Miljødokumentasjon og miljøkrav til byggematerialer

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Materialar

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Kva ein vel av byggjematerialar har ein stor innverknad på den totale miljøpåverknaden over levetida til bygget. Nokre bygningselement eller -materialar er viktigare for den totale miljøpåverknaden enn andre. Miljøpåverknadar som blant anna gir ein klimaeffekt oppstår ved produksjon, transport og avhending av materialane, og kan variere mykje mellom ulike materialtypar. Miljøpåverknaden kan òg i stor grad variere mellom same type materialar/produkt som til dømes er produsert med ulike teknologiar.

Argument

Der me veit det er store miljøpåverknader er det viktig å stille krav. For å kunne vurdere og samanlikne miljøpåverknaden til ulike materialar/produkt er det behov for god og samanliknbar dokumentasjon av miljøeigenskapane til produkta. Ein miljødeklarasjon (EPD, Environmental Product Declaration) er ein type III miljødeklarasjon i samsvar med ISO 14025. Ein EPD inneheld standardisert miljøinformasjon som gir eit godt grunnlag for å ta miljøriktige val, så lenge føresetnadene er dei same. Det gir òg dokumentasjon på andre miljøeffektar, som at bygget inneheld helse- og miljøfarlege stoff eller gir avgassing til inneklima.

Utforming av krav: 

For produkt og materialar spesifiserte i Tabell 4.23.1 skal det leggjast fram dokumentasjon i form av EPD eller tilsvarande miljømerke type III i samsvar med ISO 14025.

Ein skal nytte materialar og produkt med maksutslepp av klimagassar som spesifisert i Tabell 4.23.1. Utsleppskravet gjeld summen av klimagassutslepp for produktet frå råvare til fabrikkport (A1 – A3 i samsvar med EN15804).

Ein levert EPD eller tilsvarande miljømerke type III i samsvar med ISO 14025 for materialar og produkt i tabell 4.23.1, både med og utan utsleppskrav, blir nytta for å vurdere og dokumentere i klimagassrekneskapen i prosjektet. EPD blir òg nytta som dokumentasjon på emisjonar, fråvær av helse- og miljøfarlege stoff og annan miljøinformasjon.

Dokumentasjon som er levert skal godkjennast av den miljøansvarlege hjå totalentreprenøren seinast to veker før produktet skal nyttast, og eventuelt leverast i eit system som òg verifiserer at EPD-en er utarbeidd i samsvar med ISO 14025, EN 15804, dekkjer eventuelle kravnivå og er gyldig på tidspunktet ein skaffar produkta. 

Tabell 4.23.1: Produkt som skal ha miljødeklarasjon type III i samsvar med ISO 14025, (EPD) eller tilsvarande med oversikt over utsleppskrav der det er sett.
Materialar og produkt Dokumentasjon og oversikt over klimagassutslippskrav der det er satt (for råvare til fabrikkport, A1-A3 iht EN15804)
Betong B30 EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 280 kg CO2-ekvivalent/m3 betong.
Betong B35 EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 350 kg CO2-ekvivalent/m3 betong.
Betong B45 EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 360 kg CO2-ekvivalent/m3 betong.
Prefabrikkerte betongelement (slakkarmerte og forspente)

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 190 kg CO2-ekvivalent/tonn slakkarmert element.

Makskrav 250 kg CO2-ekvivalent/tonn forspent element/bjelke.

Konstruksjonsstål: valsa profilar (bla. H, I, L, U, T profilar) EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Skal bestå av minst 80 % resirkulert stål.
Konstruksjonsstål: hulprofilar EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Skal bestå av minst 20 % resirkulert stål.
Armeringsstål EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 0,6 kg CO2-ekvivalent/kg armeringsstål.
Isolasjon: Mineralull i stenderverk og bjelkelag

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.

Makskrav 1,5 kg CO2-ekv/m2 isolasjon med R=1
Alle innvendige bygningsplater EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 3,0 kg CO2-ekvivalent/m2 plate.

