Miljørisikovurdering

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Leiing

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Føremålet med å gjennomføre ei miljørisikovurdering for anleggsarbeidet er å førebyggje ulykker og avgrense konsekvens på ytre miljø (og nærmiljøet).

Utforming av krav: 

Det skal i detaljprosjekteringa gjennomførast miljørisikovurderingar i samsvar med NS 5814, «Krav til risikovurderingar». Denne skal oppdaterast dersom det kjem endringar i prosjektet som medfører endringar i risikoforhold.

Miljørisiko skal minimum vurdere aktivitetar med konsekvens for følgjande miljøpåverknader:

  • Ureining av vatn og jord
  • Luftureining inkl. støv
  • Naturverdiar
  • Biologisk mangfald
  • Klimagassutslepp frå energi og materialbruk
  • Avfallshandtering
  • Naturressursar
  • Utslepp til resipient

Leverandøren skal identifisere risiko for og tiltak mot akutt ureining frå lagring, fylling og lekkasje av drivstoff og kjemikal.

Leverandøren skal dokumentere miljørisiko i BIM-modell som blir følgd gjennom prosjektering og gjennomføring.

Før anleggsarbeida startar opp, skal det gjennomførast miljørisikovurderingar i samsvar med NS 5815:2006, «Risikovurdering av anleggsarbeid». Rapport skal leggjast fram for byggherre seinast <XX> dagar i framkant av oppstart av aktivitet.

Personell med relevant kompetanse på koordinering av krav til ytre miljø skal gjere miljørisikovurderinga i arbeidsgruppe med relevante fagdisiplinar, og i tillegg prosjektleiinga og representant(ar) for byggherre med mynde til å treffe tiltak.

ALARP-prinsippet kan leggjast til grunn ved vurdering av risikoreduserande tiltak. ALARP-prinsippet inneber ei omvendt bevisbyrde.

Det vil seie at ein vel identifiserte tiltak med mindre det er eit urimeleg misforhold mellom kostnader/ulemper og nytte. For større risikoar krevst det då normalt ein dokumentasjon av misforholdet.

Dokumentasjon av kravet: 

Rapport – miljørisikovurdering, og oversikt over prioriterte risikoreduserande tiltak.

Leverandøren skal dokumentere risikoanalysemøte og tverrfagleg gjennomgang som sikrar at dei nødvendige tiltaka blir utførte.

Kompetanse skal dokumenterast ved at kravet og dei valde temaa må knytast opp mot miljømål/ambisjonar for prosjektet og dei andre kriteria som blir valde.

Skal dokumenterast etter opplyst frist ved CV og skildring som viser oppgåvene og rolla miljøkoordinatoren har i prosjektet. Miljøkoordinator skal ha tilstrekkeleg kompetanse til å vareta samordninga av arbeidet med å følgje opp miljømåla og krava i prosjektet.

Informasjon om kravet: 

DFØ tilrår at kvalifisert personell med relevant kompetanse på koordinering av krav til ytre miljø har ansvar for å gå gjennom miljørisikovurderingane med prosjektgruppa. Den som har ansvar for arbeidsgruppa, skal sikre at tilstrekkeleg kompetanse er til stades ved gjennomgang.

Gjennom dei ulike prosjektfasane kan forholda og risikobiletet endre seg. Det kan derfor vere føremålstenleg å oppdatere miljørisikovurderinga før og under gjennomføringsfasen.

Dette kontraktskravet kan brukast om du er usikker på om marknaden kan levere den kompetansen du vil ha, men kan få kompetansen på plass etter val av tilbydar. Dersom marknaden er umoden på eit område/tema, kan det vere føremålstenleg å la leverandøren få hente inn denne kompetansen etter konkurransen. Er det tilstrekkeleg kompetanse i marknaden, kan dette gjerast i tildeling eller kvalifikasjon.

ALARP-prinsippet er som standard lagt til grunn ved vurdering av risikoreduserande tiltak her. ALARP-prinsippet inneber ei omvendt bevisbyrde.

Det vil seie at ein vel identifiserte tiltak med mindre det er eit urimeleg misforhold mellom kostnader/ulemper og nytte. For større risikoar krevst det då normalt ein dokumentasjon av misforholdet.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 25. nov 2020, Sist endra: 29. des 2020