Merking av opphavsland

Grupper: 
  • Mat- og drikkeprodukt
Kategori: 
  • Bestillingsløysing

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å gje informasjon om opphavsland. Denne informasjonen kan nyttast ved oppfølging av krav til sosialt ansvarlege produkt.

Utforming av krav: 

Bestillingsløysinga skal innehalde ei merking av opphavslandet til produkta der det er mogleg.  Merkinga skal kome tydeleg fram i bestillingsløysinga som blir brukt, anten det er leverandøren sin bestillingsportal eller oppdragsgjevar si elektroniske handelsplattform. Kontraktsvilkåret skal dokumenterast oppfylt seinast tre månader etter oppstart.

Tilleggsinformasjon

Opphavsmerking er frivillig for dei fleste matvarer, men obligatorisk for nokre matvaregrupper og produkt, blant anna:

  • Animalske produkt: Animalske produkt skal merkjast med landet der produktet til fulle er produsert. For kjøt tyder dette landet der dyret er fødd, oppdretta og slakta, jf. Matinformasjonsforskrifta § 1a, EU 1337/2013. For storfekjøt gjeld også forskrift om sporbarheit og merking av storfe kapittel VII.
  • For honning som har opphav i meir enn eitt EU-land eller i meir enn eitt tredjeland, kan merkinga erstattast med «blanding av honning frå EU», «blanding av honning frå land utanfor EU», blanding av honning frå land i og utanfor EU», jf. Forskrift om honning § 4.
  • Fisk: Havfanga fisk skal merkjast med fangstområde, til dømes Austersjøen, Nordaustlege Atlanterhavet. For fisk som er fanga i ferskvatn eller frå oppdrett skal opphavsland opplysast, jf. Forskrift om kvalitet på fisk og fiskevarer § 35
  • Frisk frukt, bær, grønsaker og poteter: skal merkjast med opphavsland jf. Matinformasjonsforskrifta § 3.

 

 

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal dokumentere at kravet er oppfylt ved å levere ei skildring av korleis merking vil skje, i det elektroniske bestillingssystemet til oppdragsgjevar og om det også vil merkjast på produkt, følgjesetel eller liknande.

Ved bruk av EHF katalog skal opphavsland merkes i henhold til formatet. 

Ved bruk av leverandørens bestillingssystem skal leverandøren oppgi korleis opphavsland vises i systemet. 

Informasjon om kravet: 

Opphavsland er ein av faktorane som kan antyde om produktet du kjøper, er eit høgrisikoprodukt, det vil seie produkt der det er særleg stort sannsyn for brot på sentrale menneske- og arbeidstakarrettar i produksjonsprosessen. Fleire matvarer er produserte under forhold der det er risiko for at slike rettar blir brotne. Opplysningar om opphavsland er derfor viktig å ha når du skal følgje opp enkelte produkt i avtalesortimentet. Informasjon om opphav indikerer også kva standardar for miljø og dyrevelferd som ligg til grunn for framstillinga av produktet.

Opphavsmerking er frivillig for dei fleste matvarer, men obligatorisk for nokre matvaregrupper og produkt. I nokre tilfelle kan produsenten ønskje å merkje med opphav, sjølv om det ikkje er eit krav etter regelverket. Produsenten er då ansvarleg for at opplysningane stemmer og at dei ikkje villeier. Dersom det kan vere villeiande å utelate opplysninga om opphav, så skal produktet merkjast med opphav. Det finst ein del særlege reglar om opphavsmerking av storfekjøt, ferskt kjøt frå svin, sau, geit og fjørfe, frukt og grønt, fersk fisk og honning i EU-/EØS-området. Krava går fram av reglane i matinformasjonsforskrifta (https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2014-11-28-1497)

Oppdragsgjevarar med eiga elektronisk handelsplattform:

Dersom oppdragsgjevar nyttar eiga elektronisk handelsplattform, kan kravet kombinerast med EHF-katalogmal frå Difi. Relevante felt leverandøren bør fylle inn, inkluderer «opphavsland (landkode)» og «namnet på produsenten».

Difi sitt risikostyringsverktøy:

For å gjere kontraktsoppfølging av krav til sosialt ansvar lettare, har Difi laga eit risikostyringsverktøy. Her er blant anna opphavsland ein av faktorane som blir vurdert. Verktøyet ligg på Difi sine heimesider.

 

Publisert: 18. mar 2019, Sist endra: 31. Mai 2019