Ved ein kompleks konstruksjon og når ein set saman ulike materialtypar kan det vere tilfelle der somme produkt ikkje innfrir utsleppskrava på produktnivå som gitt i tabell 4.23.1. Ein kan nytte slike produkt dersom ein kan dokumentere at dei samla klimagassutsleppa for bygget blir lågare ved å nytte desse produkta enn ved å innfri alle krava på produktnivå. Val av produkt skal i slike tilfelle takast på byggnivå og ikkje på produktnivå (ref. kriteria «Klimagassrekneskap» og «Utrekning av klimagassar (LCA-vurderingar) for utvalde materialelement»). .

Informasjon om kravet: 

EPD må som minstekrav innehalde desse livslaupsstadia:

  • A1-A3: Råvareuttak-fabrikkport (ferdig produsert)

  • A4: Transport av produktet til byggjeplass eller standard transport av produktet til generell marknad i Noreg.

For produkt gjeld makskravet summen av klimagassutslepp frå henting av råvare til produktet er ferdig produsert ved fabrikkport, A1-A3 i samsvar med EN 15804.

Ein tilrår at ein ikkje skildrar miljøkriteria berre i eit generelt kapittel i anskaffinga, men at kriteria og korleis dei skal oppfyllast blir inkluderte saman med mengd og andre funksjonskriterium for kvar spesifikk produktgruppe / saman med tekniske krav til dei ulike produkta og materialane.

EPD-Norge har laga ein video: EPD-Norge "EPD for Dummies".

Ønskjer du meir informasjonom kva ein EPD, kan du sjå EPD-Norge.

Brukarrettleiingar i korleis ein skal tolke EPD-ar for produktkategoriane nedanfor er tilgjengelege her.

  • Betongelement og fabrikkbetong

  • Byggjevarer

  • Bygningsplater

  • Isolasjon

  • Taktekking

  • Utandørs treprodukt

  • Vindauge

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Kva ein vel av byggjematerialar har ein stor innverknad på den totale miljøpåverknaden over levetida til bygget. Nokre bygningselement eller -materialar er viktigare for den totale miljøpåverknaden enn andre. Miljøpåverknadar som blant anna gir ein klimaeffekt oppstår ved produksjon, transport og avhending av materialane, og kan variere mykje mellom ulike materialtypar. Miljøpåverknaden kan òg i stor grad variere mellom same type materialar/produkt som til dømes er produsert med ulike teknologiar.

Argument

Der me veit det er store miljøpåverknader er det viktig å stille krav. For å kunne vurdere og samanlikne miljøpåverknaden til ulike materialar/produkt er det behov for god og samanliknbar dokumentasjon av miljøeigenskapane til produkta. Ein miljødeklarasjon (EPD, Environmental Product Declaration) er ein type III miljødeklarasjon i samsvar med ISO 14025. Ein EPD inneheld standardisert miljøinformasjon som gir eit godt grunnlag for å ta miljøriktige val, så lenge føresetnadene er dei same. Det gir òg dokumentasjon på andre miljøeffektar, som at bygget inneheld helse- og miljøfarlege stoff eller gir avgassing til inneklima.

Utforming av krav: 

Produkt og materialar i Tabell 4.23.2 skal dokumenterast med EPD eller tilsvarande miljødeklarasjon type III i samsvar med ISO 14025.

Ein skal nytte materialar og produkt med maksutslepp av klimagassar som spesifisert i Tabell 4.23.2. Utsleppskravet gjeld summen av klimagassutslepp for produktet frå råvare til fabrikkport (A1 – A3 i samsvar med EN15804).

Ein levert EPD eller tilsvarande miljømerke type III i samsvar med ISO 14025 for materialar og produkt i tabell 4.23.2, både med og utan utsleppskrav, blir nytta for å vurdere og dokumentere i klimagassrekneskapen i prosjektet. EPD blir òg nytta som dokumentasjon på emisjonar, fråvær av helse- og miljøfarlege stoff og annan miljøinformasjon.

