Open handsaming av overvatn, nytte overvatn som ressurs

Grupper: 
  • Prosjektering
Kategori: 
  • Økologi og overvatn

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Utfordringar knytte til overvatn relaterer seg i stor grad til lukka avlaupssystem og tettstadane våre. I tillegg er auka intensitet i nedbør ein medverkande faktor knytt til overfløymingar og følgjene det har.

Argument

Open handsaming av overvatn kan gi større fleksibilitet i mengda overvatn som kan fordøyast og leiast vekk frå tomta, sidan det ikkje finst like mange flaskehalsar som røyr, sluk, kummar m.m. Drift og vedlikehald er ofte enklare, og kan vere rimelegare enn lukka handsaming av overvatn i eit LCC-perspektiv. Opne system kan gi tilleggsverdiar som t.d. estetikk, rekreasjon, grøntareal og auka biologisk mangfald.

 

Utforming av krav: 

Meir enn 50 % av overvatnet frå mindre regnmengder (tabell 8.22.1) skal handsamast ope. Vegetasjon skal nyttast lokalt i samspel med infiltrasjon, fordamping osb. slik at det naturlege krinslaupet til vatnet vert halde ved like, og for å nytte evna naturen har til sjølvreinsing.

Mindre regnmengder er her definert som den nedbørmengda du må handsame for å fange opp 95 % av årsnedbøren, gitt i tabell 1. Når ein dimensjonerer overvasstiltak, reknar ein dimensjonar for alle regnvarigheiter mellom 10 og 1440 minutt. Den største nedbørmengda vert dimensjonerande.

Tabell 8.22.1: Medrekna mindre regnmengder [mm] for å handsame 95 % av årsnedbøren (utrekna data frå e-klima.no).
Regnvarigheit [min]101520304560901201803607201440
95 % av årsnedbøren fanga opp i mm1,41,82,22,93,64,45,56,78,312,217,3

24,0

 

Følgjande skal dokumenterast ved å utarbeide ein rapport etter synfaring:

  • Arbeidet skal utførast av ein person med relevant kjennskap til standardiserte metodar innan utrekningar av overvatn, t.d. VA-ingeniør
  • Synfaring skal gjennomførast før byggjearbeidet, inkl. førebuande arbeid, vert innleia på tomta.
  • Rapporten og vurderingar knytte til overvatn skal koordinerast med ev. andre dokumentasjonskrav som økologirapport, landskapsskildring og utomhusplan, geoteknikk osb.

Ein skal minst vurdere desse momenta i rapporten:

  • Føresegner og tidlegare planar
  • Vurdering av grunntilhøve
  • Skildring av noverande situasjon
  • Plassering og val av tiltak for handsaming av overvatn
  • System for overvatn for framtidig situasjon
Informasjon om kravet: 

Dette kriteriet blir rekna ut av ein VA-ingeniør i prosjekteringa, som kartlegg alternative fordrygingstiltak i ein rapport. Rapporten bør innehalde ein del moment som er ramsa opp i kravet, det kan utdjupast litt:

  • Føresegner og tidlegare planar: T.d. ein kort gjennomgang av føresegner i regulering eller kommuneplan knytte til handsaming av overvatn.
  • Vurdering av grunntilhøve: T.d. vurdering av lausmassesamansetjing, grunnvassnivå og infiltrasjonsevne.
  • Skildring av noverande situasjon: Til dømes:
    • Områdeavgrensing
    • Skildring av synfaringa (tid, dato, vertilhøve)
    • Eksisterande system for overvatn
    • Vurdering av naturlik vassbalanse
    • Tilstand på nærliggjande vassdrag (hydrologi og vasskvalitet)
    • Eksisterande flaumvegar
    • Ev. historiske overvassutfordringar
    • Grøntstruktur
    • Avrenning frå tilgrensande område
  • Plassering og val av tiltak for handsaming av overvatn: Til dømes:
    • Utrekning av overvassmengder basert på framtidig arealbruk
    • Plassering og dimensjonering av tiltak for handsaming av overvatn som følgjer krava for basisnivå og ev. avansert nivå.
  • System for overvatn for framtidig situasjon. T.d. skildring av korleis ein skal nå ambisjonsnivået på dette kravet.

