Naturinngrep

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Økologi og overvatn

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Inngrep i naturen påverkar biodiversitet og den økologiske verdien til eit område. Ved større endringar kan artar eller naturtypar forsvinne.

For å redusere miljøpåkjenninga i anleggsområde så må du i størst mogleg grad unngå unødvendige terrenginngrep, og utføringa av anleggsarbeidet bør planleggjast for å minimere belastninga på området.

Utforming av krav: 

Anleggsarbeidet skal planleggjast og utførast på ein måte som minimerer natur- og terrenginngrep og i størst mogleg grad varetek eksisterande vegetasjon. Det skal leggjast vekt på å redusere arealet for inngrepet.

Anleggsområda skal sikrast på ein slik måte at dyreliv ikkje kjem til skade

Eksisterande vegetasjon og andre naturmiljø skal sikrast ved aktiv bruk av marksikringsplanar. Ligg det føre ein marksikringsplan, skal arbeida gå føre seg i samsvar med denne. Brot på grenser og omsynssoner blir følgt av sanksjonar. 

Informasjon om kravet: 

Med viktige naturtypar meiner vi at lokaliteten er vurdert som svært viktig (A), viktig (B) og lokalt viktig (C) for biologisk mangfald i samsvar med Miljødirektoratets Håndbok 13, Kartlegging av naturtyper- verdsetting av biologisk mangfold, Miljødirektoratet

Marksikringsplanen skildrar i detalj organisering og tiltak for bevaring av vegetasjon og naturgrunnlag i eit byggje- og anleggsområde. Det er tiltakshavar sitt ansvar at marksikringsplanen blir etablert, følgt og kontrollert. Brot på planen bør medføre sanksjonar, til dømes bøter.

Dersom området har utgreiingsplikt, skal det vurderast påkjenning på:

  • artsmangfald
  • verna natur
  • viktige naturtypar, også til sjøs (i prosjekt der dette er relevant)
  • den økologiske funksjonen landskapet har
  • dyreliv (storvilt, småvilt, fugleliv, krypdyr m.m.)
  • vassførekomst
  • kantvegetasjon
  • omsynssoner

Dette vil resultere i reglar for det konkrete området som skal vidareførast i prosjektet. Dersom det ikkje er utgreiingsplikt, kan det likevel vere relevant å leggje inn krav til naturmiljø.

Kompenserande tiltak er sett på som siste utveg for å unngå uønskte verknader av inngrep i naturen. Dette er meir omfattande tiltak enn dei skadereduserande tiltaka som minimerer negative verknader i prosjektgjennomføringa. Det bør først vurderast å unngå, avgrense eller setje i stand lokaliteten/miljøet.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 25. nov 2020, Sist endra: 26. nov 2020