Miljøleiing

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Leiing

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Manglande kompetanse og styring på miljø er ei utfordring for å følgje opp ambisjonar i eit anleggsprosjekt. Fleire og fleire konsulentar jobbar med enkeltemne som avfall, energi eller klimagassutslepp, men det er viktig at leverandørane tek eit heilskapleg grep om dei viktigaste miljøaspekta knytte til eiga verksemd og jobbar systematisk for å redusere miljøpåverknaden frå desse.

Eit miljøleiingssystem er med på å sikre ein systematisk måte å jobbe på som igjen førebyggjer uheldig miljøpåverknad, hjelper leverandør til å halde forpliktingar, bidreg til betre miljøprestasjon m.m. Eit miljøleiingssystem er ein del av leiingssystemet som blir brukt til å styre dei aktivitetane eller produkta leverandøren leverer.

Utforming av krav: 

Leverandør skal innan <X månader> etter kontraktsinngåing dokumentere eit miljøleiingssystem med miljøleiingstiltak, rutinar som viser korleis leverandøren varetek relevante miljøomsyn knytte til tenestene som blir leverte. Systemet må vere knytt til utøvande eining.

Det skal dokumenterast at bedrifta som ein del av miljøleiingssystemet

  1. har miljøleiingstiltak og dokumenterte miljømål
  2. har oversikt over dei mest vesentlege miljøpåverknadene frå verksemda
  3. har dei ressursane som er nødvendige for å etablere, implementere, vedlikehalde og kontinuerleg forbetre leiingssystemet for miljø
  4. har beredskap for å handtere potensielle situasjonar med risiko for ugunstige miljøpåverknader
  5. har ei leiing som følgjer opp systemet regelmessig
  6. vurderer miljørisiko knytt til prosjekt og har nødvendig beredskap for å handtere denne
  7. stiller miljøkrav tilsvarande (punkt 1–6) til underleverandørane

Miljøleiingssystemet skal vere dokumentert og ope for innsyn frå byggherre. Byggherre kan etterspørje meir dokumentasjon, då skal leverandør framvise denne innan <X månader >.

Dette kravet for utførande del hos leverandøren er vareteke dersom dei er sertifiserte etter Miljøfyrtårn, ISO 14001 eller EMAS eller tilsvarande.

Dokumentasjon av kravet: 

Etter kontraktsinngåing er det krav om at leverandøren kan framvise bevis for at dei er sertifiserte etter Miljøfyrtårn, ISO 14001 eller EMAS eller tilsvarande sertifiseringar innan ein gjeven tidsfrist. Dersom dei ikkje har eit 3. parts sertifisert system, må dei vise at dei har miljøleiingssystem med miljøleiingstiltak, rutinar og struktur som viser korleis leverandøren varetek relevante miljøomsyn knytte til tenestene som blir leverte, som oppfyller pkt. 1–7, t.d. ved bruk av eigenerklæring. KSMEF kan brukast som eigenerklæring for å dokumentere oppfylling av kravet.

Informasjon om kravet: 

Dersom du vil ha krav til eit miljøleiingssystem, må du som byggherre vurdere om det er riktig å stille kravet som kvalifikasjonskrav eller kontraktsvilkår.

DFØ tilrår dialog med marknaden om dette kvalifikasjonskravet for å undersøkje om entreprenørane har miljøleiingssystem som du stiller krav om. Du bør også sjekke om eventuelle underleverandørar kan oppfylle slike krav. Døme på ulike miljøleiingssystem er ISO 14001, EMAS og Miljøfyrtårn. Dersom dei ikkje har slike system, må du finne ut kor lang tid dei vil bruke for å få det på plass, og om dei er positive til eit slikt kontraktsvilkår. Eksempelvis er rettleiande tid for gjennomføring av ei Miljøfyrtårnsertifisering ca. 4 månader, dersom arbeidet er prioritert.

Eit miljøleiingssystem består av ein systematisk prosess eller metode som skildrar korleis ei verksemd gjennomfører, leier, måler og kontinuerleg avgrensar miljøpåverknaden sin for å sikre høg miljøstandard i verksemda. Ansvaret for miljøleiingssystemet ligg hos toppleiinga i verksemda. Miljøleiingssystemet inkluderer verksemda sin miljøpolicy, målsetnader, tiltak og rutinar med kontinuerleg forbetringstiltak.

Dersom bedrifta skal sertifiserast etter kontraktsignering, er det viktig å setje ein frist for sertifisering som er oppnåeleg for leverandør. Har leverandør eit system som er bygd opp etter ein standard, kan det ta frå 6 md. til 1 år før dei er ferdige med sertifiseringsprosessen avhengig av blant anna storleiken på bedrifta og sertifiseringssystem. Fordi det her er snakk om eit kontraktskrav, må systemet dokumenterast etter kontraktsinngåing, innan dei fristane som går fram. Tidspunktet må gå klart fram i kontraktutkast vedlagt konkurransegrunnlag.

