Miljøavtale- supplerande sertifiseringsordningar

Grupper: 
  • Leige av eigedom
Kategori: 
  • Oppgradering

Minimum

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

For å heve og vidareutvikle miljøstandarden til leigeobjektet i leigeperioden kan leigetakar og utleigar inngå ein miljøavtale. Avtalen skal sikre eit samarbeid om å betre miljøstandarden, som auka energieffektivitet, betre ressursutnytting og reduksjon av utslepp/avfall i samband med drift og vedlikehald av eigedomen og leigeobjektet.

Utforming av krav: 

Leigetakar og gardeigar skal gjennom bruken sin, drifta si og vedlikehaldet sitt av leigeobjektet og eigedomen, søkje miljømessig gunstige løysingar.

Det skal ha vore gjennomført kartlegging og konsekvensutgreiing av moglege miljøforbetringar. Framlegg og økonomiske konsekvensar skal presenterast for leigetakar.

Dokumentasjon av kravet: 

Spesifiserast i «Miljøavtale» og leveranseskildring.

Detaljar om framlegg og tiltak for å heve miljøstandarden på leigeobjektet skal spesifiserast i ein «miljøavtale» og leveranseskildring. Miljøavtalen bør innehalde ein tiltaksplan, prosjektskildring, framdriftsplan og utrekning av eventuelle innsparingar.

Informasjon om kravet: 

Ein miljøavtale er ein avtale mellom utleigar og leigetakar. Målet med avtalen er at partnarane skal samarbeide om å heve å vidareutvikle miljøstandarden til leigeobjektet i leigeperioden. Med heva miljøstandard meiner vi auka energieffektivitet, betre ressursutnytting og redusert utslepp/avfall i samband med drift og vedlikehald av eigedomen og leigeobjektet.

For å heve miljøstandarden skal partane vurdere om dei skal gjennomføre energisparande tiltak («Energitiltak»). Partane skal også i leigeperioden vurdere om det er mogleg å gjennomføre andre tiltak som kan heve miljøstandarden til eigedomen og leigeobjektet («Miljøtiltak»), til dømes bygningsmessige endringar, innarbeiding av nye tekniske installasjonar eller endring av drifts- og bruksrutinar for eigedomen og leigeobjektet.

Der partane blir samde om å gjennomføre Energitiltak og/eller Miljøtiltak, skal desse skildrast i ein tiltaksplan «Tiltaksplan»). Tiltaksplanen skal også innehalde ei prosjektskildring og ein framdriftsplan, samt ei utrekning av leigetakar sitt bidrag og innsparing som følgje av Energitiltaket.

Basis

Det skal utarbeidast handlingsplan for gjennomføring av vedtekne miljøtiltak.

Avansert

Det skal avtalast at sertifiseringa «BREEAM-in-Use», oppretthaldast minimum på nivå «Very good» i leigetida for bruk og drift av eigedomen og leigeobjektet.

Dokumentasjon av kravet: 

Spesifiserast i «Miljøavtale».

Detaljar om framlegg og tiltak for å heve miljøstandarden på leigeobjektet skal spesifiserast i ein «miljøavtale» og leveranseskildring. Miljøavtalen bør innehalde ein tiltaksplan, prosjektskildring, framdriftsplan og utrekning av eventuelle innsparingar. Dokument som viser samsvar med kriterium frå BREEAM-In-Use.

Informasjon om kravet: 

Ein miljøavtale er ein avtale mellom utleigar og leigetakar. Målet med avtalen er at partnarane skal samarbeide om å heve å vidareutvikle miljøstandarden til leigeobjektet i leigeperioden. Med heva miljøstandard meiner vi auka energieffektivitet, betre ressursutnytting og redusert utslepp/avfall i samband med drift og vedlikehald av eigedomen og leigeobjektet.

For å heve miljøstandarden skal partane vurdere om dei skal gjennomføre energisparande tiltak («Energitiltak»). Partane skal også i leigeperioden vurdere om det er mogleg å gjennomføre andre tiltak som kan heve miljøstandarden til eigedomen og leigeobjektet («Miljøtiltak»), til dømes bygningsmessige endringar, innarbeiding av nye tekniske installasjonar eller endring av drifts- og bruksrutinar for eigedomen og leigeobjektet.

Der partane blir samde om å gjennomføre Energitiltak og/eller Miljøtiltak, skal desse skildrast i ein tiltaksplan «Tiltaksplan»). Tiltaksplanen skal også innehalde ei prosjektskildring og ein framdriftsplan, samt ei utrekning av leigetakar sitt bidrag og innsparing som følgje av Energitiltaket.

Spydspiss

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

For å heve og vidareutvikle miljøstandarden til leigeobjektet i leigeperioden kan leigetakar og utleigar inngå ein miljøavtale. Avtalen skal sikre eit samarbeid om å betre miljøstandarden, som auka energieffektivitet, betre ressursutnytting og reduksjon av utslepp/avfall i samband med drift og vedlikehald av eigedomen og leigeobjektet.

Utforming av krav: 

Leigetakar og gardeigar skal gjennom bruken sin, drifta si og vedlikehaldet sitt av leigeobjektet og eigedomen, søkje miljømessig gunstige løysingar.

Det skal ha vore gjennomført kartlegging og konsekvensutgreiing av moglege miljøforbetringar. Framlegg og økonomiske konsekvensar skal presenterast for leigetakar.

Det skal utarbeidast handlingsplan for gjennomføring av vedtekne miljøtiltak.

Det skal avtalast at sertifiseringa «BREEAM–in-Use», oppretthaldast minimum på nivå «Excellent» i leigetida når det gjeld bruk og drift av eigedomen og leigeobjektet.

Dokumentasjon av kravet: 

Spesifiserast i «Miljøavtale».

Detaljar om framlegg og tiltak for å heve miljøstandarden på leigeobjektet skal spesifiserast i ein «miljøavtale» og leveranseskildring. Miljøavtalen bør innehalde ein tiltaksplan, prosjektskildring, framdriftsplan og utrekning av eventuelle innsparingar. Dokument som viser samsvar med kriterium frå BREEAM-In-Use.

Informasjon om kravet: 

Ein miljøavtale er ein avtale mellom utleigar og leigetakar. Målet med avtalen er at partnarane skal samarbeide om å heve å vidareutvikle miljøstandarden til leigeobjektet i leigeperioden. Med heva miljøstandard meiner vi auka energieffektivitet, betre ressursutnytting og redusert utslepp/avfall i samband med drift og vedlikehald av eigedomen og leigeobjektet.

For å heve miljøstandarden skal partane vurdere om dei skal gjennomføre energisparande tiltak («Energitiltak»). Partane skal også i leigeperioden vurdere om det er mogleg å gjennomføre andre tiltak som kan heve miljøstandarden til eigedomen og leigeobjektet («Miljøtiltak»), til dømes bygningsmessige endringar, innarbeiding av nye tekniske installasjonar eller endring av drifts- og bruksrutinar for eigedomen og leigeobjektet.

Der partane blir samde om å gjennomføre Energitiltak og/eller Miljøtiltak, skal desse skildrast i ein tiltaksplan «Tiltaksplan»). Tiltaksplanen skal også innehalde ei prosjektskildring og ein framdriftsplan, samt ei utrekning av leigetakar sitt bidrag og innsparing som følgje av Energitiltaket.

Publisert: 20. des 2018, Sist endra: 31. Mai 2019