Merking av plast

Grupper: 
  • Nye møbler
Kategori: 
  • Fremme lukkede kretsløp

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Merking av plastdelar legg til rette for riktig resirkulering av delane, i tillegg til at merkinga kan gje nyttig informasjon til forbrukarar av møblane.

Utforming av krav: 

Plastdelar som er tyngre enn 100 gram som er brukte i møbelproduktet skal vere synleg merkte i samsvar med ISO 11469 og ISO 1043. Grensa på 100 gram gjeld for den enkelte plastdelen, og ikkje den samla vekta til alle plastdelane i møbelproduktet.

Merkinga skal vere enkelt synleg på sjølve plastdelen, men treng ikkje å vere synleg når møbelet er montert saman.

I følgjande tilfelle kan det tillatast at plastdelar tyngre enn 100 gram ikkje merkast:

  • Plast på rull (som til dømes kantlister)
  • Om merkinga vil gå utover funksjonen til plasten
  • Om merkinga ikkje er teknisk mogleg på grunn av produksjonsmetoden
  • På delar der det ikkje er mogleg å merke på ein slik måte at merkinga er av leseleg storleik som kan identifiserast av ein gjenvinningsoperatør

Dokumentasjon av kravet: 

Tilbydar skal levere erklæring frå underleverandørane sine på at kravet er oppfylt.

I tillegg skal dokumentasjon for merking av plastdelar kunne leverast på førespurnad frå oppdragsgjevar i løpet av kontraktperioden i form av ei erklæring som listar opp alle plastdelar i produktet som har ein masse større enn 100 gram, og markere om dei er merkte i samsvar med ISO 11469 og ISO 1043, og eventuelt med grunngjeving på kvifor somme delar ikkje kan merkast.

Oppfylling av kravet kan også dokumenterast ved tilgang på gyldig sertifikat på at tilbyde møbelprodukt er tildelt sertifisering utvikla i samsvar med ISO 14024 (Type I eller Type II-lik) som oppfyller kravet. Til dømes Svanemerket.

Informasjon om kravet: 

Dette kravet bør stillast i alle anskaffingar som inkluderer møblar med plastdelar. At plastdelar er merkte bidreg til betre resirkulering ved avhending av møbelet, ved at plastdelane kan sorterast ut etter innhaldet i plasten.

Publisert: 26. nov 2020, Sist endra: 29. nov 2020