Miljøkompetanse hjå tilbydd personell

Grupper: 
  • Prosjektering
Kategori: 
  • Leiing

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Motiv

For å lukkast med miljøambisjonane til eit prosjekt med ambisjonsnivå som går ut over krava i føresegnene er det naudsynt at det finst tilstrekkeleg kompetanse i prosjektet til å ta hand om krava ein stiller til miljø.

Argument

Dersom du har miljøambisjonar i prosjektet, kan det vere naudsynt å sikre kompetansen som bidreg til å realisere målsetjingane dine på ein god måte. 

Utforming av krav: 

Leverandøren forpliktar seg til at krava til kompetanse skal liggje føre i prosjektet før <prosjektoppstart> eller <seinast X veker etter kontrakten er inngått>. Før kunngjering bør oppdragsgjevar fastsetja kva personar, kor mange og kva for nokre roller dei ønskjer. 

Leverandøren forpliktar seg til å ha ein prosjekteringsgruppeleiar og arkitekt med minst tre år med relevant erfaring dei siste fem åra, og minst 3 års relevant utdanning (tilsvarande bachelorfor dei temaa som er viktigast for å bidra til å nå prosjektmåla. 

Døme på miljøtema:

  • LCC

  • Miljøprogram

  • Inneklima

  • Uteareal og økologi

 

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren forpliktar seg til å dokumentere personell med kompetanse innan dei nemnde temaa og lengdene innan x veker etter kontraktsinngåing. Kompetanse skal dokumenterast med CV-ar som dokumenterer utdanning. Fyll ut relevant erfaring i Tabell 1: Mal for kompetansedokumentasjon.

Tabell 1: Mal for dokumentasjon av kompetanse
  Tema Utdanning/kurs/prosjekterfaring Skildring av relevansen
Namn <plukkliste>

Namn på utdanning og tittel

Kurs – tittel, lengd, kursansvarleg

Prosjekt: prosjektnamn, lengd, omfang, referanseperson hjå oppdragsgivar med kontaktinformasjon
Kort skildring

Det bør kontraktsregulerast at oppdragsgivaren kan nekte å godkjenne ein tilbydd person dersom det er sakleg grunn (særleg manglande kompetanse/erfaring).

 

Informasjon om kravet: 

Du kan nytte dette kontraktskravet om du er usikker på om marknaden kan levere den kompetansen du vil ha. Då kan leverandøren få kompetansen på plass etter val av tilbydar. Kva for personar, kor mange og kva roller bør avgjerast av oppdragsgivaren før kunngjering

Dersom marknaden er umoden på eit område/tema kan det vere tenleg å la leverandøren få hente inn den kompetansen etter konkurransen. Viss det er tilstrekkeleg kompetanse i marknaden kan dette gjerast i tildeling eller kvalifikasjon.

I konkurransegrunnlaget må du fylle inn tida marknaden treng for å få kontraktsvilkåra på plass. Du må ha hatt dialog om det på førehand, då det kan vere at leverandøren må tilsetje ein person for å fylle den rolla, ev. auke kompetansen til eksisterande personell.

Kravet og dei valde temaa må knytast opp mot miljømåla/ambisjonane i prosjektet og dei andre kriteria som vert valde, og du bør vere sikker på at du ønskjer å hente inn denne kompetansen. Difor bør du la vere å velje alle punkta kvar gong.

 

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Motiv

For å lukkast med miljøambisjonane til eit prosjekt med ambisjonsnivå som går ut over krava i føresegnene er det naudsynt at det finst tilstrekkeleg kompetanse i prosjektet til å ta hand om krava ein stiller til miljø.

Argument

Dersom du har miljøambisjonar i prosjektet, kan det vere naudsynt å sikre kompetansen som bidreg til å realisere målsetjingane dine på ein god måte. 

Utforming av krav: 

Leverandøren forpliktar seg til at krava til kompetanse skal liggje føre i prosjektet før <prosjektoppstart> eller <seinast X veker etter kontrakten er inngått>. Før kunngjering bør oppdragsgjevar fastsetja kva personar, kor mange og kva for nokre roller dei ønskjer.

Leverandøren forpliktar seg til å ha ein prosjekteringsgruppeleiar og arkitekt med minst fem år med relevant erfaring dei siste sju åra, og minst 5 års relevant utdanning (tilsvarande master) for dei temaa som er viktigast for å bidra til å nå prosjektmåla.

Døme på miljøtema:

  • LCC

  • Miljøprogram

  • Inneklima

  • Uteareal og økologi

 

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren forpliktar seg til å dokumentere personell med kompetanse innan dei nemnde temaa og lengdene innan x veker etter kontraktsinngåing. Kompetanse skal dokumenterast med CV-ar som dokumenterer utdanning. Fyll ut relevant erfaring i Tabell 1: Mal for kompetansedokumentasjon.

Tabell 1: Mal for dokumentasjon av kompetanse
  Tema Utdanning/kurs/prosjekterfaring Skildring av relevansen
Namn <plukkliste>

Namn på utdanning og tittel

Kurs – tittel, lengd, kursansvarleg

Prosjekt: prosjektnamn, lengd, omfang, referanseperson hjå oppdragsgivar med kontaktinformasjon
Kort skildring

 

Det bør kontraktsregulerast at oppdragsgivaren kan nekte å godkjenne ein tilbydd person dersom det er sakleg grunn (særleg manglande kompetanse/erfaring).

 

Informasjon om kravet: 

Du kan nytte dette kontraktskravet om du er usikker på om marknaden kan levere den kompetansen du vil ha. Då kan leverandøren få kompetansen på plass etter val av tilbydar. Kva for personar, kor mange og kva roller bør avgjerast av oppdragsgivaren før kunngjering

Dersom marknaden er umoden på eit område/tema kan det vere tenleg å la leverandøren få hente inn den kompetansen etter konkurransen. Viss det er tilstrekkeleg kompetanse i marknaden kan dette gjerast i tildeling eller kvalifikasjon.

I konkurransegrunnlaget må du fylle inn tida marknaden treng for å få kontraktsvilkåra på plass. Du må ha hatt dialog om det på førehand, då det kan vere at leverandøren må tilsetje ein person for å fylle den rolla, ev. auke kompetansen til eksisterande personell.

Kravet og dei valde temaa må knytast opp mot miljømåla/ambisjonane i prosjektet og dei andre kriteria som vert valde, og du bør vere sikker på at du ønskjer å hente inn denne kompetansen. Difor bør du la vere å velje alle punkta kvar gong.

 

Publisert: 06. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019