Miljøleiing

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Leiing

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Kvalifikasjonskrav

Hovudføremål: 

Manglande kompetanse og styring på miljø er ei utfordring for å følgje opp ambisjonar i eit anleggsprosjekt. Fleire og fleire konsulentar jobbar med enkeltemne som avfall, energi eller klimagassutslepp, men det er viktig at leverandørane tek eit heilskapleg grep om dei viktigaste miljøaspekta knytte til eiga verksemd og jobbar systematisk for å redusere miljøpåverknaden frå desse.

Eit miljøleiingssystem er med på å sikre ein systematisk måte å jobbe på som igjen førebyggjer uheldig miljøpåverknad, hjelper leverandør til å halde forpliktingar, bidreg til betre miljøprestasjon m.m. Eit miljøleiingssystem er ein del av leiingssystemet som blir brukt til å styre dei aktivitetane eller produkta leverandøren leverer.

Utforming av krav: 

Leverandør skal ha eit miljøleiingssystem som varetek miljøomsyn i heile anleggsprosjektet. Eit miljøleiingssystem inneber innføring av ein systematisk prosess der verksemda gjennomfører, leier, måler og kontinuerleg avgrensar miljøpåverknaden sin.

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal gje ei skildring av miljøleiingssystemet leverandøren har innført eller planlegg å nytte ved utføringa av leveransen.

Dersom leverandøren ikkje har eit tredjepartssertifisert miljøleiingssystem, skal leverandøren skildre rutinar og tiltak som blir sette i verk knytt til miljøleiinga ved utføringa av leveransen, og som viser at leverandøren har ein eigen miljøstrategi og dokumenterte miljømål.

Tilbydar skal dokumentere at bedrifta som ein del av miljøleiingssystemet:

  1. har miljøleiingstiltak og dokumenterte miljømål for utføringa av leveransen
  2. har oversikt over dei mest vesentlege miljøpåverknadene frå verksemda
  3. har dei ressursane som er nødvendige for å etablere, implementere, vedlikehalde og kontinuerleg forbetre leiingssystemet for miljø
  4. har beredskap for å handtere potensielle situasjonar med risiko for ugunstige miljøpåverknader
  5. har ei leiing som følgjer opp systemet regelmessig
  6. vurderer miljørisiko knytt til prosjekt og har nødvendig beredskap for å handtere denne
  7. stiller miljøkrav tilsvarande (punkt 1–6) til underleverandørane

Tilbydar kan også dokumentere oppfylling av kvalifikasjonskravet ved å dokumentere at dei er sertifiserte etter Miljøfyrtårn, ISO 14001, EMAS eller tilsvarande miljøleiingssystem i andre EU/EØS-statar. Dette kan dokumenterast ved å leggje fram gyldig attest/sertifikat. Det blir ikkje stilt krav om eit slikt tredjepartssertifisert miljøleiingssystem.

KSMEF kan brukast som eigenerklæring for å dokumentere oppfylling av kvalifikasjonskravet.

Informasjon om kravet: 

DFØ tilrår dialog med marknaden om dette kvalifikasjonskravet for å undersøkje om leverandørane har miljøleiingssystem som du stiller krav om. Døme på ulike miljøleiingssystem er ISO 14001, EMAS og Miljøfyrtårn. Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) har eit eige kvalitetssystem, KSMEF, som kan brukast som eigenerklæring for å vise at miljøleiingsrutinane/tiltak er varetekne for basisnivå. Dersom det er aktuelt å bruke dette systemet, må det opplysast i konkurransegrunnlaget at dette kvalitetssystemet er tilstrekkeleg for oppfylling av kravet på basisnivå.

Dersom du vil ha krav til eit miljøleiingssystem, må du som byggherre vurdere om det er riktig å stille kravet som kvalifikasjonskrav eller kontraktsvilkår.

Eit miljøleiingssystem består av ein systematisk prosess eller metode som skildrar korleis ei verksemd gjennomfører, leier, måler og kontinuerleg avgrensar miljøpåverknaden sin for å sikre høg miljøstandard i verksemda. Ansvaret for miljøleiingssystemet ligg hos toppleiinga i verksemda. Miljøleiingssystemet inkluderer verksemda sin miljøpolicy, målsetnader, tiltak og rutinar med kontinuerleg forbetringstiltak.

ESPD er eit relativt nytt system for eigenerklæring i samband med anskaffingar etter EØS-/EU-reglar, og er på nokre område ei forenkling. ESPD gjeld berre anskaffingsforskrifta (FOA) del III (ikkje del I og II) og forsyningsforskrifta (FOR) del II (ikkje del I). Det blir derfor tilrådd berre å bruke ESPD-skjema der reglane stiller krav om dette.

