Miljøkoordinaor sin eignaheit for prosjektet

Grupper: 
  • Prosjektering
Kategori: 
  • Leiing

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Tildelingskriterium

Hovudføremål: 

Motiv

Dersom du som byggherre har særskilde ambisjonar i eitt eller fleire miljøtema kan det vere naudsynt å få inn riktig kompetanse i prosjektet for å realisere målsetjingane dine. Av røynsle er det ein risiko for at miljøambisjonar blir lagt mindre vekt på etter kvart som prosjektet blir utvikla til konkrete løysingar og det totale kostnadsbiletet kjem på plass. Tidspress er òg ein nøkkelfaktor for at oppfølginga av miljøambisjonar kan bli forsømt under prosjektet.

Argument

Ved å bruke kvaliteten på den tilbydde kompetansen som tildelingskriterium, kan du la marknaden konkurrere på å tilby deg ein nøkkelperson med god kompetanse på viktige område du har valt.

Ein miljøkoordinator er med på å sikre at miljømåla i prosjektet blir tatt hand om. Miljøkoordinatoren samordnar miljøarbeidet og har eit overordna ansvar for å koordinere og følgje opp miljøambisjonane i prosjekteringa. Dersom du nyttar ein miljøkoordinator med kompetansen du ønskjer, er det meir sannsynleg at du når måla og oppnår suksess. Miljøkoordinatoren kompenserer òg for manglande kompetanse hjå byggherren.

Utforming av krav: 

Det blir lagt vekt på kor eigna den tilbydde miljøkoordinatoren er for prosjektet. Med eigna meiner vi relevant utdanning, rolle og erfaring for å bidra til å nå prosjektmåla, og evne til å vurdere ulike risikoar i prosjektet. Erfaring kan kompensere noko for utdanning,.  Rolla, erfaringa og utdanninga til koordinatoren innan ulike tema vil bli vurdert. For å få utteljing her må det vere minst 3 års relevant utdanning (tilsvarande bachelor) for dei temaa som er viktigast for å nå måla i prosjektet.

Døme på miljøtema:

  • LCC
  • Miljøkoordinator
  • Miljøprogram og miljøoppfølgingsplan
  • Energi: Prosjektering av passivhus, fornybar energi
  • Klimagassrekneskap
  • Materialval/ressursbruk

    Dokumentasjon av kravet: 

    Tilbydar blir beden om å fylle ut mal for CV for:

    • Formalutdanning
    • Arbeidserfaring
    • Miljørelevante sertifiseringar og kurs

    Med relevant utdanning meiner vi fullført utdanning innan det oppgitte temaet. Relevant erfaring og kurs kan kompensere noko for utdanning. Det vil gi meir utteljing om miljøkoordinatoren har kompetanse/erfaring på miljømål i prosjektet enn andre miljømål.

    Erfaring:

    Relevant erfaring kan til dømes vere innan prosjekt som har vore ambisiøse innanfor dei miljøtemaa som er viktigast for dette prosjektet. Ein skal levere ei kort skildring av korleis miljøomsyn vart varetatt i tre relevante referanseprosjekt tilbydd personell har gjennomført dei siste fem åra. Erfaringa skildrast slik at ho viser ei praktisk forståing av faktorar som verkar inn på det aktuelle temaet og kvifor ho er relevant for oppdraget.

    Intervju:

    Det er ønska at tilbydar har miljøkoordinator tilgjengeleg for intervju for å vurdere eignaheiten til miljøkoordinator. Intervju av nøkkelpersonell blir nytta for å vurdere kor eigna dei er, ut frå kor relevant kompetansen og erfaringa deira er for å bidra til å nå prosjektmåla, og kor gode dei er til å vurdere ulike risikoar i prosjektet. Dette bør vurderast særleg for prosjekt med høge miljøambisjonar.

    Sjå også Difi si rettleiing om bruk av tildelingskriterium.  

