Miljøleiingssystem

Grupper: 
  • Tenester
  • Avfall frå tjenesteytande verksemd
Kategori: 
  • Klima- og miljørapportering

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Kvalifikasjonskrav

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å redusere miljøbelastninga frå innsamling av oppdragsgjevar sitt avfall.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal ha eit tredjepartsattestert miljøleiingssystem eller –standard, av typen EMAS, ISO 14001, Miljøfyrtårn eller tilsvarande.

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal leggje fram lisensnummer på sertifiseringa.

Informasjon om kravet: 

Miljøleiingssystem og -standardar har som føremål å gje leverandøren informasjon om miljøbelastninga si ved tenesteutøvinga, og gjev støtte til utvikling av tiltak for å forbetre denne.

Miljøleiingsstandardar og -system skal bidra til å sikre at leverandøren arbeider mot konkrete klima- og miljømål, og har gode rutinar og tiltak internt i verksemda, og eksternt gjennom det verksemda produserer/leverer. Miljøleiingsstandardar skal sikre at leverandøren sine miljømål og -arbeid blir oppdaterte og utvikla over tid. Eit tredjeparts sertifisert system inneber at leverandøren sertifiserer seg gjennom EMAS, ISO 14001, Miljøfyrtårn eller andre miljøleiingsstandardar eller -system basert på relevante europeiske eller internasjonale standardar frå akkrediterte organ.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 26. sep 2018, Sist endra: 31. Mai 2019