Miljøkoordinator

Grupper: 
  • Prosjektering
Kategori: 
  • Leiing

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Erfaringsvis er det ein risiko for at miljøkrav og ambisjonar som blir sette tidleg i prosjektet, får mindre vekt når prosjektet blir utvikla til konkrete løysingar og det totale kostnadsbiletet kjem på plass. Tidspress er også ein nøkkelfaktor til at oppfølging av miljøkrav kan gleppe gjennom gangen i prosjektet.

Krav til miljøkoordinator i prosjektet er med på å sikre at ein varetek miljømåla i prosjektet. Miljøkoordinator samordnar miljøarbeidet og har eit overordna ansvar for å koordinere og følgje opp miljøkrava på byggjeplassen. Ved å bruke ein miljøkoordinator med ønskt kompetanse, aukar sannsynet for måloppnåing og suksess. Miljøkoordinator kompenserer også for manglande kompetanse hos byggherre.

Utforming av krav: 

Leverandør skal ved kontraktsignering namngje ein ressurs med ansvar for og mynde til å følgje opp miljømål og krav i prosjektet.

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandør skal oppgje namn, e-postadresse og telefonnummer til miljøkoordinator.

Informasjon om kravet: 

Dette kontraktsvilkåret kan brukast om du er usikker på om marknaden kan levere den kompetansen du vil ha, men kan få kompetansen på plass etter val av tilbydar.

Dersom marknaden er umoden på eit område/tema, kan det vere føremålstenleg å la leverandøren få hente inn denne kompetansen etter tilbodsinnlevering. Er det tilstrekkeleg kompetanse i marknaden, kan dette gjerast i tildelingskriterium eller kvalifikasjonskrav.

Det må vere samsvar mellom miljøambisjonane i prosjektet og koordinatoren sin kompetanse.

Storleiken på og kompleksiteten i prosjektet avgjer om det skal vere ein eigen person som varetek denne rolla eller om ho kan leggjast til ei av dei andre rollene i prosjektet. Den personen som varetek rolla og ansvaret i prosjektet, kan også ha andre oppgåver, som til dømes SHA, kvalitetsleiar, PGL eller anleggsleiing. Det må då dokumenterast at personen har relevant erfaring, ut frå det du forventar marknaden kan levere. Du kan også vurdere om dette er eigna som tildelingskriterium.

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Erfaringsvis er det ein risiko for at miljøkrav og ambisjonar som blir sette tidleg i prosjektet, får mindre vekt når prosjektet blir utvikla til konkrete løysingar og det totale kostnadsbiletet kjem på plass. Tidspress er også ein nøkkelfaktor til at oppfølging av miljøkrav kan gleppe gjennom gangen i prosjektet.

Krav til miljøkoordinator i prosjektet er med på å sikre at ein varetek miljømåla i prosjektet. Miljøkoordinator samordnar miljøarbeidet og har eit overordna ansvar for å koordinere og følgje opp miljøkrava på byggjeplassen. Ved å bruke ein miljøkoordinator med ønskt kompetanse, aukar sannsynet for måloppnåing og suksess. Miljøkoordinator kompenserer også for manglande kompetanse hos byggherre.

Utforming av krav: 

Leverandør skal ved kontraktsignering namngje ein ressurs som får ansvar for og mynde til å følgje opp miljømål og krav i prosjektet.

Denne personen skal ha minimum tre år med relevant erfaring dei siste fem åra, og minimum 3 års relevant utdanning (tilsvarande bachelor) for dei temaa som er viktigast for å bidra til å oppnå prosjektmåla.

Dokumentasjon av kravet: 

Relevant erfaring må knytast opp mot miljømåla/ambisjonane for prosjektet.

Skal dokumenterast etter opplyst frist ved CV og skildring som viser oppgåvene og rolla miljøkoordinatoren har i prosjektet. Miljøkoordinator (namngjeven med adresse og telefonnummer) skal ha tilstrekkeleg kompetanse til å vareta samordninga av arbeidet med å følgje opp miljømåla og krava i prosjektet.

Leverandør skal ved kontraktsignering namngje ein ressurs til prosjektet som får ansvar for og mynde til å følgje opp miljømål og krav i prosjektet. Denne personen får rolla som miljøkoordinator, og skal ha minimum tre år med relevant erfaring dei siste fem åra, og minimum 3 års relevant utdanning (tilsvarande bachelor) for dei temaa som er viktigast for å bidra til å oppnå prosjektmåla.

Mal for CV:
Namn:
e-postadresse:
Telefonnummer:
TemaUtdanning/kurs/prosjekterfaringSkildring av relevans
<sett inn tema som er viktig for å oppnå prosjektmåla>

Namn på utdanning og tittel

Kurs – tittel, varigheit, kursansvarleg

Prosjekt: prosjektnamn, varigheit, omfang, referanseperson hos oppdragsgjevar med kontaktinformasjon
Kort skildring

 

Informasjon om kravet: 

Dette kontraktsvilkåret kan brukast om du er usikker på om marknaden kan levere den kompetansen du vil ha, men kan få kompetansen på plass etter val av tilbydar.

Dersom marknaden er umoden på eit område/tema, kan det vere føremålstenleg å la leverandøren få hente inn denne kompetansen etter tilbodsinnlevering. Er det tilstrekkeleg kompetanse i marknaden, kan dette gjerast i tildelingskriterium eller kvalifikasjonskrav.

Det må vere samsvar mellom miljøambisjonane i prosjektet og koordinatoren sin kompetanse.

Storleiken på og kompleksiteten i prosjektet avgjer om det skal vere ein eigen person som varetek denne rolla eller om ho kan leggjast til ei av dei andre rollene i prosjektet. Den personen som varetek rolla og ansvaret i prosjektet, kan også ha andre oppgåver, som til dømes SHA, kvalitetsleiar, PGL eller anleggsleiing. Det må då dokumenterast at personen har relevant erfaring, ut frå det du forventar marknaden kan levere. Du kan også vurdere om dette er eigna som tildelingskriterium.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 25. nov 2020, Sist endra: 28. des 2020