Miljøleiing

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Leiing

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Motiv

Manglande kompetanse og styring på miljø er ei utfordring for å følgje opp ambisjonar i eit byggjeprosjekt. Fleire og fleire konsulentar jobbar med enkeltemne som avfall, energi eller klimagassutslepp, men det er viktig at leverandørane tar eit heilskapleg grep om dei viktigaste miljøaspekta knytt til eiga verksemd og jobbar systematisk for å redusere miljøpåverknaden frå desse.

Argument

Eit system for miljøleiing er med på å sikre ein systematisk måte å jobbe på, noko som førebyggjer uheldig miljøpåverknad, hjelper leverandøren til å halde forpliktingar, bidreg til betre miljøprestasjonar m.m. Eit system for miljøleiing er ein del av leiingssystemet ein nyttar til å styre aktivitetane eller produkta leverandøren leverer.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal innan <X veker/månader> etter kontrakten er inngått dokumentere eit gyldig system for miljøleiing med rutinar og struktur som viser korleis leverandøren varetar relevante miljøomsyn knytt til tenestene ein leverer. Systemet må vere knytt til den utøvande eininga.

Systemet for miljøleiing skal vere dokumentert og ope for innsyn frå byggherren. Byggherren kan be om meir dokumentasjon, då skal leverandøren leggje fram dette innan <X veker>.

Det skal dokumenterast at verksemda som ein del av systemet for miljøleiing:

  1. har ein eigen miljøpolitikk og dokumenterte miljømål

  2. stiller miljøkrav til underleverandørane

  3. har oversikt over dei mest vesentlege miljøpåverknadane frå verksemda

  4. har dei naudsynte ressursane for å etablere, implementere, halde ved like og kontinuerleg betre leiingssystemet for miljø

  5. har beredskap for å handtere potensielle situasjonar med risiko for ugunstige miljøpåverknadar

  6. har ei leiing som følgjer opp systemet regelvisst

  7. vurderer miljørisikoen knytt til prosjekt og har den naudsynte beredskapen for å handtere han

Systemet for miljøleiing skal vere dokumentert og ope for innsyn frå byggherren. Byggherren kan be om meir dokumentasjon, då skal leverandøren leggje han fram innan <X veker>.

Kravet for den utførande delen hjå leverandøren er varetatt om leverandøren er sertifisert etter Miljøfyrtårn, ISO 14001 eller EMAS, eller tilsvarande. Viss ikkje må det dokumenterast på ein annan måte, t.d. ved eigenerklæring for miljøleiingssystem.

Dokumentasjon av kravet: 

Etter inngåing av kontrakt skal verksemda leggje fram prov for at dei er sertifisert etter Miljøfyrtårn, ISO 14001 eller EMAS innan den oppgitte tidsfristen. Dersom dei ikkje har eit sertifiseringssystem, må dei vise at dei har rutinar og eit system som viser at leverandøren har ein eigen miljøpolitikk og dokumenterte miljømål som oppfyller pkt. 1-7.

 

Informasjon om kravet: 

Her må byggherre vurdere om det er rett å stille krav til eit system som kvalifikasjonskrav eller kontraktsvilkår.

Dersom verksemda skal sertifiserast etter kontraktsignering er det viktig å setje ein frist for sertifisering som er mogleg å nå for leverandøren. Viss leverandøren har eit system som er bygd opp etter ein standard kan det ta frå 6 månader til 1 år før dei er ferdige med sertifiseringsprosessen avhengig av blant anna storleiken på verksemda og sertifiseringssystemet. Ettersom det er snakk om eit kontraktskrav, må systemet dokumenterast etter at kontrakten er inngått, innan dei fristane som gjeld elles. Tidspunktet må gå klart fram i kontraktutkast lagt ved konkurransegrunnlaget.

Eit system for miljøleiing består av ein systematisk prosess eller metode som skildrar korleis ein verksemd gjennomfører, leier, måler og kontinuerleg avgrensar miljøpåverknaden dei har for å sikre høg miljøstandard i verksemda. Toppleiinga i verksemda har ansvaret for systemet for miljøleiing. Systemet for miljøleiing inkluderer verksemda sin miljøpolitikk, målsetjingar, tiltak og rutinar med kontinuerlege betringstiltak.

Eigenerklæringar som er vist under støttande dokument vil ikkje representere heile leiingssystemet, men gi en dokumentasjon på nokre viktige element leverandøren må ha kontroll på. Skjemaet skal berre nyttast viss leverandøren ikkje er, eller ikkje har moglegheit til å bli sertifisert, innan fristen.

Du må undersøkje om marknaden kan levere det du krev. Døme på ulike system for miljøleiing er ISO 14001, EMAS og Miljøfyrtårn.

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Motiv

Manglande kompetanse og styring på miljø er ei utfordring for å følgje opp ambisjonar i eit byggjeprosjekt. Fleire og fleire konsulentar jobbar med enkeltemne som avfall, energi eller klimagassutslepp, men det er viktig at leverandørane tar eit heilskapleg grep om dei viktigaste miljøaspekta knytt til eiga verksemd og jobbar systematisk for å redusere miljøpåverknaden frå desse.