    Mal for CV
    CV:navn Poeng: 
    Oversikt over relevante miljøtema:  
    LCC  
    Miljøkoordinator  
    Energi: Prosjektering av passivhus, fornybar energi  
    Klimagassregnskap  
    Materialvalg/ ressursbruk  
    Miljøprogram og miljøoppfølgingsplan  

    I tabellen kan du dokumentere relevant erfaring som kan kompensere for manglande utdanning. Talet på år med erfaring vil maksimum kunne kompensere 3 års utdanning.

    Del 1: Dokumentasjon på relevant utdanning – fylles ut av leverandør
    Type utdanning Poeng:
    Utdanning: Dato:
    Universitet:  
    Snitt:  
    Miljøtema:  
    Utdanning: Dato:
    Universitet:  
    Snitt:  
    Miljøtema:  
    Relevant erfaring som eventuelt kan kompensere for utdanning:  
    Relevans for oppdraget:  
    Antall år:  

    For referanseprosjekt skal du oppgi relevante oppdrag som miljøkoordinator/rådgivar miljø dei siste 5 åra. Ein skal levere ei kort skildring av korleis miljøomsyn vart varetatt i tre relevante referanseprosjekt med ambisiøse miljømål og kva rolle tilbydd personell har hatt i dei siste fem åra. Erfaringa skal skildrast slik at ho viser ei praktisk forståing av faktorar som verkar inn på det aktuelle temaet og kvifor ho er relevant for oppdraget. Referanseperson(ar) og telefonnummer/e-post for referanseprosjekta skal førast opp. Leverandøren skal fylle ut tabell 2 som dokumentasjon på erfaring via referanseprosjekt.

    Del 2: Miljørelevant arbeidserfaring spesifisert – fylles ut av leverandør
    Arbeidserfaring Poeng:
    Stilling: Dato:
    Selskap:  
    Prosjekt: Oppdragstidspunkt:
    Relevans for dette oppdraget:  
    Fagområde og rolle i prosjektet:  
    Fagområdets fakturert beløp i oppdraget (NOK eks.mva)  
    Verktøy:  

    Del 3: Miljørelevante kurs og sertifiseringer
    Type kurs/sertifisering Poeng:
    Sertifisering: Dato:
    Kurs: Dato:
    Sertifisering: Dato:
    Kurs: Dato:
    Sertifisering: Dato:
    Kurs: Dato:

    Del 4: Referanser
    Referanser Poeng:
    Navn: Tlf:
    Stilling:  
    Prosjekt:  
    Epost:  
    Navn: Tlf:
    Stilling:  
    Prosjekt:  
    Epost:  
    Navn: Tlf:
    Stilling:  
    Prosjekt:  
    Epost:  
    Informasjon om kravet: 

    Tildelingskriteriet og dei valde temaa må knytast opp mot miljømåla/ambisjonane i prosjektet og dei kriteria som du vel at skal vere ein del av anskaffinga. Dersom det til dømes er inkludert i kravspesifikasjonen at det skal vere passivhus, kan det vere lurt å bruke kompetanse på det som tildelingskriterium viss du vil la tilbydarane konkurrere på kompetansen. Skal det utførast LCC-analyser, kan t.d. konkurranse på kompetanse om LCC vere relevant.

    Spesifiser om leverandøren kan tilby meir enn éin ressurs som miljøkoordinator, og korleis dei skal vurderast i forhold til kvarandre. Dette må vurderast opp mot breidda av tema som skal dekkast. Det er ikkje sannsynleg at éin person kan dekke alle dei temaa som er sette opp som forslag her. Vurder om andre roller enn koordinatorrollen kan gi skår dersom tilbydd ressurs har kompetanse/erfaring på miljømåla i prosjektet.

    Difi tilrår at du som byggherre nyttar eit intervju for å dokumentere kor eigna den tilbydde miljøkompetansen er for prosjektet, sjå punkta dokumentasjon og evaluering.

    Dersom det er relevant og proporsjonalt å stille krav om miljøkompetanse, blir det anbefalt å bruke det som eit kvalifikasjonskrav. Dvs. eit krav om at verksemda skal ha eller rå over kompetanse på miljøområde. Kvalifikasjonskravet kan bli brukt i kombinasjon med eit tildelingskriterium der leverandøren konkurrerer på tilbydd nøkkelperson. Her er det lurt å spesifisere konkret kva du er ute etter.

