Ombruk av materiale og komponentar

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Materialar

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Produksjon av materiale står for ein stor del av energi- og klimafotavtrykket knytt til byggje- og anleggsverksemd. Omtrent halvparten av materialproduksjon, halvparten an energiforbruket og ein tredjedel av vassforbruket i EU er knytt til bygg- og anleggssektoren. For å kompensere for energi- og klimafotavtrykket er det viktig å gje materiala lengst mogleg levetid.

Ofte blir relativt nye anlegg rivne, og mykje av desse materiala / komponentane kan potensielt brukast om att. Ombruk av materiale bidreg til sirkulærøkonomi og redusert energi- og klimautslepp frå materialproduksjon. I tillegg reduserer ombruk behovet for avfallshandtering. Ombruk av byggjemateriale i direkte nærleik til aktuell utbygging reduserer også behovet for transport av avfall og byggjemateriale.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal <X> månader etter kontraktsignering levere ein plan med strategiar og tiltak for å ombruke materiale eller konstruksjonar frå andre bygg og anlegg som er eller skal bli rivne/rehabiliterte. 

Planen skal minimum inkludere strategiar og konkrete tiltak for:

  • ombruk av materiale som er tilgjengelege i dette prosjektet med type, mengd og miljøvinst
  • ombruk av materiale som blir tilgjengelege i løpet av prosjektet
  • framtidig ombruk av materiale eller konstruksjonar (design for ombruk)

Dersom det er gjort ei kartlegging av ombruk på i prosjekteringa ,skal dette leggjast ved som vedlegg til kunngjeringa og brukast som grunnlag for planen.

Dokumentasjon av kravet: 

Plan på maksimalt 3 sider med strategiar og tiltak for ombruk av materiale.

Leverandøren skal også dokumentere korleis produktdokumentasjonen skal varetakast.

Informasjon om kravet: 

Når du bruker dette kravet, tilrår vi å gå tidleg ut i marknaden og kommunisere at det er eit ønske å ombruke materiale i prosjektet. Du bør på førehand undersøkje kva for produkt som finst på marknaden. Er det kjent at bygg eller anlegg i nærliggjande område er planlagt rivne eller rehabiliterte, bør dette opplysast i konkurransen. Det er også viktig å vere førebudd på at materiale som det i utgangspunktet er tenkt å gjenbruke (t.d. betong), kan vise seg å vere ureina etter meir nøyaktige undersøkingar eller at dei er vanskelege å demontere for ombruk.

Det er utfordrande å dokumentere eigenskapar til brukte materiale, leverandøren må derfor dokumentere korleis dei tenkjer å vareta dette.

Døme på ombruk:

  • ombruk av konstruksjonar når det blir bygd nytt på same stad
  • ombruk av konstruksjonar som kan demonterast, til bruk annan stad
  • ombruk av belegningsstein, m.m.
  • ombruk av trevirke
  • ombruk av vegmerking, skilt, sperremateriell, etc.
  • bruk av restbetong eller knust betong i konstruksjonar eller gabionar
  • bruk av gamle røyr til nedgraderte føremål, t.d. gamle trykkrøyr til overvassvatn
  • kantstein
  • lastberande stålkomponentar kan demonterast og brukast på nytt
  • prefabrikkerte betongprodukt, som holdekke, kan demonterast og gjenbrukast i nye konstruksjonar (føreset at dokumentasjonen på kvalitet / toleevne tilfredsstiller nytt design)

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 24. nov 2020, Sist endra: 26. nov 2020