Økologiske produkt

Grupper: 
  • Mat- og drikkeprodukt
Kategori: 
  • Varer i sortiment

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er at oppdragsgjevarar som har mål om auka del økologiske produkt, får tilbod med økologiske produkt og for at dei tilbydde økologiske produkta tydeleg skal kome fram av elektronisk bestillingssystem.

 

Utforming av krav: 

Det skal tilbydast økologiske alternativ til utvalde produkt i avtalesortimentet. Kva produkt det skal tilbydast alternativ for, er spesifisert av oppdragsgjevar og kjem fram av produktlista (sjå bilag X).

Kva produkt som er økologiske, skal kome tydeleg fram i det elektroniske bestillingssystemet til oppdragsgjevar.

 

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal opplyse i produktlista kva produkt som oppfyller krava i økologiforskrifta til økologisk produkt, anten ved opplysning om merkeordning eller annan relevant dokumentasjon.

Ved bruk av EHF katalog skal økologiske produkt merkes i henhold til formatet. 

Ved bruk av leverandørens bestillingssystem skal leverandøren oppgi korleis dei økologiske produkta skal fremhevast i systemet. 

Informasjon om kravet: 

Dette kravet er relevant for verksemder som har mål om ei viss mengd økologisk. Her er det eigentleg to krav: Det skal tilbydast økologiske produkt for dei matprodukta som kjem fram av produktlista jf. bilag x. Og dei tilbydde økologiske produkta skal tydeleg kome fram av det elektroniske bestillingssystemet slik at dei også blir tilgjengelege.

Det blir tilrådd at verksemdene knyter kravet til ein heilskapleg strategi på området, slik at dei som gjer avrop blir oppfordra til å bestille økologiske alternativ.

I mange tilfelle er økologiske produkt dyrare enn konvensjonelle alternativ. Dette kan føre til at det blir gjort relativt få avrop på økologiske produkt, sjølv om dei er tilgjengelege i avtalesortimentet slik dette kravet presiserer. Oppdragsgjevarar bør ved bruk av dette kravet også bruke kontraktsvilkår for statistikk slik at dei kan følgje opp kva varer det faktisk blir gjort avrop på. Oppdragsgjevar bør også samarbeide med leverandøren i kontraktsperioden om å nå måla om auka del økologiske produkt.

Marknadsundersøkingar og leverandørdialog er nyttig for å identifisere produkt som er økologiske og rimelege slik at dette ikkje blir ein kostnadsdrivar.

Ut frå oppdragsgjevar sine mål og strategi kan det vere ønskjeleg å kombinere krav om at det skal tilbydast økologiske produkt i tillegg til konvensjonelle produkt for ei varegruppe (basis), og ønske om at det skal tilbydast berre økologiske produkt for ei anna varegruppe ( avansert). I tillegg kan det vere ønskjeleg å premiere leverandørar som kan tilby økologiske produkt for ei siste varegruppe (spydspiss).

Oppdragsgjevarar med eiga elektronisk handelsplattform:

Dersom oppdragsgjevar nyttar eiga elektronisk handelsplattform, kan kravet kombinerast med EHF-katalogmal frå Difi.

 

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er at oppdragsgjevarar som har mål om auka del økologiske produkt, får tilbod med økologiske produkt og for at dei tilbydde økologiske produkta tydeleg skal kome fram av elektronisk bestillingssystem.

Utforming av krav: 

Det skal tilbydast berre økologiske produkt for utvalde produkt i avtalesortimentet. Kva produkt dette gjeld, er spesifisert av oppdragsgjevar og kjem fram av produktlista (sjå bilag X).

Kva produkt som er økologiske, skal kome tydeleg fram i det elektroniske bestillingssystemet til oppdragsgjevar.

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal opplyse i produktlista kva produkt som oppfyller krava i økologiforskrifta til økologisk produkt, anten ved opplysning om merkeordning eller annan relevant dokumentasjon.

Ved bruk av EHF katalog skal økologiske produkt merkes i henhold til formatet. 

Ved bruk av leverandørens bestillingssystem skal leverandøren oppgi korleis dei økologiske produkta skal fremhevast i systemet. 

Informasjon om kravet: 

Dette kravet er relevant for verksemder som har mål om ei viss mengd økologisk. Her er det eigentleg to krav: Det skal tilbydast økologiske produkt for dei matprodukta som kjem fram av produktlista jf. bilag x. Og dei tilbydde økologiske produkta skal tydeleg kome fram av det elektroniske bestillingssystemet slik at dei også blir tilgjengelege.

Det blir tilrådd at verksemdene knyter kravet til ein heilskapleg strategi på området, slik at dei som gjer avrop blir oppfordra til å bestille økologiske alternativ.