Argument

Eit system for miljøleiing er med på å sikre ein systematisk måte å jobbe på, noko som førebyggjer uheldig miljøpåverknad, hjelper leverandøren til å halde forpliktingar, bidreg til betre miljøprestasjonar m.m. Eit system for miljøleiing er ein del av leiingssystemet ein nyttar til å styre aktivitetane eller produkta leverandøren leverer.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal innan <X veker/månader> etter kontraktsinngåing kunne vise til eit system for miljøleiing som fyller krava i ISO 14001 eller EMAS-standard, eller tilsvarande. Systemet må vere knytt til den utøvande eininga, og vise korleis leverandøren varetar relevante miljøomsyn knytt til tenestene som skal leverast. Ein må undersøke om marknaden kan levere slike system før kunngjering.

Ein kan òg godta at leverandøren legg fram framdriftsplan for sertifisering og avtale med akkreditert sertifiseringsorgan i samsvar med ISO 14001 eller tilsvarande.

Systemet for miljøleiing skal vere dokumentert og ope for innsyn frå byggherren. Byggherren kan be om meir dokumentasjon, då skal leverandøren leggje han fram innan <X veker>.

Dokumentasjon av kravet: 

Etter inngåing av kontrakt krevst det at verksemda kan syne eitt av dei følgjande innan gitt tidsfrist:

  • Gyldig sertifikat for gjeldande ISO 14001, EMAS-standard eller tilsvarande

  • Tilsvarande kan vere ei godkjent erklæring frå ein tredjepart som oppgir at leverandøren sitt system for miljøleiing fyller krava i ISO 14001 eller EMAS

Informasjon om kravet: 

Her må byggherre vurdere om det er rett å stille krav til eit system som kvalifikasjonskrav eller kontraktsvilkår.

Dersom verksemda skal sertifiserast etter kontraktsignering er det viktig å setje ein frist for sertifisering som er mogleg å nå for leverandøren. Viss leverandøren har eit system som er bygd opp etter ein standard kan det ta frå 6 månader til 1 år før dei er ferdige med sertifiseringsprosessen avhengig av blant anna storleiken på verksemda og sertifiseringssystemet. Ettersom det er snakk om eit kontraktskrav, må systemet dokumenterast etter at kontrakten er inngått, innan dei fristane som gjeld elles. Tidspunktet må gå klart fram i kontraktutkast lagt ved konkurransegrunnlaget.

Eit system for miljøleiing består av ein systematisk prosess eller metode som skildrar korleis ein verksemd gjennomfører, leier, måler og kontinuerleg avgrensar miljøpåverknaden dei har for å sikre høg miljøstandard i verksemda. Toppleiinga i verksemda har ansvaret for systemet for miljøleiing. Systemet for miljøleiing inkluderer verksemda sin miljøpolitikk, målsetjingar, tiltak og rutinar med kontinuerlege betringstiltak.

Eigenerklæringar som er vist under støttande dokument vil ikkje representere heile leiingssystemet, men gi en dokumentasjon på nokre viktige element leverandøren må ha kontroll på. Skjemaet skal berre nyttast viss leverandøren ikkje er, eller ikkje har moglegheit til å bli sertifisert, innan fristen.

Du må undersøkje om marknaden kan levere det du krev. Døme på ulike system for miljøleiing er ISO 14001, EMAS og Miljøfyrtårn.

Relaterte lenkjer: 

Støttande dokument/referansar

EIGENERKLÆRING OM MILJØLEIING

Eigenerklæring for å dokumentere viss leverandøren ikkje har noko system. Skjemaet må leggjast ved dokumenta, eller lenkast til.

Leverandør namn               Organisasjonsnr.  
Kontaktperson   Telefon  
E- postadresse        

 

 

 

 

Krav nr. Krav Ja Nei
1

Leverandøren har ein eigen miljøpolitikk og dokumenterte miljømål

(legg ved dokumentasjon)

   
2

Leverandøren stiller miljøkrav til underleverandørane

Oppgi kva typar krav, til kven, og korleis krava vert følgde opp (ev. som eige vedlegg):

   
3

Leverandøren har oversikt over dei mest vesentlege miljøpåverknadane frå verksemda, og for dette prosjektet

(legg ved dokumentasjon)

   
4

Leverandøren har dei naudsynte ressursane for å etablere, implementere, halde ved like og kontinuerleg betre leiingssystemet for miljø, tilpassa kontrakten for prosjektet.

(legg ved dokumentasjon)

   
5

Leverandøren har beredskap for å handtere potensielle situasjonar med risiko for ugunstige miljøpåverknadar

(legg ved dokumentasjon)
   
6 Leverandøren har ei leiing som følgjer opp systemet regelvisst, (legg ved dokumentasjon på kven som har ansvaret og korleis det har blitt følgt opp)    
7

Leverandøren har vurdert kva miljørisiko som er knytte til det konkrete prosjektet og kva beredskap han har for å handtere dei (legg ved dokumentasjon)

   
8

Annan informasjon

(ev. eige vedlegg)

   

Dersom leverandøren kan leggje fram eit av dokumenta nedanfor som dokumentasjon på leiingssystemet sitt, kan ein sjå vekk frå krava i tabellen ovanfor:

  • For basisnivå - gyldig sertifikat for gjeldande ISO 14001 eller EMAS-standard, Miljøfyrtårn

  • Godkjent erklæring frå ein tredjepart som oppgir at leverandøren sitt systemet for miljøleiing fyller krava i ISO 14001 eller EMAS

 

Eg stadfestar at opplysingane i dette skjemaet er gitt etter beste skjøn og at dei så langt eg veit ikkje inneheldt ukorrekte opplysingar. Eg kjenner til at ukorrekte opplysingar kan føre til ei eventuell bot.

Stad og dato:

Namn (med blokkbokstavar):

 

Ansvarleg leiar (sign.):

Publisert: 06. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019