    Evaluering

    Utdanning: Oppgi poengskala 0-10 for utdanningsnivå. For å få utteljing må det vere minimum 3 års relevant utdanning (tilsvarande bachelor) for miljøtemaa som er valt over. 

    Tal på års erfaring: Oppgi poengskala 0-10, maks år som gir full utteljing er tre år med svært relevant erfaring for dei miljøteamaa som er valt. Ver difor merksam på konsekvensane av å velje dei ulike temaa og omfang, og vel det du meiner er viktigast. Ny og særs relevant erfaring tel meir på miljøtemaa. Relevant erfaring vil maksimum kunne kompensere for 3 års utdanning.

    Frå intervjuet skriv du eit kortfatta referat, som vurderer kor relevant kompetansen og erfaringa er for å bidra til å nå prosjektmåla, og kor god kompetanse dei har for å vurdere ulike relevante risikoar i prosjektet. Viss du ikkje bruker intervju bør du be om ei meir omfattande beskriving av referanseprosjekta.

    Referanseprosjekt

    For referanseprosjekt skal du oppgi relevante oppdrag som miljøkoordinator/rådgivar miljø dei siste 5 åra. Vurder om andre referansar innan miljø kan vurderast som relevante dersom dei ikkje har erfaring som miljøkoordinator/RIM.

    Evaluering av referanseprosjekt: Den beste, basert på 3 referanseprosjekt, gir du 10 poeng på ein skala frå 0-10

    Frå intervjuet skriv du eit kortfatta referat, som vurderer kor relevant kompetansen og erfaringa er for å bidra til å nå prosjektmåla, og kor god kompetanse dei har for å vurdere ulike relevante risikoar i prosjektet.

    Avansert

    Krav- og kriterietyper: 
    • Tildelingskriterium

    Hovudføremål: 

    Motiv

    Dersom du som byggherre har særskilde ambisjonar i eitt eller fleire miljøtema kan det vere naudsynt å få inn riktig kompetanse i prosjektet for å realisere målsetjingane dine. Av røynsle er det ein risiko for at miljøambisjonar blir lagt mindre vekt på etter kvart som prosjektet blir utvikla til konkrete løysingar og det totale kostnadsbiletet kjem på plass. Tidspress er òg ein nøkkelfaktor for at oppfølginga av miljøambisjonar kan bli forsømt under prosjektet.

    Argument

    Ved å bruke kvaliteten på den tilbydde kompetansen som tildelingskriterium, kan du la marknaden konkurrere på å tilby deg ein nøkkelperson med god kompetanse på viktige område du har valt.

    Ein miljøkoordinator er med på å sikre at miljømåla i prosjektet blir tatt hand om. Miljøkoordinatoren samordnar miljøarbeidet og har eit overordna ansvar for å koordinere og følgje opp miljøambisjonane i prosjekteringa. Dersom du nyttar ein miljøkoordinator med kompetansen du ønskjer, er det meir sannsynleg at du når måla og oppnår suksess. Miljøkoordinatoren kompenserer òg for manglande kompetanse hjå byggherren.

    Utforming av krav: 

    Det blir lagt vekt på kor eigna den tilbydde miljøkoordinatoren er for prosjektet. Med eigna meiner vi relevant utdanning, rolle og erfaring for å bidra til å nå prosjektmåla, og evne til å vurdere ulike risikoar i prosjektet. Erfaring kan kompensere noko for utdanning. Rolla, erfaringa og utdanninga til koordinatoren innan ulike tema vil bli vurdert.

    Døme på miljøtema:

    • LCC
    • Miljøkoordinator
    • Miljøprogram og miljøoppfølgingsplan
    • Energi: Prosjektering av passivhus, fornybar energi
    • Klimagassrekneskap
    • Materialval/ressursbruk

    Dokumentasjon av kravet: 

    Tilbydar blir beden om å fylle ut mal for CV for:

    • Formalutdanning
    • Arbeidserfaring
    • Miljørelevante sertifiseringar og kurs

    Med relevant utdanning meiner vi fullført utdanning innan det oppgitte temaet. Relevant erfaring og kurs kan kompensere noko for utdanning. Det vil gi meir utteljing om miljøkoordinatoren har kompetanse/erfaring på miljømål i prosjektet enn andre miljømål.

