Miljøkoordinator

Grupper: 
  • Prosjektering
Kategori: 
  • Leiing

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Motiv:

Av røynsle er det ein risiko for at miljøkrav og -ambisjonar som ein set tidleg i prosjektet, blir lagt mindre vekt på etter kvart som prosjektet blir utvikla til konkrete løysingar og det totale kostnadsbiletet kjem på plass. Tidspress er òg ein nøkkelfaktor for at ein forsømer å følgje opp miljøkrava gjennom prosjektet.

Argument:

Krava til miljøkoordinatoren er med på å sikre at miljømåla i prosjektet blir tatt hand om. Miljøkoordinatoren samordnar miljøarbeidet og har eit overordna ansvar for å koordinere og følgje opp miljøkrava på byggjeplassen. Dersom du nyttar ein miljøkoordinator med kompetansen du ønskjer, er det meir sannsynleg at du når måla og oppnår suksess. Miljøkoordinatoren kompenserer òg for manglande kompetanse hjå byggherren.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal når dei signerer kontrakten oppgi namnet på ein ressurs til prosjektet (namngitt med adresse og telefonnummer) som får ansvar for og myndigheit til å følgje opp miljømåla og krava i prosjektet. Personen får rollen som miljøkoordinator, og skal ha minst tre år med relevant erfaring dei siste fem åra, og minst 3 års relevant utdanning (tilsvarande bachelor) for temaa som er viktigast for å hjelpe til med å nå prosjektmåla.

Døme på miljøtema:

  • LCC

  • Miljøprogram

  • Inneklima

  • Uteareal og økologi

 

Dokumentasjon av kravet: 

Kravet og dei valde temaa må knytast opp mot miljømåla/ambisjonane i prosjektet og andre kriterium som vert valde.

Skal dokumenterast etter ein gitt frist med CV og skildring som viser oppgåvene og rolla miljøkoordinatoren har i prosjektet. Miljøkoordinatoren skal ha tilstrekkeleg kompetanse til å kunne samordne arbeidet med å følge opp miljømåla og krava i prosjektet.

Informasjon om kravet: 

Du kan nytte dette kontraktskravet om du er usikker på om marknaden kan levere den kompetansen du vil ha, men kan få kompetansen på plass etter at tilbydaren er valt.

Dersom marknaden er umoden på eit område/tema kan det vere tenleg å la leverandøren få hente inn den kompetansen etter konkurransen. Viss det er tilstrekkeleg kompetanse i marknaden kan dette gjerast i tildeling eller kvalifikasjon.

Det må vere samsvar mellom miljøambisjonane i prosjektet og kompetansen til koordinatoren.

 

Storleiken og kompleksiteten i prosjektet avgjer om det skal vere ein eigen person som tar hand om denne rolla eller om den kan leggjast til ei av dei andre rollene i prosjektet. Personen som tar hand om rolla og ansvaret i prosjektet kan òg ha andre oppgåver, til dømes HMS, kvalitetsleiar, PGL eller anleggsleiing. Då må det dokumenterast at personen har den relevante erfaringa.

 

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Motiv:

Av røynsle er det ein risiko for at miljøkrav og -ambisjonar som ein set tidleg i prosjektet, blir lagt mindre vekt på etter kvart som prosjektet blir utvikla til konkrete løysingar og det totale kostnadsbiletet kjem på plass. Tidspress er òg ein nøkkelfaktor for at ein forsømer å følgje opp miljøkrava gjennom prosjektet.

Argument:

Krava til miljøkoordinatoren er med på å sikre at miljømåla i prosjektet blir tatt hand om. Miljøkoordinatoren samordnar miljøarbeidet og har eit overordna ansvar for å koordinere og følgje opp miljøkrava på byggjeplassen. Dersom du nyttar ein miljøkoordinator med kompetansen du ønskjer, er det meir sannsynleg at du når måla og oppnår suksess. Miljøkoordinatoren kompenserer òg for manglande kompetanse hjå byggherren.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal når dei signerer kontrakten oppgi namnet på ein ressurs til prosjektet (namngitt med adresse og telefonnummer) som får ansvar for og myndigheit til å følgje opp miljømåla og krava i prosjektet. Personen får rollen som miljøkoordinator, og skal ha minst fem år med relevant erfaring dei siste sju åra, og minst 5 års relevant utdanning (tilsvarande master) for temaa som er viktigast for å hjelpe til med å nå prosjektmåla.

Døme på miljøtema:

  • LCC

  • Miljøprogram

  • Inneklima

  • Uteareal og økologi

Personen kan ikkje ha andre roller i prosjektet og får rolla som miljøkoordinator.

 

 

Dokumentasjon av kravet: 

Kravet og dei valde temaa må knytast opp mot miljømåla/ambisjonane i prosjektet og andre kriterium som vert valde.

Skal dokumenterast etter ein gitt frist med CV og skildring som viser oppgåvene og rolla miljøkoordinatoren har i prosjektet. Miljøkoordinatoren skal ha tilstrekkeleg kompetanse til å kunne samordne arbeidet med å følge opp miljømåla og krava i prosjektet.

Informasjon om kravet: 

Du kan nytte dette kontraktskravet om du er usikker på om marknaden kan levere den kompetansen du vil ha, men kan få kompetansen på plass etter at tilbydaren er valt.

Dersom marknaden er umoden på eit område/tema kan det vere tenleg å la leverandøren få hente inn den kompetansen etter konkurransen. Viss det er tilstrekkeleg kompetanse i marknaden kan dette gjerast i tildeling eller kvalifikasjon.

Det må vere samsvar mellom miljøambisjonane i prosjektet og kompetansen til koordinatoren.

 

Komplekse prosjekt med ambisiøse miljøkrav bør ha ein dedikert person til å ta hand om oppfølginga og koordineringa av miljøkrava.

Relaterte lenkjer: 

Tabell 1: Mal for kompetansedokumentasjon

  Tema Utdanning/kurs/prosjekterfaring Skildring av relevansen
Namn <plukkliste>

Namn på utdanning og tittel

Kurs – tittel, lengd, kursansvarleg

Prosjekt: prosjektnamn, lengd, omfang, referanseperson hjå oppdragsgivar med kontaktinformasjon
Kort skildring

 

Publisert: 06. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019