Miljødokumentasjon og miljøkrav til byggjematerialar

Grupper: 
  • Prosjektering
Kategori: 
  • Materialar

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Kva ein vel av byggjematerialar har ein stor innverknad på den totale miljøpåverknaden over levetida til bygget. Nokre bygningselement eller -materialar er viktigare for den totale miljøpåverknaden enn andre. Miljøpåverknadar som blant anna gir ein klimaeffekt oppstår ved produksjon, transport og avhending av materialane, og kan variere mykje mellom ulike materialtypar. Miljøpåverknaden kan òg i stor grad variere mellom same type materialar/produkt som til dømes er produsert med ulike teknologiar.

Argument

Der me veit det er store miljøpåverknader er det viktig å stille krav. For å kunne vurdere og samanlikne miljøpåverknaden til ulike materialar/produkt er det behov for god og samanliknbar dokumentasjon av miljøeigenskapane til produkta. Ein miljødeklarasjon (EPD, Environmental Product Declaration) er ein type III miljødeklarasjon i samsvar med ISO 14025. Ein EPD inneheld standardisert miljøinformasjon som gir eit godt grunnlag for å ta miljøriktige val, så lenge føresetnadene er dei same. Det gir òg dokumentasjon på andre miljøeffektar, som at bygget inneheld helse- og miljøfarlege stoff eller gir avgassing til inneklima.

Utforming av krav: 

Materialar og produkt spesifiserte i Tabell 4.23.1, skal innfri utsleppskrava i tabellen. Det skal dokumenterast i kontraktsgjennomføringa med EPD eller tilsvarande miljømerke type III i samsvar med ISO 14025.

Utsleppskravet i Tabell 4.23.1. gjeld summen av klimagassutslepp for produktet frå råvare til fabrikkport (A1 – A3 i samsvar med EN15804).

Ein levert EPD for materialar og produkt i tabell 4.23.1 blir nytta for å vurdere og dokumentere miljøbelastingar i rekneskapen for klimagass i prosjektet. EPD blir òg nytta som dokumentasjon på emisjonar, fråvær av helse- og miljøfarlege stoff og annan miljøinformasjon.

For produkt med krav til maksimalt utslepp av klimagassar vert summen for produktet rekna ut, frå råvare til fabrikkport (A1 – A3 i samsvar med EN15804). EPD og miljømerke type III utført i samsvar med ISO 14025, ISO 21930 og/eller EN 15804 blir akseptert.

Dersom det pga. kostnad eller framdrift ikkje er mogleg å oppfylle krava til maksutslepp av klimagassar for enkelte produkt, skal unntak godkjennast av prosjektleiaren. Dette skal ein melde inn som avvik i avvikssystemet i prosjektet. Nyttar ein ikkje-godkjende produkt, skal byggherren godkjenne det.

Tabell 4.23.1: Produkt som skal ha miljødeklarasjon type III i samsvar med ISO 14025, (EPD) eller tilsvarande med oversikt over utsleppskrav der det er sett.
Materialar og produkt Dokumentasjon og oversikt over klimagassutslippskrav der det er satt (for råvare til fabrikkport, A1-A3 iht EN15804)
Betong B30 EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 280 kg CO2-ekvivalent/m3 betong.
Betong B35 EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 350 kg CO2-ekvivalent/m3 betong.
Betong B45 EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 360 kg CO2-ekvivalent/m3 betong.
Prefabrikkerte betongelement (slakkarmerte og forspente)

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 190 kg CO2-ekvivalent/tonn slakkarmert element.

Makskrav 250 kg CO2-ekvivalent/tonn forspent element/bjelke.

Konstruksjonsstål: valsa profilar (bla. H, I, L, U, T profilar) EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Skal bestå av minst 80 % resirkulert stål.
Konstruksjonsstål: hulprofilar EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Skal bestå av minst 20 % resirkulert stål.
Armeringsstål EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 0,6 kg CO2-ekvivalent/kg armeringsstål.
Isolasjon: Mineralull i stenderverk og bjelkelag

Makskrav 1,5 kg CO2-ekv/m2 isolasjon med R=1
Alle innvendige bygningsplater EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 3,0 kg CO2-ekvivalent/m2 plate.

Ved ein kompleks konstruksjon og når ein set saman ulike materialtypar kan det vere tilfelle der somme produkt ikkje innfrir utsleppskrava på produktnivå som gitt i tabell 4.23.1. Ein kan nytte slike produkt dersom ein kan dokumentere at dei samla klimagassutsleppa for bygget blir lågare ved å nytte desse produkta enn ved å innfri alle krava på produktnivå. Val av produkt skal i slike tilfelle takast på byggnivå og ikkje på produktnivå (ref.  "Klimagassrekneskap" og "Utrekning av klimagassar (LCA-vurderingar) for utvalde materialelement)".

Informasjon om kravet: 

Utslepp av klimagassar for materialar og produkt er dokumenterte i miljødeklarasjonar (EPD) eller tilsvarande miljødeklarasjon type III.

EPD-Norge har laga ein informasjonsvideo: EPD-Norge "EPD for Dummies".

Ønskjer du meir informasjon om kva ein EPD er, kan du sjå EPD-Norge.

Brukarrettleiingar i korleis ein skal tolke EPD-ar for produktkategoriane nedanfor er tilgjengeleg via EPD-Norge.

