er leverandøren sin bestillingsportal eller oppdragsgjevar si elektroniske handelsplattform. Kontraktsvilkåret skal dokumenterast oppfylt seinast tre månader etter oppstart.

Dokumentasjon av kravet: 

Innan tre månader etter oppstart skal bestillingsløysinga som blir brukt, innehalde eit slikt høve til å merkje varene i avtalesortimentet med klimafotavtrykk (CO2/kg). Dei aktuelle varene skal merkjast fortløpande.

Informasjon om kravet: 

Dette kontraktsvilkåret er relevant for oppdragsgjevarar som har bruk for slik informasjon for å vite om dei når strategiske mål på klima.

Det kan vere utfordrande for enkelte leverandørar å dokumentere og opplyse om klimafotavtrykket til produkta sine. Dette vil seie at oppdragsgjevar bør gjennomføre marknadsundersøking og leverandørdialog i framkant der det særleg blir vurdert om vilkåret er proporsjonalt. Slik dialog kan også avdekkje om det er enkelte varer det er svært vanskeleg å kartleggje klimafotavtrykket. Ein går likevel ut frå at slik informasjon vil bli meir tilgjengeleg med tida og at eit slikt kontraktsvilkår kan bidra til å få fram slik informasjon for fleire produkt.

Kriterierelasjoner og konflikter: 

Statistikk og måling

Relatert kriterium
Publisert: 18. mar 2019, Sist endra: 31. Mai 2019