I mange tilfelle er økologiske produkt dyrare enn konvensjonelle alternativ. Dette kan føre til at det blir gjort relativt få avrop på økologiske produkt, sjølv om dei er tilgjengelege i avtalesortimentet slik dette kravet presiserer. Oppdragsgjevarar bør ved bruk av dette kravet også bruke kontraktsvilkår for statistikk slik at dei kan følgje opp kva varer det faktisk blir gjort avrop på. Oppdragsgjevar bør også samarbeide med leverandøren i kontraktsperioden om å nå måla om auka del økologiske produkt.

Marknadsundersøkingar og leverandørdialog er nyttig for å identifisere produkt som er økologiske og rimelege slik at dette ikkje blir ein kostnadsdrivar.

Ut frå oppdragsgjevar sine mål og strategi kan det vere ønskjeleg å kombinere krav om at det skal tilbydast økologiske produkt i tillegg til konvensjonelle produkt for ei varegruppe (basis), og ønske om at det skal tilbydast berre økologiske produkt for ei anna varegruppe ( avansert). I tillegg kan det vere ønskjeleg å premiere leverandørar som kan tilby økologiske produkt for ei siste varegruppe (spydspiss).

Oppdragsgjevarar med eiga elektronisk handelsplattform:

Dersom oppdragsgjevar nyttar eiga elektronisk handelsplattform, kan kravet kombinerast med EHF-katalogmal frå Difi.

Spydspiss

Krav- og kriterietyper: 
  • Tildelingskriterium

Hovudføremål: 

Hovudføremålet med er å premiere leverandørar som i større grad bidreg til at oppdragsgjevar når måla sine om auka del økologiske produkt. Tildelingskriteriet oppfordrar leverandørar til å auke delen økologiske produkt i det tilbydde sortimentet. Dette kan vere med på å auke forbruket av økologiske produkt fordi det er fleire valalternativ for verksemdene og brukarar.

Utforming av krav: 

Oppdragsgjevar ønskjer å premiere tilbod som har høgare del økologiske produkt i avtalesortimentet utover dei produkta der det alt er stilt krav om slike eigenskapar.

Det blir gjeve poeng for tilbydde økologiske produkt utover minstekravet. Poenga blir vekta opp mot estimert volum for den enkelte varelinja.

Totalt volum for dei enkelte etterspurde produkta kjem fram av bilag X.

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal opplyse i produktlista kva produkt som oppfyller krava i økologiforskrifta til økologisk produkt, anten ved opplysning om merkeordning eller annan relevant dokumentasjon.

Informasjon om kravet: 

Dette kravet er relevant for verksemder som har mål om ei viss mengd økologisk. Her er det eigentleg to krav: Det skal tilbydast økologiske produkt for dei matprodukta som kjem fram av produktlista jf. bilag x. Og dei tilbydde økologiske produkta skal tydeleg kome fram av det elektroniske bestillingssystemet slik at dei også blir tilgjengelege.

Det blir tilrådd at verksemdene knyter kravet til ein heilskapleg strategi på området, slik at dei som gjer avrop blir oppfordra til å bestille økologiske alternativ.

I mange tilfelle er økologiske produkt dyrare enn konvensjonelle alternativ. Dette kan føre til at det blir gjort relativt få avrop på økologiske produkt, sjølv om dei er tilgjengelege i avtalesortimentet slik dette kravet presiserer. Oppdragsgjevarar bør ved bruk av dette kravet også bruke kontraktsvilkår for statistikk slik at dei kan følgje opp kva varer det faktisk blir gjort avrop på. Oppdragsgjevar bør også samarbeide med leverandøren i kontraktsperioden om å nå måla om auka del økologiske produkt.

Marknadsundersøkingar og leverandørdialog er nyttig for å identifisere produkt som er økologiske og rimelege slik at dette ikkje blir ein kostnadsdrivar.

Ut frå oppdragsgjevar sine mål og strategi kan det vere ønskjeleg å kombinere krav om at det skal tilbydast økologiske produkt i tillegg til konvensjonelle produkt for ei varegruppe (basis), og ønske om at det skal tilbydast berre økologiske produkt for ei anna varegruppe ( avansert). I tillegg kan det vere ønskjeleg å premiere leverandørar som kan tilby økologiske produkt for ei siste varegruppe (spydspiss).

Oppdragsgjevarar med eiga elektronisk handelsplattform:

Dersom oppdragsgjevar nyttar eiga elektronisk handelsplattform, kan kravet kombinerast med EHF-katalogmal frå Difi.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 08. mar 2019, Sist endra: 31. Mai 2019