    Erfaring:

    Relevant erfaring kan til dømes vere innan prosjekt som har vore ambisiøse innanfor dei miljøtemaa som er viktigast for dette prosjektet. Ein skal levere ei kort skildring av korleis miljøomsyn vart varetatt i tre relevante referanseprosjekt tilbydd personell har gjennomført dei siste fem åra. Erfaringa skildrast slik at ho viser ei praktisk forståing av faktorar som verkar inn på det aktuelle temaet og kvifor ho er relevant for oppdraget.

    Intervju:

    Det er ønska at tilbydar har miljøkoordinator tilgjengeleg for intervju for å vurdere eignaheiten til miljøkoordinator. Intervju av nøkkelpersonell blir nytta for å vurdere kor eigna dei er, ut frå kor relevant kompetansen og erfaringa deira er for å bidra til å nå prosjektmåla, og kor gode dei er til å vurdere ulike risikoar i prosjektet. Dette bør vurderast særleg for prosjekt med høge miljøambisjonar.

    Sjå også Difi si rettleiing om bruk av tildelingskriterium.

    Mal for CV
    CV:navn Poeng: 
    Oversikt over relevante miljøtema:  
    LCC  
    Miljøkoordinator  
    Energi: Prosjektering av passivhus, fornybar energi  
    Klimagassregnskap  
    Materialvalg/ ressursbruk  
    Miljøprogram og miljøoppfølgingsplan  

    I tabellen kan du dokumentere relevant erfaring som kan kompensere for manglande utdanning. Talet på år med erfaring vil maksimum kunne kompensere 3 års utdanning.

    Del 1: Dokumentasjon på relevant utdanning – fylles ut av leverandør
    Type utdanning Poeng:
    Utdanning: Dato:
    Universitet:  
    Snitt:  
    Miljøtema:  
    Utdanning: Dato:
    Universitet:  
    Snitt:  
    Miljøtema:  
    Relevant erfaring som eventuelt kan kompensere for utdanning:  
    Relevans for oppdraget:  
    Antall år:  

    For referanseprosjekt skal du oppgi relevante oppdrag som miljøkoordinator/rådgivar miljø dei siste 5 åra. Ein skal levere ei kort skildring av korleis miljøomsyn vart varetatt i tre relevante referanseprosjekt med ambisiøse miljømål og kva rolle tilbydd personell har hatt i dei siste fem åra. Erfaringa skal skildrast slik at ho viser ei praktisk forståing av faktorar som verkar inn på det aktuelle temaet og kvifor ho er relevant for oppdraget. Referanseperson(ar) og telefonnummer/e-post for referanseprosjekta skal førast opp. Leverandøren skal fylle ut tabell 2 som dokumentasjon på erfaring via referanseprosjekt.

    Del 2: Miljørelevant arbeidserfaring spesifisert – fylles ut av leverandør
    Arbeidserfaring Poeng:
    Stilling: Dato:
    Selskap:  
    Prosjekt: Oppdragstidspunkt:
    Relevans for dette oppdraget:  
    Fagområde og rolle i prosjektet:  
    Fagområdets fakturert beløp i oppdraget (NOK eks.mva)  
    Verktøy:  
    Stilling: Dato:
    Selskap:  
    Prosjekt: Oppdragstidspunkt:
    Relevans for dette oppdraget:  
    Fagområde og rolle i prosjektet:  
    Fagområdets fakturert beløp i oppdraget (NOK eks.mva)  
    Verktøy:  

    Del 3: Miljørelevante kurs og sertifiseringer
    Type kurs/sertifisering Poeng:
    Sertifisering: Dato:
    Kurs: Dato:
    Sertifisering: Dato:
    Kurs: Dato:
    Sertifisering: Dato:
    Kurs: Dato:

    Del 4: Referanser
    Referanser Poeng:
    Navn: Tlf:
    Stilling:  
    Prosjekt:  
    Epost:  
    Navn: Tlf:
    Stilling:  
    Prosjekt:  
    Epost:  
    Navn: Tlf:
    Stilling:  
    Prosjekt:  
    Epost:  

    Informasjon om kravet: 

    Tildelingskriteriet og dei valde temaa må knytast opp mot miljømåla/ambisjonane i prosjektet og dei kriteria som du vel at skal vere ein del av anskaffinga. Dersom det til dømes er inkludert i kravspesifikasjonen at det skal vere passivhus, kan det vere lurt å bruke kompetanse på det som tildelingskriterium viss du vil la tilbydarane konkurrere på kompetansen. Skal det utførast LCC-analyser, kan t.d. konkurranse på kompetanse om LCC vere relevant.

    Spesifiser om leverandøren kan tilby meir enn éin ressurs som miljøkoordinator, og korleis dei skal vurderast i forhold til kvarandre. Dette må vurderast opp mot breidda av tema som skal dekkast. Det er ikkje sannsynleg at éin person kan dekke alle dei temaa som er sette opp som forslag her. Vurder om andre roller enn koordinatorrollen kan gi skår dersom tilbydd ressurs har kompetanse/erfaring på miljømåla i prosjektet.

    Difi tilrår at du som byggherre nyttar eit intervju for å dokumentere kor eigna den tilbydde miljøkompetansen er for prosjektet, sjå punkta dokumentasjon og evaluering.

    Dersom det er relevant og proporsjonalt å stille krav om miljøkompetanse, blir det anbefalt å bruke det som eit kvalifikasjonskrav. Dvs. eit krav om at verksemda skal ha eller rå over kompetanse på miljøområde. Kvalifikasjonskravet kan bli brukt i kombinasjon med eit tildelingskriterium der leverandøren konkurrerer på tilbydd nøkkelperson. Her er det lurt å spesifisere konkret kva du er ute etter.

    Evaluering

    Utdanning: Oppgi poengskala 0-10 for utdanningsnivå. For å få utteljing må det vere minimum 5 års relevant utdanning (tilsvarande master) for miljøtemaa som er valt over. 

    Tal på års erfaring: Oppgi poengskala 0-10, maks år som gir full utteljing er tre år med svært relevant erfaring for dei miljøteamaa som er valt. Ver difor merksam på konsekvensane av å velje dei ulike temaa og omfang, og vel det du meiner er viktigast. Ny og særs relevant erfaring tel meir på miljøtemaa. Relevant erfaring vil maksimum kunne kompensere for 3 års utdanning.

    Frå intervjuet skriv du eit kortfatta referat, som vurderer kor relevant kompetansen og erfaringa er for å bidra til å nå prosjektmåla, og kor god kompetanse dei har for å vurdere ulike relevante risikoar i prosjektet. Viss du ikkje bruker intervju bør du be om ei meir omfattande beskriving av referanseprosjekta.

    Referanseprosjekt

    For referanseprosjekt skal du oppgi relevante oppdrag som miljøkoordinator/rådgivar miljø dei siste 5 åra. Vurder om andre referansar innan miljø kan vurderast som relevante dersom ein ikkje har erfaring som miljøkoordinator/RIM.

    Evaluering av referanseprosjekt: Den beste, basert på 3 referanseprosjekt, gir du 10 poeng på ein skala frå 1-10

    Frå intervjuet skriv du eit kortfatta referat, som vurderer kor relevant kompetansen og erfaringa er for å bidra til å nå prosjektmåla, og kor god kompetanse dei har for å vurdere ulike relevante risikoar i prosjektet.

    Kriterierelasjoner og konflikter: 

    P 1.62 Kontraktsvilkår Miljøkoordinator

    Relatert kriterium

    Viss du vel å setje krav til miljøkoordinator i tildelingskriteriet, så kan du vurdere å ha miljøkoordinator som eit kontraktsvilkår.

    Relaterte lenkjer: 

    Publisert: 05. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019