Motorstøy frå køyretøy

Grupper: 
  • Varebil
Kategori: 
  • Støy

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Tildelingskriterium

Hovudføremål: 

Hovudføremålet med miljøkriteriet er å redusere motorstøy frå køyretøy i tettbygde strok med låg fartsgrense og såleis bidra til eit betre bumiljø.

Utforming av krav: 

Tilbydde varebiler som har eit støynivå lågare enn 72 dB(A) får poeng etter ein skala fra 0 – 10 der 10 poeng er best.

Dokumentasjon av kravet: 

Tilbydar kan dokumentere støynivå per bilmodell slik han er gjeven opp i typegodkjenninga til EU. Informasjonen som skal gjevast opp står under “Test results”, “Sound level of moving vehicle: dB(A)”.

 

Informasjon om kravet: 

I 2017 var 98% av førstegongsregistrerte varebilar over 1900 kg. Difor vurderast alle N1-klasser under ett. Dette tyder likevel at for de tyngste varebilane vil kravet på basisnivået vere mest relevant, medan avansert nivå er meir relevant for lettare varebilar.

Vedlegg 1 i bilforskrifta gjev opp maksimunsnivået for tillate støy avhengig av tilhøvet mellom effekt og vekt på køyretøyet. Lovkravet er basert på EU 540/2014 "of the sound level of motor vehicles and of replacement silencing systems", Annex III.

Vekting av kriteriet må vurderast opp mot det overordna klima- og miljømålet til verksemda. Det er viktig at innkjøpar set 72 dB(A) som eit krav.

Difi sin effektmålar kan brukast til å vise klima- og miljøeffekten av valt krav og kriterium samanlikna med eit gjeve referansescenario.

Hugs at krav og kriterium må følgjast opp.  Rettleiing finn du på Difi sine heimesider under "Kontraktsoppfølging".

 

 

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Tildelingskriterium

Hovudføremål: 

Hovudføremålet med miljøkriteriet er å redusere motorstøy frå køyretøy i tettbygde strok med låg fartsgrense og såleis bidra til eit betre bumiljø.

 

 

Utforming av krav: 

Tilbydde varebiler som har eit støynivå lågare enn 74 dB(A) får poeng etter ein skala fra 0 – 10 der 10 poeng er best.

 

Dokumentasjon av kravet: 

Tilbydar kan dokumentere støynivå per bilmodell slik han er gjeven opp i typegodkjenninga til EU. Informasjonen som skal gjevast opp står under “Test results”, “Sound level of moving vehicle: dB(A)”.

 

Informasjon om kravet: 

I 2017 var 98% av førstegongsregistrerte varebilar over 1900 kg. Difor vurderast alle N1-klasser under ett. Dette tyder likevel at for de tyngste varebilane vil kravet på basisnivået vere mest relevant, medan avansert nivå er meir relevant for lettare varebilar.

Vedlegg 1 i bilforskrifta gjev opp maksimunsnivået for tillate støy avhengig av tilhøvet mellom effekt og vekt på køyretøyet. Lovkravet er basert på EU 540/2014 "of the sound level of motor vehicles and of replacement silencing systems", Annex III.

Vekting av kriteriet må vurderast opp mot det overordna klima- og miljømålet til verksemda. Det er viktig at innkjøpar set 74 dB(A) som eit krav.

Difi sin effektkalkulator kan brukast til å vise klima- og miljøeffekten av valt krav og kriterium samanlikna med eit gjeve referansescenario.

Hugs at krav og kriterium må følgjast opp. Rettleiing finn du på Difi sine heimesider under "Kontraktsoppfølging".

 

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 14. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019