Miljøvenleg emballasje

Grupper: 
  • Nye møbler
Kategori: 
  • Fremme lukkede kretsløp

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Redusere råmaterialbruken i tilknyting til distribusjon og emballering av produkta som blir leverte på kontrakten.

Utforming av krav: 

Tilbydar skal gjennom kontraktperioden arbeide for å oppnå følgjande:

  • Redusere bruk av primær plast og auke delen av fornybart og gjenvunne materiale (til dømes gjenvunne plast).
  • Syte for at emballasje enkelt skal kunne separerast for hand i enkeltmateriale som kan resirkulerast (til dømes papp, papir, plast og tekstil kvar for seg). Og at isopor og bobleplast ikkje limast til emballasjen.
  • Auke delen gjenbrukbar emballasje.

Emballasjeoptimalisering: talet og storleiken på innpakninga skal stå i samsvar med form, funksjon og volum på produktet.

Dokumentasjon av kravet: 

Tilbydar skal rapportere [gje opp ein frist, til dømes kvart halvår] og gje informasjon om produktemballasjen i tråd med kravet.

Informasjon om kravet: 

Oppdragsgjevar kan vurdere å gjere endringar på krav til miljøvenleg emballasje etter kva oppdragsgjevar har mål om og kva som er rett avpassa i den konkrete anskaffinga.

Område som kan vurderast i tilpassing av kravet, er:

  • Plast skal ikkje innehalde PVC
  • Gjenvinnbart materiale, gjenvunne/fornybart materiale eller materiale som skal gjenbrukast
  • All eingangsemballasje skal vere 100% resirkulert og resirkulerbar, eller gjenbrukt frå eiga eller andre si verdikjede.

Unngå isopor, lim og bobleplast.

Publisert: 26. nov 2020, Sist endra: 29. nov 2020