For å sikre at leverandøren oppfyller kravet, bør det vurderast å knyte sanksjonar til manglande oppfylling av kravet.

Eigenerklæring vist under støttande dokument vil ikkje representere heile leiingssystemet, men gje ein dokumentasjon på nokre viktige element leverandøren må ha kontroll på. Skjemaet skal berre brukast dersom leverandøren ikkje er, eller ikkje har høve til å bli sertifisert, innan fristen.

Eigenerklæring om miljøleiing

 

Leverandør namn: Organisasjonsnr:
Kontaktperson: Telefon: 
E- postadresse:  
Krav nr. KravJaNei 

1 

Leverandøren har ein eigen miljøpolitikk og dokumenterte miljømål 

(vedlegg dokumentasjon) 

 

 

2

Leverandøren har oversikt over dei mest vesentlege miljøpåverknadene frå verksemda, og for dette konkrete prosjektet 

(Vedlegg dokumentasjon) 

 

 

3 

Leverandøren har dei ressursane som er nødvendige for å etablere, implementere, vedlikehalde og kontinuerleg forbetre leiingssystemet for miljøet tilpassa kontrakten for dette prosjektet 

(Vedlegg dokumentasjon) 

 

 

4 

Leverandøren har beredskap for å handtere potensielle situasjonar med risiko for ugunstige miljøpåverknader 

(Vedlegg dokumentasjon) 

 

 

5 

Leverandøren har ei leiing som følgjer opp systemet regelmessig, (vedlegg dokumentasjon på kven som har ansvaret og korleis dette har vorte følgt opp) 

 

 

6 

Leverandøren har gjort ei vurdering av kva for miljørisiko som ligg føre for det konkrete prosjektet og kva slags beredskap han har for å handtere desse. 

(vedlegg dokumentasjon) 

 

 

7 

Leverandøren stiller miljøkrav til underleverandørane 

Opplys kva typar krav, til kven, og korleis krava blir følgd opp (ev. som eige vedlegg): 

 

 

8 

Annan informasjon 

(ev. eige vedlegg) 

 

 

Dersom leverandør kan leggje fram eitt av følgjande som dokumentasjon på leiingssystemet sitt, kan ein sjå bort frå krava i tabell over:  

  • Gyldig sertifikat for gjeldande ISO 14001 eller EMAS standard, miljøfyrtårn for nivå ein 
  • Ei tredjeparts godkjend erklæring som seier at leverandøren sitt miljøleiingssystem oppfyller krava i ISO 14001 eller EMAS 

Eg stadfester at opplysningane i dette skjemaet er gjevne etter beste skjønn og inneheld etter mine vitande ikkje feilaktige opplysningar. Eg er kjent med at feilaktige opplysningar kan medføre ei eventuell bot.     

Stad og dato: 

Namn (i blokkbokstavar):  

 

Ansvarleg leiar (sign): 

 

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Manglande kompetanse og styring på miljø er ei utfordring for å følgje opp ambisjonar i eit anleggsprosjekt. Fleire og fleire konsulentar jobbar med enkeltemne som avfall, energi eller klimagassutslepp, men det er viktig at leverandørane tek eit heilskapleg grep om dei viktigaste miljøaspekta knytte til eiga verksemd og jobbar systematisk for å redusere miljøpåverknaden frå desse.

Eit miljøleiingssystem er med på å sikre ein systematisk måte å jobbe på som igjen førebyggjer uheldig miljøpåverknad, hjelper leverandør til å halde forpliktingar, bidreg til betre miljøprestasjon m.m. Eit miljøleiingssystem er ein del av leiingssystemet som blir brukt til å styre dei aktivitetane eller produkta leverandøren leverer.

Utforming av krav: 

Leverandør skal innan <X månader> etter kontraktsinngåing ha eit miljøleiingssystem som oppfyller krava i ISO 14001, EMAS standard, Miljøfyrtårn eller tilsvarande. Systemet må vere knytt til utøvande eining, og vise korleis leverandøren varetek relevante miljøomsyn knytte til tenestene som skal leverast.

Ved gjeven tidsfrist skal leverandør oversende dokumentasjon på at leverandør har fått på plass eit slikt miljøleiingssystem, t.d. gyldig sertifikat for miljøleiingssystemet. Byggherre kan etterspørje meir dokumentasjon, då skal leverandør framvise denne innan <X månader >.

Dokumentasjon av kravet: 

Ved gjeven tidsfrist krevst det at leverandøren sender over eitt av følgjande:

  • Gyldig sertifikat for gjeldande ISO 14001, EMAS standard, Miljøfyrtårn eller tilsvarande
    • Med tilsvarande meiner vi ei tredjeparts sertifisering som seier at leverandøren sitt miljøleiingssystem oppfyller krava i ISO 14001, EMAS, Miljøfyrtårn.