Dersom anskaffinga følgjer FOA del III, skal tilbydar krysse av for dette i ESPD-skjemaet. Det blir understreka at ESPD-skjemaet berre er førebels dokumentasjon, og oppdragsgjevar kan etterspørje dokumentasjon for oppfylling av kvalifikasjonskravet på kva tidspunkt som helst i anskaffingsprosessen.

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Kvalifikasjonskrav

Hovudføremål: 

Manglande kompetanse og styring på miljø er ei utfordring for å følgje opp ambisjonar i eit anleggsprosjekt. Fleire og fleire konsulentar jobbar med enkeltemne som avfall, energi eller klimagassutslepp, men det er viktig at leverandørane tek eit heilskapleg grep om dei viktigaste miljøaspekta knytte til eiga verksemd og jobbar systematisk for å redusere miljøpåverknaden frå desse.

Eit miljøleiingssystem er med på å sikre ein systematisk måte å jobbe på som igjen førebyggjer uheldig miljøpåverknad, hjelper leverandør til å halde forpliktingar, bidreg til betre miljøprestasjon m.m. Eit miljøleiingssystem er ein del av leiingssystemet som blir brukt til å styre dei aktivitetane eller produkta leverandøren leverer.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal ha eit miljøleiingssystem som oppfyller krava i EU-ordninga for miljøstyring og miljørevisjon (EMAS), ISO-standarden 14001:2015, Miljøfyrtårn eller tilsvarande.

Leverandøren skal ha eit slikt miljøleiingssystem ved kontraktsinngåing.

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal ha:

  • Gyldig sertifikat for gjeldande ISO 14001, EMAS standard, Miljøfyrtårn eller tilsvarande attestar utferda av organ i andre EU/EØS-statar
  • Annan dokumentasjon for tilsvarande miljøleiingstiltak blir godkjend i den grad leverandøren ikkje har hatt høve til å få attestar som nemnt innan fristen, og dette ikkje er for skuld leverandøren sjølv. Dette føreset at leverandøren dokumenterer at desse tiltaka tilsvarer dei etterspurde kvalitetssikringsstandardane eller miljøleiingssystema eller standardane.

Informasjon om kravet: 

DFØ tilrår dialog med marknaden om dette kvalifikasjonskravet for å undersøkje om leverandørane har miljøleiingssystem som du stiller krav om. Døme på ulike miljøleiingssystem er ISO 14001, EMAS og Miljøfyrtårn. Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) har eit eige kvalitetssystem, KSMEF, som kan brukast som eigenerklæring for å vise at miljøleiingsrutinane/tiltak er varetekne for basisnivå. Dersom det er aktuelt å bruke dette systemet, må det opplysast i konkurransegrunnlaget at dette kvalitetssystemet er tilstrekkeleg for oppfylling av kravet på basisnivå.

Dersom du vil ha krav til eit miljøleiingssystem, må du som byggherre vurdere om det er riktig å stille kravet som kvalifikasjonskrav eller kontraktsvilkår.

Eit miljøleiingssystem består av ein systematisk prosess eller metode som skildrar korleis ei verksemd gjennomfører, leier, måler og kontinuerleg avgrensar miljøpåverknaden sin for å sikre høg miljøstandard i verksemda. Ansvaret for miljøleiingssystemet ligg hos toppleiinga i verksemda. Miljøleiingssystemet inkluderer verksemda sin miljøpolicy, målsetnader, tiltak og rutinar med kontinuerleg forbetringstiltak.

ESPD er eit relativt nytt system for eigenerklæring i samband med anskaffingar etter EØS-/EU-reglar, og er på nokre område ei forenkling. ESPD gjeld berre anskaffingsforskrifta (FOA) del III (ikkje del I og II) og forsyningsforskrifta (FOR) del II (ikkje del I). Det blir derfor tilrådd berre å bruke ESPD-skjema der reglane stiller krav om dette.

Dersom anskaffinga følgjer FOA del III, skal tilbydar krysse av for dette i ESPD-skjemaet. Det blir understreka at ESPD-skjemaet berre er førebels dokumentasjon, og oppdragsgjevar kan etterspørje dokumentasjon for oppfylling av kvalifikasjonskravet på kva tidspunkt som helst i anskaffingsprosessen.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 25. nov 2020, Sist endra: 28. des 2020