Miljøkompetanse hjå leiinga på byggjeplassen

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Rigg og drift

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Kvalifikasjonskrav

Hovudføremål: 

Motiv

Dersom byggherren har høge miljøambisjonar og vil nå resultat er det viktig at leiinga på byggjeplassen er rigga for å vareta miljø i prosjekta. Viss byggherren har høge ambisjonar i eitt eller fleire miljøtema, kan det difor vere behov for at leverandøren har særskild kompetanse, for å realisere målsetjingane på ein god og effektiv måte.

Argument

Å stille krav til at leverandøren har kompetanse innan eit eller fleire miljøtema bidreg til at leverandøren har betre forståing for miljøambisjonane i prosjektet, og det blir då meir sannsynleg at miljøambisjonane blir betre varetekne i utføringa.

Utforming av krav: 

Leiinga på byggjeplassen omfattar som eit minimum rollane prosjektleiar, anleggsleiar og prosjekteringsgruppeleiing (PGL) hjå entreprenøren.

I leiinga på byggjeplassen skal leverandøren ha kompetanse og erfaring i å ta hand om dei følgjande miljøtemaa i relevante byggjeprosjekt.

Døme på miljøtema:

  • LCC

  • Miljøprogram

  • Inneklima

  • Uteareal og økologi

 

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal levere ei kort skildring av kompetanse og erfaring i leiinga på byggjeplassen og korleis miljøomsyn blei varetekne under 1-3 relevante prosjekt som leverandøren har gjennomført dei siste 5 åra, og kvifor desse er relevante, sjå mal.

Tabell 1: Mal for å dokumentere referanseprosjekt. Skal fyllast ut for alle dei 3 spesifiserte rollene som har hatt relevant erfaring og kompetanse på miljø.

Referanseprosjekt nr.

Prosjektnamn og oppdragsgivar for prosjektet Tidsperiode for oppdraget Storleiken på prosjektet (BTA) Entreprisekost (NOK)

Relevansen til prosjektet

Prosjekt der prosjektleiaren hjå entreprenøren har hatt relevant erfaring og kompetanse på miljø.

1          
2          
3          

Prosjekt der anleggsleiaren hjå entreprenøren har hatt relevant erfaring og kompetanse på miljø.

1          
2          
3          

Prosjekt der prosjekteringsgruppeleiinga (PGL) har hatt relevant erfaring og kompetanse på miljø.

1          
2          
3          
Informasjon om kravet: 

Krava for å bli kvalifisert blir vurderte. Difi rår til at du undersøkjer med marknaden kor høgt krav du kan ha, for å få ein god konkurranse. Tildelingskriterium med miljøkompetanse hjå tilbydd personell kan nyttast for å få konkurranse på den rette miljøkompetansen i dei ressursane som blir tilbydd.

Dersom marknaden er umoden på eit område kan det til dømes vere tenleg å la leverandøren få hente inn kompetansen ein ønskjer innan eitt eller fleire miljøtema i form av utdanning/kurs etter konkurransen som eit kontraktskrav. Viss du ikkje veit om marknaden kan levere den kompetansen, bør du undersøkje det gjennom marknadsdialog. Om det er tilstrekkeleg kompetanse i marknaden kan dette gjerast i tildelingskriteria eller kvalifikasjonskrava. Dersom du gjennom ein dialog med marknaden det er snakk om finn ut at det ikkje er bygd eit einaste passivhus i området og det ikkje finst noko firma i nærleiken som har denne kompetansen, kan det vere fornuftig å ta det som eit kontraktskrav.

Kravet og dei valde temaa må knytast opp mot miljømåla/ambisjonane i prosjektet. Desse retningslinene blir lagt i tidlegfasen i prosjektet og bør vere klare seinast under skisseprosjektfasen.

Emna som er valt må òg hengje saman med kriteria som finst elles i prosjektet. Dersom det til dømes blir stilt krav om reduksjon av klimagassutslepp bør du vurdere å stille krav til kompetanse og erfaring i det hjå leverandøren.

 

Relaterte lenkjer: 

Støttande dokument/referansar

Publisert: 06. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019