Informasjon om kravet: 

 Dersom du vil ha krav til eit miljøleiingssystem, må du som byggherre vurdere om det er riktig å stille kravet som kvalifikasjonskrav eller kontraktsvilkår.

DFØ tilrår dialog med marknaden om dette kvalifikasjonskravet for å undersøkje om entreprenørane har miljøleiingssystem som du stiller krav om. Du bør også sjekke om eventuelle underleverandørar kan oppfylle slike krav. Døme på ulike miljøleiingssystem er ISO 14001, EMAS og Miljøfyrtårn. Dersom dei ikkje har slike system, må du finne ut kor lang tid dei vil bruke for å få det på plass, og om dei er positive til eit slikt kontraktsvilkår. Eksempelvis er rettleiande tid for gjennomføring av ei Miljøfyrtårnsertifisering ca. 4 månader, dersom arbeidet er prioritert.

Eit miljøleiingssystem består av ein systematisk prosess eller metode som skildrar korleis ei verksemd gjennomfører, leier, måler og kontinuerleg avgrensar miljøpåverknaden sin for å sikre høg miljøstandard i verksemda. Ansvaret for miljøleiingssystemet ligg hos toppleiinga i verksemda. Miljøleiingssystemet inkluderer verksemda sin miljøpolicy, målsetnader, tiltak og rutinar med kontinuerleg forbetringstiltak.

Dersom bedrifta skal sertifiserast etter kontraktsignering, er det viktig å setje ein frist for sertifisering som er oppnåeleg for leverandør. Har leverandør eit system som er bygd opp etter ein standard, kan det ta frå 6 md. til 1 år før dei er ferdige med sertifiseringsprosessen avhengig av blant anna storleiken på bedrifta og sertifiseringssystem. Fordi det her er snakk om eit kontraktskrav, må systemet dokumenterast etter kontraktsinngåing, innan dei fristane som går fram. Tidspunktet må gå klart fram i kontraktutkast vedlagt konkurransegrunnlag.

For å sikre at leverandøren oppfyller kravet, bør det vurderast å knyte sanksjonar til manglande oppfylling av kravet.

Eigenerklæring vist under støttande dokument vil ikkje representere heile leiingssystemet, men gje ein dokumentasjon på nokre viktige element leverandøren må ha kontroll på. Skjemaet skal berre brukast dersom leverandøren ikkje er, eller ikkje har høve til å bli sertifisert, innan fristen.

Eigenerklæring om miljøleiing

 

Leverandør namn: Organisasjonsnr:
Kontaktperson: Telefon: 
E- postadresse:  
Krav nr. KravJaNei 

1 

Leverandøren har ein eigen miljøpolitikk og dokumenterte miljømål 

(vedlegg dokumentasjon) 

 

 

2

Leverandøren har oversikt over dei mest vesentlege miljøpåverknadene frå verksemda, og for dette konkrete prosjektet 

(Vedlegg dokumentasjon) 

 

 

3 

Leverandøren har dei ressursane som er nødvendige for å etablere, implementere, vedlikehalde og kontinuerleg forbetre leiingssystemet for miljøet tilpassa kontrakten for dette prosjektet 

(Vedlegg dokumentasjon) 

 

 

4 

Leverandøren har beredskap for å handtere potensielle situasjonar med risiko for ugunstige miljøpåverknader 

(Vedlegg dokumentasjon) 

 

 

5 

Leverandøren har ei leiing som følgjer opp systemet regelmessig, (vedlegg dokumentasjon på kven som har ansvaret og korleis dette har vorte følgt opp) 

 

 

6 

Leverandøren har gjort ei vurdering av kva for miljørisiko som ligg føre for det konkrete prosjektet og kva slags beredskap han har for å handtere desse. 

(vedlegg dokumentasjon) 

 

 

7 

Leverandøren stiller miljøkrav til underleverandørane 

Opplys kva typar krav, til kven, og korleis krava blir følgd opp (ev. som eige vedlegg): 

 

 

8 

Annan informasjon 

(ev. eige vedlegg) 

 

 

Dersom leverandør kan leggje fram eitt av følgjande som dokumentasjon på leiingssystemet sitt, kan ein sjå bort frå krava i tabell over:  

  • Gyldig sertifikat for gjeldande ISO 14001 eller EMAS standard, miljøfyrtårn for nivå ein 
  • Ei tredjeparts godkjend erklæring som seier at leverandøren sitt miljøleiingssystem oppfyller krava i ISO 14001 eller EMAS 

Eg stadfester at opplysningane i dette skjemaet er gjevne etter beste skjønn og inneheld etter mine vitande ikkje feilaktige opplysningar. Eg er kjent med at feilaktige opplysningar kan medføre ei eventuell bot.     

Stad og dato: 

Namn (i blokkbokstavar):  

 

Ansvarleg leiar (sign): 

 

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 25. nov 2020, Sist endra: 28. des 2020