Miljøoppfølgingsplan (MOP)

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Leiing

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Anskaffingar av bygg med gode miljøeigenskapar krev at du kartlegg dei aktuelle miljøkrava tidleg i prosjektet og fastset ambisjonar for det konkrete prosjektet. I tillegg må du ha ein systematikk for å følgje opp krava.

Argument

Dess tidlegare i planlegginga ein fastset miljøambisjonane og kartlegg naturmangfaldet på tomta og materialprodukt med risiko for miljøgifter, dess enklare blir det å auke miljøytinga innanfor kostnadsramma og dermed oppnå ei vellukka anskaffing.

Miljøoppfølgingsplanen blir nytta som eit verktøy for å følgje opp kontrakten ved å dokumentere korleis miljømåla i miljøprogrammet blir følgde opp. Miljøoppfølgingsplanen (MOP) gjer miljøprogrammet som er laga i tidlegare fasar i prosjektet meir detaljert, og viser korleis entreprenøren skal ta hand om miljøkrava heilt fram til overtakinga.

Utforming av krav: 

Basert på miljøprogrammet i prosjektet skal leverandøren utarbeide ein miljøoppfølgingsplan (MOP) i samsvar med NS 3466:2009 eller tilsvarande for å følgje opp miljømåla i prosjektet. MOP skal innehalde:

  • Prosjekta, delprosjekta og fasane miljøoppfølgingsplanen gjeld for

  • Forholdet mellom miljøoppfølgingsplanen og andre dokument for prosjektet

  • Roller og ansvar

  • Tiltak som tar vare på miljømåla

  • Korrigerande og supplerande tiltak

  • Vurdering av måloppnåing

  • Oppfølging av miljømåla

Første utkast til MOP og korleis leverandøren vil følgje opp arbeidet med MOP vidare i prosjektet skal leggjast fram på det første byggjemøtet.

MOP skal oppdaterast jamleg i prosjektperioden, minimum kvar månad eller ved endringar i prosjektet som verker inn på miljømåla eller tiltaka. MOP skal vere eit fast punkt på agendaen for alle byggjemøte, med ei utgreiing for korleis endringar etter det førre møtet verkar inn på miljøet.

 

Informasjon om kravet: 

NS 3466 med miljøprogram og miljøoppfølgingsplan inneheld nyttige definisjonar og fortel kva som skal inkluderast i miljøprogram og -plan.

Byggherren skal leggje ved eit miljøprogram i konkurransedokumenta, slik at tilbydaren kan byggje vidare på det. Det er viktig at miljøprogrammet er godt forankra hjå leiinga i prosjektet.

Miljøoppfølgingsplanen skal ein oppdatere og gjennomgå på det første byggjemøtet.

Viss leverandøren vert involvert særs tidleg, kan det vere rett at leverandøren lagar miljøprogram. Viss det er tilfellet, og det ikkje finst eit miljøprogram for prosjektet, bør du som byggherre som eit minimum opplyse om dei miljømåla som gjeld for prosjektet, slik at entreprenøren først kan lage eit miljøprogram basert på mål og krav som er valde i dette kriteriesettet. Bruk då kriteriet for Miljøprogram som tillegg til dette kriteriet. Entreprenøren lagar så ein MOP basert på miljøprogrammet.

MOP bør inkludere miljøkriteria oppdragsgivaren har valt for prosjektet frå Difi sitt kriteriesett, og eventuelle andre miljøkriterium. Kvart kriterium blir då likt eit krav i MOP med opplysingar om kven som skal ha ansvaret for å følgje opp.

 

 

Melding/ funksjon:

Ein må tilpasse kravet til innhald i miljøoppfølgingsplanen etter kor langt det er prosjektert. For å velje dette kravet må det vere laga eit miljøprogram og i motsett fall må kravet tilpassast og miljømåla skildrast, jf. punkta i kravformuleringa.

Det set krav til rapportering undervegs i prosjektet, og er eit punkt som bør sikrast gjennom å skildre krava til dei administrative rutinane i prosjektet.

Kriterierelasjoner og konflikter: 

P 1.21 Kravspesifikasjon Miljøprogram

Relatert kriterium

Bruk kriteriet for miljøprogram viss det ikkje er lagd eit miljøprogram i tidlegare fasar.

Relaterte lenkjer: 

NS 3466

Miljøprogram og miljøoppfølgingsplan for ytre miljø for bygge-, anleggs- og eiendomsnæringen

Publisert: 26. jan 2018, Sist endra: 31. Mai 2019