  • Betongelement og fabrikkbetong

  • Byggjevarer

  • Bygningsplater

  • Isolasjon

  • Taktekking

  • Utandørs treprodukt

  • Vindauge

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Kva ein vel av byggjematerialar har ein stor innverknad på den totale miljøpåverknaden over levetida til bygget. Nokre bygningselement eller -materialar er viktigare for den totale miljøpåverknaden enn andre. Miljøpåverknadar som blant anna gir ein klimaeffekt oppstår ved produksjon, transport og avhending av materialane, og kan variere mykje mellom ulike materialtypar. Miljøpåverknaden kan òg i stor grad variere mellom same type materialar/produkt som til dømes er produsert med ulike teknologiar.

Argument

Der me veit det er store miljøpåverknader er det viktig å stille krav. For å kunne vurdere og samanlikne miljøpåverknaden til ulike materialar/produkt er det behov for god og samanliknbar dokumentasjon av miljøeigenskapane til produkta. Ein miljødeklarasjon (EPD, Environmental Product Declaration) er ein type III miljødeklarasjon i samsvar med ISO 14025. Ein EPD inneheld standardisert miljøinformasjon som gir eit godt grunnlag for å ta miljøriktige val, så lenge føresetnadene er dei same. Det gir òg dokumentasjon på andre miljøeffektar, som at bygget inneheld helse- og miljøfarlege stoff eller gir avgassing til inneklima.

Utforming av krav: 

For materialar og produkt i prosjektet. Er spesifiserast i Tabell 4.23.2 og skal innfri utsleppskrava i tabellen. Det skal dokumenterast i kontraktsgjennomføringa med EPD eller tilsvarande miljødeklarasjon type III i samsvar med ISO 14025.

Utsleppskravet i Tabell 4.23.2. gjeld summen av klimagassutslepp for produktet frå råvare til fabrikkport (A1 – A3 i samsvar med EN15804).

Ein levert EPD for materialar og produkt i tabell 4.23.2 blir nytta for å vurdere og dokumentere miljøbelastingar i rekneskapen for klimagass i prosjektet. EPD blir òg nytta som dokumentasjon på emisjonar, fråvær av helse- og miljøfarlege stoff og annan miljøinformasjon.

Dersom det pga. kostnad eller framdrift ikkje er mogleg å oppfylle krava til maksutslepp av klimagassar for enkelte produkt, skal unntak godkjennast av prosjektleiaren. Dette skal ein melde inn som avvik i avvikssystemet i prosjektet. Nyttar ein ikkje-godkjende produkt, skal byggherren godkjenne det.

Tabell 4.23.2 Produkt som skal ha miljødeklarasjon type III i samsvar med ISO 14025, (EPD) eller tilsvarande med oversikt over utsleppskrav der det er sett.
Materialar og produkt Dokumentasjon og oversikt over klimagassutslippskrav der det er satt (for råvare til fabrikkport, A1-A3 iht EN15804)
Betong B30 EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 200 kg CO2-ekvivalent/m3 betong.
Betong B35 EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 230 kg CO2-ekvivalent/m3 betong.
Betong B45 EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 240 kg CO2-ekvivalent/m3 betong.
Prefabrikkerte betongelement (slakkarmerte og forspente)

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 190 kg CO2-ekvivalent/tonn slakkarmert element.

Makskrav 250 kg CO2-ekvivalent/tonn forspent element/bjelke.

Konstruksjonsstål: valsa profilar (bla. H, I, L, U, T profilar) EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Skal bestå av minst 80 % resirkulert stål.
Konstruksjonsstål: hulprofilar EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Skal bestå av minst 20 % resirkulert stål.
Armeringsstål EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 0,6 kg CO2-ekvivalent/kg armeringsstål.
Vindauge

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.

Makskrav 160 kg CO2-ekvivalent/vindauge (mål: 1,23 m x 1,48 m, 60 år).
Isolasjon: Mineralull i stenderverk og bjelkelag

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.

Makskrav 1,5 kg CO2-ekv/m2 isolasjon med R=1.
Isolasjon: EPS

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.

Makskrav 2,5 kg CO2-ekvivalent/m2 isolasjon med R=1.
Isolasjon: XPS

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.

Makskrav 5,0 kg CO2-ekvivalent/m2 isolasjon med R=1.
Alle innvendige bygningsplater EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 3,0 kg CO2-ekvivalent/m2 plate.

Ved ein kompleks konstruksjon og når ein set saman ulike materialtypar kan det vere tilfelle der somme produkt ikkje innfrir utsleppskrava på produktnivå som gitt i tabell 4.23.2. Ein kan nytte slike produkt dersom ein kan dokumentere at dei samla klimagassutsleppa for bygget blir lågare ved å nytte desse produkta enn ved å innfri alle krava på produktnivå. Val av produkt skal i slike tilfelle takast på byggnivå og ikkje på produktnivå (ref. kriteria «Klimagassrekneskap og "Utrekning av klimagassar (LCA-vurderingar) for utvalde materialelement»).

Informasjon om kravet: 

Utslepp av klimagassar for materialar og produkt er dokumenterte i miljødeklarasjonar (EPD) eller tilsvarande miljødeklarasjon type III.

EPD-Norge har laga ein informasjonsvideo: EPD-Norge "EPD for Dummies".

Ønskjer du meir informasjon om kva ein EPD er, kan du sjå EPD-Norge.

Brukarrettleiingar i korleis ein skal tolke EPD-ar for produktkategoriane nedanfor er tilgjengeleg via EPD-Norge.

  • Betongelement og fabrikkbetong

  • Byggjevarer

  • Bygningsplater

  • Isolasjon

  • Taktekking

  • Utandørs treprodukt

  • Vindauge

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 07. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019