Miljødokumentasjon og miljøkrav til materialar

Grupper: 
  • Prosjektering
Kategori: 
  • Materialar

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Val av byggjemateriale har stor innverknad på den totale miljøpåverknaden frå anlegget over levetida. Nokre element eller materiale er viktigare for den totale miljøpåverknaden enn andre. Miljøpåverknad som blant anna gjev ein klimaeffekt oppstår i produksjon, transport og avhending av materiala, og kan variere mykje mellom ulike materialtypar. Miljøpåverknaden kan også i stor grad variere mellom same type materiale/produkt som til dømes er produsert med ulike teknologiar.

Der vi veit det er store miljøpåverknader, er det viktig å stille krav. For å kunne vurdere og samanlikne miljøpåverknaden til ulike materiale/produkt er det behov for god og samanliknbar dokumentasjon av miljøeigenskapane til produkta.  Ein miljødeklarasjon (EPD, Environmental Product Declaration) er ein type III miljødeklarasjon i samsvar med ISO 14025. Ein EPD inneheld standardisert miljøinformasjon som gjev eit godt grunnlag for å gjere miljøriktige val. Den gjev også dokumentasjon på om materialet inneheld helse- og miljøfarlege stoff.

Utforming av krav: 

Prosjekterte løysingar skal leggje til rette for at utsleppskrava til materiale og produkt spesifiserte i tabell 1 blir haldne. Dette skal dokumenterast i kontraktsgjennomføringa med EPD eller tilsvarande miljømerke type III i samsvar med ISO 14025.

Utsleppskravet i tabellen gjeld summen av klimagassutslepp for produktet frå råvare til fabrikkport (A1 – A3 i samsvar med EN15804). Levert EPD eller tilsvarande miljømerke type III i samsvar med ISO 14025 for materiale og produkt i tabellen blir brukt for å vurdere og dokumentere miljøbelastningar i klimagassrekneskapen for prosjektet. EPD blir i tillegg brukt som dokumentasjon på emisjonar, fråvære av helse- og miljøfarlege stoff og annan miljøinformasjon.

Dersom det pga. kostnad eller framdrift ikkje er mogleg å oppfylle krav til maks utslepp av klimagassar for einskilde produkt, skal unntak godkjennast av prosjektleiar. Dette skal meldast inn som avvik i avvikssystemet for prosjektet. Ved bruk av ikkje-godkjende produkt, skal byggherre godkjenne dette.

Tabell 1: Produkt som skal ha miljødeklarasjon type III i samsvar med ISO 14025, (EPD) eller tilsvarande med oversikt over utsleppskrav der det er sett.

Materiale og produkt

Dokumentasjon og oversikt over klimagassutsleppskrav der det er sett (for råvare til fabrikkport, A1-A3 i samsvar med EN15804)

Betong, alle trykkfastleikar

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.

Makskrav i samsvar med grenseverdiane for Lågkarbon B som følgjer av den til kvar tid gjeldande utgåva av Norsk Betongforenings publikasjon nr. 37

Konstruksjonsstål: Opne profilar (t.d. H-profil)

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.

Makskrav 2,1 kg CO2-ekv/kg.
Skal bestå av minst 40 % resirkulert stål

Konstruksjonsstål: holprofilar

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.

Makskrav 3,6 kg CO2-ekv/kg.
Skal bestå av minst 20 % resirkulert stål

Armeringsstål, slakkarmering

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 0,5 kg CO2-ekv/kg armeringsstål

Armeringsstål, spennarmering

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 3,0 kg CO2-ekv/kg armeringsstål

Stålpålar og stålspunt

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.

Makskrav 1,1 kg CO2/kg stål

Ved ein kompleks konstruksjon og ved samansetning av ulike materialtypar kan det vere tilfelle der einskilde produkt ikkje tilfredsstiller utsleppskrav på produktnivå som gjevne itabellen. Leverandør kan fråvike krav til klimagassutslepp dersom dei kan vise det at totale klimagassutsleppet for anleggsprosjektet blir lågare ved å nytte desse produkta enn ved å tilfredsstille alle krava på produktnivå.

