Motorstøy frå køyretøy

Grupper: 
  • Personbil
Kategori: 
  • Støy

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hovudføremålet med miljøkriteriet er å redusere motorstøy frå køyretøy i tettbygde strok med låg fartsgrense og såleis bidra til eit betre bumiljø.

Utforming av krav: 

Køyrestøy målt i høve til EU 540/2014 skal ikkje vere over 72 dB(A) uavhengig av drivstoff.

Dokumentasjon av kravet: 

Tilbydar kan dokumentere støynivå per bilmodell slik han er gjeven opp i typegodkjenninga til EU. Informasjonen som skal gjevast opp står under “Test results", "Sound level of moving vehicle: dB(A)". 

Informasjon om kravet: 

Vedlegg 1 i Bilforskrifta gjev opp maksimumsnivå for tillate støy avhengig av tilhøvet mellom effekten og vekta på køyretøyet. Lovkravet er basert på EU 540/2014 "of the sound level of motor vehicles and of replacement silencing systems", Annex III.

Yting som er betre enn kravet kan du oppnå ved å bruke tildelingskriteriet "Motorstøy frå Køyretøy" - Basis, i tillegg til denne kravspesifikasjonen.

Hugs at krav og kriterium må følgjast opp. Rettleiing finn du på heimesidene til Difi under "Kontraktsoppfølging".

 

 

 

 

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hovudføremålet med miljøkriteriet er å redusere motorstøy frå køyretøy i tettbygde strok med låg fartsgrense og såleis bidra til eit betre bumiljø.

 

 

Utforming av krav: 

Køyretøyet skal vere ein nullutsleppsbil (el- eller hydrogenbil).

Dokumentasjon av kravet: 

Tilbydar kan dokumentere støynivå per bilmodell slik han er gjeven opp i typegodkjenninga til EU. Informasjonen som skal gjevast opp står under “Test results", "Sound level of moving vehicle: dB(A)".

Informasjon om kravet: 

Køyretøy som oppfyller dette kravet er nullutsleppskøyretøy fordi støynivået frå nullutsleppsbilar er lågare samanlikna med køyretøy med andre drivlinjer.

Bruk av kravet føreset at innkjøpar gjer ein marknadsanalyse i forkant av anskaffinga for å sikre eit tilstrekkeleg tal tilbod. Til dømes kan dette gjerast gjennom dialog med marknaden eller innovativ anskaffingsmetodikk. Det må vere eit tilstrekkeleg tal køyretøy på marknaden som tek vare på dei tekniske krava på bilen for å sikre reell konkurranse.

Bruk av kravet føreset at køyretøya (først og fremst elbilar) oppfyller behova til brukaren. Tildømes er det viktig å vurdere behov for rekkjevidde, tilhengarfeste og firehjulstrekk. I tillegg føreset det at nødvendige fylle- og ladeinfrastruktur er tilgjengeleg.

Hugs at krav og kriterium må følgjast opp. Rettleiing finn du på heimesidene til Difi under "Kontraktsoppfølging".

 

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 30. jan 2018, Sist endra: 31. Mai 2019