Dokumentasjon som er levert skal godkjennast av den miljøansvarlege hjå totalentreprenøren seinast to veker før produktet skal nyttast, og eventuelt leverast i eit system som òg verifiserer at EPD-en er utarbeidd i samsvar med ISO 14025, EN 15804 eller tilsvarande, dekkjer eventuelle kravnivå og er gyldig på tidspunktet ein skaffar produkta.

Tabell 4.23.2 Produkt som skal ha miljødeklarasjon type III i samsvar med ISO 14025, (EPD) eller tilsvarande med oversikt over utsleppskrav der det er sett.
Materialar og produkt Dokumentasjon og oversikt over klimagassutslippskrav der det er satt (for råvare til fabrikkport, A1-A3 iht EN15804)
Betong B30 EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 200 kg CO2-ekvivalent/m3 betong.
Betong B35 EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 230 kg CO2-ekvivalent/m3 betong.
Betong B45 EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 240 kg CO2-ekvivalent/m3 betong.
Prefabrikkerte betongelement (slakkarmerte og forspente)

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 190 kg CO2-ekvivalent/tonn slakkarmert element.

Makskrav 250 kg CO2-ekvivalent/tonn forspent element/bjelke.

Konstruksjonsstål: valsa profilar (bla. H, I, L, U, T profilar) EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Skal bestå av minst 80 % resirkulert stål.
Konstruksjonsstål: hulprofilar EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Skal bestå av minst 20 % resirkulert stål.
Armeringsstål EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 0,6 kg CO2-ekvivalent/kg armeringsstål.
Vindauge

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.

Makskrav 160 kg CO2-ekvivalent/vindauge (mål: 1,23 m x 1,48 m, 60 år).
Isolasjon: Mineralull i stenderverk og bjelkelag

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.

Makskrav 1,5 kg CO2-ekv/m2 isolasjon med R=1.
Isolasjon: EPS

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.

Makskrav 2,5 kg CO2-ekvivalent/m2 isolasjon med R=1.
Isolasjon: XPS

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.

Makskrav 5,0 kg CO2-ekvivalent/m2 isolasjon med R=1.
Alle innvendige bygningsplater EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 3,0 kg CO2-ekvivalent/m2 plate.

Ved ein kompleks konstruksjon og når ein set saman ulike materialtypar kan det vere tilfelle der somme produkt ikkje innfrir utsleppskrava på produktnivå som gitt i tabell 4.23.2. Ein kan nytte slike produkt dersom ein kan dokumentere at dei samla klimagassutsleppa for bygget blir lågare ved å nytte desse produkta enn ved å innfri alle krava på produktnivå. Val av produkt skal i slike tilfelle takast på byggnivå og ikkje på produktnivå (ref. kriteria «Klimagassrekneskap» og «Utrekning av klimagassar (LCA-vurderingar) for utvalde materialelement»).

 

Informasjon om kravet: 

EPD må som minstekrav innehalde desse livslaupsstadia:

  • A1-A3: Råvareuttak-fabrikkport (ferdig produsert)

  • A4: Transport av produktet til byggjeplass eller standard transport av produktet til generell marknad i Noreg.

For produkt gjeld makskravet summen av klimagassutslepp frå henting av råvare til produktet er ferdig produsert ved fabrikkport, A1-A3 i samsvar med EN 15804.

Ein tilrår at ein ikkje skildrar miljøkriteria berre i eit generelt kapittel i anskaffinga, men at kriteria og korleis dei skal oppfyllast blir inkluderte saman med mengd og andre funksjonskriterium for kvar spesifikk produktgruppe / saman med tekniske krav til dei ulike produkta og materialane.

EPD-Norge har laga ein video: EPD-Norge "EPD for Dummies".

Ønskjer du meir informasjonom kva ein EPD, kan du sjå EPD-Norge.

Brukarrettleiingar i korleis ein skal tolke EPD-ar for produktkategoriane nedanfor er tilgjengelege her.

  • Betongelement og fabrikkbetong

  • Byggjevarer

  • Bygningsplater

  • Isolasjon

  • Taktekking

  • Utandørs treprodukt

  • Vindauge

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 07. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019