Miljørisikovurdering

Grupper: 
  • Prosjektering
Kategori: 
  • Leiing

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Føremålet med å gjennomføre ei miljørisikovurdering for anleggsarbeidet er å førebyggje hendingar og avgrense negativ konsekvens for ytre miljø og nærmiljøet.

Utforming av krav: 

Miljørisiko skal vurderast i alle delar av prosjektet. I miljørisikovurderinga skal leverandør minimum vurdere og skildre aktivitetar med konsekvens for følgjande miljøpåverknader:

  • Ureining av vatn og jord
  • Luftureining inkl. støv
  • Naturverdiar
  • Biologisk mangfald
  • Klimagassutslepp frå energi og materialbruk
  • Avfallshandtering
  • Naturressursar
  • Utslepp til resipient

Personell med relevant kompetanse på koordinering av krav til ytre miljø, planlegging i tidlegfase eller anleggserfaring skal gjere miljørisikovurderinga i arbeidsgruppe med relevante fagdisiplinar, og i tillegg prosjektleiinga og representant(ar) for byggherre med mynde til å treffe tiltak.

Prioriterte risikoreduserande tiltak blir vidareførte i kontrakt for utføringa.

ALARP-prinsippet kan leggjast til grunn ved vurdering av risikoreduserande tiltak. ALARP-prinsippet inneber ei omvendt bevisbyrde.

Det vil seie at ein vel identifiserte tiltak med mindre det er eit urimeleg misforhold mellom kostnader/ulemper og nytte. For større risikoar krevst det då normalt ein dokumentasjon av misforholdet.

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal dokumentere risikoanalysemøte og tverrfagleg prosjektering som sikrar at dei nødvendige vurderingane blir utførte. Dokumentasjonen frå møta skal følgjast opp i leverandøren sine planar for prosjektering.

Rapport – miljørisikovurdering, og prioriterte risikoreduserande tiltak med tidfesting av tiltak, skal inn i kontrakt med entreprenør.

Kompetanse skal dokumenterast ved at kravet og dei valde temaa må knytast opp mot miljømål/ambisjonar for prosjektet og dei andre kriteria som blir valde.

Skal dokumenterast etter opplyst frist ved CV og skildring som viser oppgåvene og rolla miljøkoordinatoren har i prosjektet. Miljøkoordinator skal ha tilstrekkeleg kompetanse til å vareta samordninga av arbeidet med å følgje opp miljømåla og krava i prosjektet.

Informasjon om kravet: 

DFØ tilrår at personell med relevant kompetanse på koordinering av krav til ytre miljø har ansvar for å gå gjennom miljørisikovurderingane saman med prosjektgruppa. Den som har ansvar for arbeidsgruppa, skal sikre at tilstrekkeleg kompetanse er til stades ved gjennomgang. Dersom du har ein ytre miljø-plan legg du denne ved konkurransegrunnlaget, i tillegg tilrår vi ein gjennomgang av denne på oppstartsmøtet.

Gjennom dei ulike prosjektfasane kan forholda og risikobiletet endre seg. Det kan derfor vere føremålstenleg å oppdatere miljørisikovurderinga før og under gjennomføringsfasen, og ha eit eige punkt for miljø på alle byggjemøte.

Dette kontraktskravet kan brukast om du er usikker på om marknaden kan levere den kompetansen du vil ha, men kan få kompetansen på plass etter val av tilbydar. Dersom marknaden er umoden på eit område/tema, kan det vere føremålstenleg å la leverandøren få hente inn denne kompetansen etter konkurransen. Er det tilstrekkeleg kompetanse i marknaden, kan dette gjerast i tildeling eller kvalifikasjon.

ALARP-prinsippet er som standard lagt til grunn ved vurdering av risikoreduserande tiltak her i dette kravet.  ALARP-prinsippet inneber ei omvendt bevisbyrde.

Det vil seie at ein vel identifiserte tiltak med mindre det er eit urimeleg misforhold mellom kostnader/ulemper og nytte. For større risikoar krevst det då normalt ein dokumentasjon av misforholdet.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 25. nov 2020, Sist endra: 29. des 2020