Naturinngrep

Grupper: 
  • Prosjektering
Kategori: 
  • Økologi og overvatn

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Inngrep i naturen påverkar biodiversitet og den økologiske verdien til eit område. Ved større endringar kan artar eller naturtypar forsvinne.

For å redusere miljøpåkjenninga i anleggsområde så må du i størst mogleg grad unngå unødvendige terrenginngrep, og utføringa av anleggsarbeidet bør planleggjast slik at belastninga på området blir minimert.

Utforming av krav: 

Anleggsarbeidet skal planleggjast på ein måte som minimerer natur- og terrenginngrep i utføringa.

Dersom det er behov for å sikre eksisterande vegetasjon og andre naturmiljø, skal det utarbeidast marksikringsplanar som viser inngrepsgrenser, omsynssoner for bevaring av vegetasjon og naturgrunnlag i anleggsområdet.

Dokumentasjon av kravet: 

Storleiken og vanskegraden på anlegget avgjer kor detaljert planen og kartgrunnlaget bør vere, men marksikringsplanen bør innehalde.:

  • avgrensingane for planen
  • nytt og gamalt terreng med kotar (ikkje berre i snitt)
  • plassering av bygg og garasjar, inkludert høgdesetjing av sokkel
  • veganlegg med målsett regulert breidde, asfaltert breidde og høgder i kryss
  • grøftetrasear for vatn, avlaup og kablar, og i tillegg plassering av kummar og dimensjonar på leidningar
  • kabelanlegg og transformatorar
  • trasear for flaumvatn og flaumbekkar
  • område som skal beskyttast med inngjerding og krav til slikt gjerde
  • riggplass, lagerplass og deponi for stein og jordmassar
  • grense for bevart terreng
  • fyllings- og skjeringssoner
  • sprengings- eller raseringssoner der naturmark ikkje kan bevarast
  • murar og terrengtrapper
  • bevart vegetasjon
  • område for mellomlagring/deponering av matjord
  • innteikning av eventuelle bevarte steinblokker og liknande

Informasjon om kravet: 

Med viktige naturtypar meiner vi at lokaliteten er vurdert som svært viktig (A), viktig (B) og lokalt viktig (C) for biologisk mangfald i samsvar med Miljødirektoratets Håndbok 13, Kartlegging av naturtyper- verdsetting av biologisk mangfold, Miljødirektoratet

Marksikringsplanen skildrar i detalj organisering og tiltak for bevaring av vegetasjon og naturgrunnlag i eit byggje- og anleggsområde. Det er tiltakshavar sitt ansvar at marksikringsplanen blir etablert, følgt og kontrollert. Brot på planen bør medføre sanksjonar, til dømes bøter.

Dersom området har utgreiingsplikt, skal det vurderast påkjenning på:

  • artsmangfald
  • verna natur
  • viktige naturtypar, også til sjøs (i prosjekt der dette er relevant)
  • den økologiske funksjonen landskapet har
  • dyreliv (storvilt, småvilt, fugleliv, krypdyr m.m.)
  • vassførekomst
  • kantvegetasjon
  • omsynssoner

Dette vil resultere i reglar for det konkrete området som skal vidareførast i prosjektet. Dersom det ikkje er utgreiingsplikt, kan det likevel vere relevant å leggje inn krav til naturmiljø.

Kompenserande tiltak er sett på som siste utveg for å unngå uønskte verknader av inngrep i naturen. Dette er meir omfattande tiltak enn dei skadereduserande tiltaka som minimerer negative verknader i prosjektgjennomføringa. Det bør først vurderast å unngå, avgrense eller setje i stand lokaliteten/miljøet.

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Inngrep i naturen påverkar biodiversitet og den økologiske verdien til eit område. Ved større endringar kan artar eller naturtypar forsvinne.

For å redusere miljøpåkjenninga i anleggsområde så må du i størst mogleg grad unngå unødvendige terrenginngrep, og utføringa av anleggsarbeidet bør planleggjast slik at belastninga på området blir minimert.

Utforming av krav: 

Anleggsarbeidet skal planleggjast på ein måte som minimerer natur- og terrenginngrep i utføringa, og i størst mogleg grad varetek eksisterande vegetasjon. Det skal leggjast vekt på å redusere arealet for inngrepet.

Dersom det er behov for å sikre eksisterande vegetasjon og andre naturmiljø, skal det utarbeidast marksikringsplanar som viser inngrepsgrenser, omsynssoner for bevaring av vegetasjon og naturgrunnlag i anleggsområdet.

Skjeringar, fyllingar og andre prega areal/anlegg skal formast slik at dei er godt tilpassa omkringliggjande terreng/område. Terrenginngrepa skal formast slik at dei permanente visuelle og miljømessige verknadene av inngrepet blir minst mogleg.

Dokumentasjon av kravet: 

Storleiken og vanskegraden på anlegget avgjer kor detaljert planen og kartgrunnlaget bør vere, men marksikringsplanen bør innehalde.:

  • avgrensingane for planen
  • nytt og gamalt terreng med kotar (ikkje berre i snitt)
  • plassering av bygg og garasjar, inkludert høgdesetjing av sokkel
  • veganlegg med målsett regulert breidde, asfaltert breidde og høgder i kryss
  • grøftetrasear for vatn, avlaup og kablar, og i tillegg plassering av kummar og dimensjonar på leidningar
  • kabelanlegg og transformatorar
  • trasear for flaumvatn og flaumbekkar
  • område som skal beskyttast med inngjerding og krav til slikt gjerde
  • riggplass, lagerplass og deponi for stein og jordmassar
  • grense for bevart terreng
  • fyllings- og skjeringssoner
  • sprengings- eller raseringssoner der naturmark ikkje kan bevarast
  • murar og terrengtrapper
  • bevart vegetasjon
  • område for mellomlagring/deponering av matjord
  • innteikning av eventuelle bevarte steinblokker og liknande

Informasjon om kravet: 

Med viktige naturtypar meiner vi at lokaliteten er vurdert som svært viktig (A), viktig (B) og lokalt viktig (C) for biologisk mangfald i samsvar med Miljødirektoratets Håndbok 13, Kartlegging av naturtyper- verdsetting av biologisk mangfold, Miljødirektoratet

Marksikringsplanen skildrar i detalj organisering og tiltak for bevaring av vegetasjon og naturgrunnlag i eit byggje- og anleggsområde. Det er tiltakshavar sitt ansvar at marksikringsplanen blir etablert, følgt og kontrollert. Brot på planen bør medføre sanksjonar, til dømes bøter.

Dersom området har utgreiingsplikt, skal det vurderast påkjenning på:

  • artsmangfald
  • verna natur
  • viktige naturtypar, også til sjøs (i prosjekt der dette er relevant)
  • den økologiske funksjonen landskapet har
  • dyreliv (storvilt, småvilt, fugleliv, krypdyr m.m.)
  • vassførekomst
  • kantvegetasjon
  • omsynssoner

Dette vil resultere i reglar for det konkrete området som skal vidareførast i prosjektet. Dersom det ikkje er utgreiingsplikt, kan det likevel vere relevant å leggje inn krav til naturmiljø.

Kompenserande tiltak er sett på som siste utveg for å unngå uønskte verknader av inngrep i naturen. Dette er meir omfattande tiltak enn dei skadereduserande tiltaka som minimerer negative verknader i prosjektgjennomføringa. Det bør først vurderast å unngå, avgrense eller setje i stand lokaliteten/miljøet.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 25. nov 2020, Sist endra: 26. nov 2020