Det er berre tillate bruk av trevirke frå dokumentert berekraftig skogsdrift, sertifisert etter PEFC- eller FSC-standardane. Bruk av tropisk trevirke skal ikkje førekome. Dette gjeld også miljøsertifisert tropisk tømmer. Dokumentasjon på bruk av sertifisert berekraftig trevirke og fråvære av tropisk trevirke skal leverast frå leverandør.

Dokumentasjon av kravet: 

EPD eller miljømerke type III utført i samsvar med ISO 14025, ISO 21930 og/eller EN 15804.

Dokumentasjon på bruk av sertifisert berekraftig trevirke og fråvære av tropisk trevirke.

Informasjon om kravet: 

Utslepp av klimagassar for materiale og produkt er dokumentert i miljødeklarasjonar (EPD) eller tilsvarande miljødeklarasjon type III. For meir informasjon om EPD-ar og skildring, sjå EPD-Norge sine heimesider.

For produkt gjeld makskravet summen av klimagassutslepp frå råvareuttak til produktet er ferdigprodusert ved fabrikkport, A1-A3 i samsvar med EN 15804.

Det er tilrådd at miljøkriteria ikkje berre blir skildra i eit generelt kapittel i konkurransedokumenta, men at kriteria og korleis dei skal oppfyllast, blir inkluderte saman med mengd og andre funksjonskriterium for kvar spesifikk produktgruppe / saman med tekniske krav til dei ulike produkta og materiala.

Bruksrettleiingar i korleis tolke EPD-ar for følgjande produktkategoriar er tilgjengelege via EPD-Norge.

Vi tilrår at du har dialog med marknaden dersom du ønskjer å bruke høge delar resirkulering, då det kan vere variasjonar i kva for materiale med resirkulerte delar som er tilgjengelege.

Utsleppskrava i tabellane vil oppdaterast i takt med marknadsutviklinga.

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Val av byggjemateriale har stor innverknad på den totale miljøpåverknaden frå anlegget over levetida. Nokre element eller materiale er viktigare for den totale miljøpåverknaden enn andre. Miljøpåverknad som blant anna gjev ein klimaeffekt oppstår i produksjon, transport og avhending av materiala, og kan variere mykje mellom ulike materialtypar. Miljøpåverknaden kan også i stor grad variere mellom same type materiale/produkt som til dømes er produsert med ulike teknologiar.

Der vi veit det er store miljøpåverknader, er det viktig å stille krav. For å kunne vurdere og samanlikne miljøpåverknaden til ulike materiale/produkt er det behov for god og samanliknbar dokumentasjon av miljøeigenskapane til produkta.  Ein miljødeklarasjon (EPD, Environmental Product Declaration) er ein type III miljødeklarasjon i samsvar med ISO 14025. Ein EPD inneheld standardisert miljøinformasjon som gjev eit godt grunnlag for å gjere miljøriktige val. Den gjev også dokumentasjon på om materialet inneheld helse- og miljøfarlege stoff.

Utforming av krav: 

Materiale og produkt spesifiserte i tabell 2, skal tilfredsstille utsleppskrava i tabellen. Dette skal dokumenterast i kontraktsgjennomføringa med EPD eller tilsvarande miljømerke type III i samsvar med ISO 14025.

Utsleppskravet i tabellen gjeld summen av klimagassutslepp for produktet frå råvare til fabrikkport (A1 – A3 i samsvar med EN15804).

I tillegg skal klimagassutslepp frå transport frå fabrikkport til anleggsplass (A4) for materiale og produkt i tabellen inkluderast. For A4 skal det leggjast fram EPD eller tilsvarande miljømerke type III i samsvar med ISO 14025, eller ei detaljert berekning basert på transportmåte.

Levert EPD eller tilsvarande miljømerke type III i samsvar med ISO 14025 for materiale og produkt i tabellen, blir brukt for å vurdere og dokumentere miljøbelastningar i klimagassrekneskapen for prosjektet. EPD blir i tillegg brukt som dokumentasjon på emisjonar, fråvære av helse- og miljøfarlege stoff og annan miljøinformasjon.

Dersom det pga. kostnad eller framdrift ikkje er mogleg å oppfylle krav til maks utslepp av klimagassar for einskilde produkt, skal unntak godkjennast av prosjektleiar. Dette skal meldast inn som avvik i avvikssystemet for prosjektet. Ved bruk av ikkje-godkjende produkt, skal byggherre godkjenne dette.

