Motorstøy frå køyretøy

Grupper: 
  • Personbil
Kategori: 
  • Støy

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Tildelingskriterium

Hovudføremål: 

Hovudføremålet med miljøkriteriet er å redusere motorstøy frå køyretøy i tettbygde strok med låg fartsgrense og såleis bidra til eit betre bumiljø.

 

Utforming av tildelingskriterium: 

Leverandørar som tilbyd personbilar som har eit støynivå lågare enn 72 dB(A) får poeng etter ein skala frå 0 – 10 der 10 poeng er best.

 

Dokumentasjon av tildelingskriteriet: 

Tilbydar kan dokumentere støynivå per bilmodell slik han er gjeven opp i typegodkjenninga til EU. Informasjonen som skal gjevas opp står under “Test results», «Sound level of moving vehicle: dB(A)».

 

Informasjon om tildelingskriteriet: 

Vedlegg 1 i bilforskrifta gjev opp maksimumsnivå for tillate støy avhengig av tilhøvet mellom effekt og vekt på køyretøyet. Lovkravet er basert på EU 540/2014 of the sound level of motor vehicles and of replacement silencing systems, Annex III.

Vekting av kriteriet må vurderast opp mot det overordna klima- og miljømålet til verksemda. Det er viktig at innkjøpar set 72 dB(A) som eit krav.

Effektmålaren til Difi kan brukast til å vise klima- og miljøeffekten av valt krav og kriterium samanlikna med eit gjeve referansescenario.

Hugs at krav og kriterium må følgjast opp. Rettleiing finn du på heimesidene til Difi under "Kontraktsoppfølging".

 

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 18. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019