Tabell 2: Produkt som skal ha miljødeklarasjon type III i samsvar med ISO 14025, (EPD eller tilsvarande med oversikt over utsleppskrav der det er sett.

Materiale og produkt

Dokumentasjon og oversikt over klimagassutsleppskrav der det er sett (for råvare til fabrikkport, A1-A3 i samsvar med EN15804)

Betong, alle trykkfastleikar

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjon type III. Makskrav i samsvar med grenseverdiane for Lågkarbon A som følgjer av NB37 (den til kvar tid gjeldande utgåva av Norsk Betongforenings publikasjon nr. 37)

Prefabrikkerte betongelement (slakkarmerte og førespente)

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Minimumskrav Lågkarbonbetong klasse B i samsvar med NB 37.

Konstruksjonsstål: Opne profilar (t.d. H-profil) og oppsveisa stålprofilar (bjelkar og søyler. Stålpålar

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 3,0 kg CO2-ekv/kg stål

Konstruksjonsstål: holprofilar

 EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
 Makskrav 3,0 kg CO2-ekv/kg stål

Armeringsstål, slakkarmering

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
Makskrav 0,5 kg CO2-ekv/kg armeringsstål.

Armeringsstål. spennarmering

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.
 Makskrav 2,5 kg CO2-ekv/kg armeringsstål

Stålpålar og stålspunt

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.

Makskrav 1,1 kg CO2/kg stål

Isolasjon: XPS

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.

Makskrav 5,0 kg CO2-ekv/m2 isolasjon med R=1

Asfalt, massar utan PMB

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.

Makskrav 50 kg CO2-ekv/tonn asfalt -

Asfalt, massar med PMB

EPD eller tilsvarande miljødeklarasjonar type III.

Makskrav 65 kg CO2-ekv/tonn asfalt

Ved ein kompleks konstruksjon og ved samansetning av ulike materialtypar kan det vere tilfelle der einskilde produkt ikkje tilfredsstiller utsleppskrav på produktnivå som gjevne i tabellen. Leverandør kan fråvike krav til klimagassutslepp dersom dei kan vise at det totale klimagassutsleppet for anleggsprosjektet blir lågare ved å nytte desse produkta enn ved å tilfredsstille alle krava på produktnivå.

Det er berre tillate bruk av trevirke frå dokumentert berekraftig skogsdrift, sertifisert etter PEFC- eller FSC-standardane. Bruk av tropisk trevirke skal ikkje førekome. Dette gjeld også miljøsertifisert tropisk tømmer.

Dokumentasjon av kravet: 

EPD eller miljømerke type III i samsvar med ISO 14025, ISO 21930 og/eller EN 15804.

Dokumentasjon på bruk av sertifisert berekraftig trevirke og fråvære av tropisk trevirke.

Informasjon om kravet: 

Utslepp av klimagassar for materiale og produkt er dokumentert i miljødeklarasjonar (EPD) eller tilsvarande miljødeklarasjon type III. For meir informasjon om EPD-ar og skildring, sjå EPD-Norge sine heimesider.

For produkt gjeld makskravet summen av klimagassutslepp frå råvareuttak til produktet er ferdigprodusert ved fabrikkport, A1-A3 i samsvar med EN 15804.

Det er tilrådd at miljøkriteria ikkje berre blir skildra i eit generelt kapittel i konkurransedokumenta, men at kriteria og korleis dei skal oppfyllast, blir inkluderte saman med mengd og andre funksjonskriterium for kvar spesifikk produktgruppe / saman med tekniske krav til dei ulike produkta og materiala.

Bruksrettleiingar i korleis tolke EPD-ar for følgjande produktkategoriar er tilgjengelege via EPD-Norge.

Vi tilrår at du har dialog med marknaden dersom du ønskjer å bruke høge delar resirkulering, då det kan vere variasjonar i kva for materiale med resirkulerte delar som er tilgjengelege.

Utsleppskrava i tabellane vil oppdaterast i takt med marknadsutviklinga.

Kriterierelasjoner og konflikter: 

Klimagassberegninger for prosjektet

Konflikt kriterium

Dette kravet skal ikkje brukast saman med kravet til klimagassberekningar.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 24. nov 2020, Sist endra: 18. jan 2021