Generelt er dei følgjande utfordringane knytte til lukka system for handsaming av overvatn:

  • Påslepp til offentleg avlaupsanlegg: Systema føreset ofte eit påslepp av overvatn på kommunalt avlaupsanlegg som i mange tilfelle har avgrensa kapasitet.
  • Vassbalanse: Nedbør blir transportert ut av området utan moglegheit for infiltrasjon, fordamping eller opptak i vegetasjon, som elles kan sikre ein naturlik vassbalanse. Grunnvassnivået blir redusert med påfølgjande setningsskadar.
  • Framandvatn: Ved tilføring til felles avlaupssystem, blir reint overvatn tilført avlaupsreinseanlegg. Det uønskte vatnet som blir ført til avlaupsreinseanlegget, blir ofte omtalt som «framandvatn».
  • Kapasitet: Kapasiteten i systemet er avgrensa av sluk, diameter på leidningar, kummar osb.
  • Gjer naturbasert reinsing vanskeleg: Det kan vere utfordrande å kombinere lukka system for overvatn med naturbasert reinsing av forureina overvatn.
  • Reinsing: Med unnatak av sandfang og oljeutskiljarar, er det avgrensa kor mange tilgjengelege reinsetiltak som kan kombinerast med eit lukka system.
  • Drift og vedlikehald: Å identifisere behov for naudsynt drift og vedlikehald er utfordrande ettersom systema ligg under bakkenivå.
  • Tilleggsverdiar: Eit lukka system gir minimalt med tilleggsverdiar. Funksjonen til lukka underjordiske system for overvatn er berre å fordryge og føre vidare overvatn.
  • Volumbehov under bakkenivå: Lukka fordrygingsløysingar for overvatn krev volum under bakkenivå. I byområde vil det kunne ta opp volum som vi i framtida ønskjer å nytte til annan infrastruktur.

Fortetting inneber ofte at urørt terreng blir erstatta med impermeable overflater som tak, asfalt og betong. Saman med klimaendringar og forventa auke i nedbørsintensitetar, inneber fortetting auka overvassmengder som må handsamast lokalt for ikkje å overbelaste avlaupsanlegg eller vassdrag.

For å møte noverande og framtidige utfordringar knytte til overvatn, tilrår Norsk Vann at overvatn vert handsama etter tretrinnsstrategien (figur 1). Samanlikna med den opphavlege tretrinnsstrategien, er det i figuren lagt til eit trinn 0 som femner om den heilskaplege planlegginga som skal sikre gjennomføringa av dei påfølgjande trinna.

 

Figur 1: Tretrinnsstrategi for håndtering av overvann basert på Norsk Vann. I forhold til opprinnelig figur er det lagt til et trinn 0 som omfatter den planlegging som er nødvendig for å sikre vannhåndtering gjennom tre trinn.
 
 

 

Analyser frå Oslo viser at 95 % av årsnedbøren vanlegvis utgjer om lag ein tredjedel av nedbørsmengdene med 2 års gjentakingsintervall. Som illustrert i figur 2vil tiltak i trinn 1 handsame det aller meste av vatnet på årsbasis, men ha avgrensa effekt på kraftig regn.

 

•	Figur 2: Illustrasjon av hvor vannmengdene håndteres (fordeling på ulike trinn) ved ekstremnedbør (venstre) og på årsbasis (høyre) i henhold til tre-trinnsstrategien.
 
 

 

 

Døme:

Eit område skal byggjast ut.

  • For avansert ambisjonsnivå skal 50 % av vatnet frå kraftig regn handsamast ope.
  • Utlaup av overvatn frå området er til kommunalt avlaupssystem. Kommunen tillèt maksimalt 10 l/s.
  • For området må vi etter tabell 8.22.2 handsame 10-årsregnet lokalt (10-årsregnet er altså stor nedbørmengd her).
  • Gå til eklima.no og last ned lokal IVF-statistikk for planområdet, og hent ut data for 10-årsregnet. Multipliser dataa med ein klimafaktor, venta relativ auke av nedbørsintensitet. (Norsk Vann tilrår at det vert nytta ein klimafaktor på mellom 1,3 og 1,5 for dimensjonering av nye avlaupsanlegg med ei levetid på 100 år).
  • Rekn ut totalt fordrygingsvolum for heile området (t.d. 100 m3) etter metoden skildra i rapport 193.
  • Minst 50 m3 av fordrygingsvolumet skal vere over bakken (handsama ope på tak, regnbed m.m.).
  • Dei resterande 50 m3 kan i prinsippet handsamast under bakken i store røyrmagasin.

 

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Utfordringar knytte til overvatn relaterer seg i stor grad til lukka avlaupssystem og tettstadane våre. I tillegg er auka intensitet i nedbør ein medverkande faktor knytt til overfløymingar og følgjene det har.

Argument

Open handsaming av overvatn kan gi større fleksibilitet i mengda overvatn som kan fordøyast og leiast vekk frå tomta, sidan det ikkje finst like mange flaskehalsar som røyr, sluk, kummar m.m. Drift og vedlikehald er ofte enklare, og kan vere rimelegare enn lukka handsaming av overvatn i eit LCC-perspektiv. Opne system kan gi tilleggsverdiar som t.d. estetikk, rekreasjon, grøntareal og auka biologisk mangfald.

Utforming av krav: 

Meir enn 50 % av overvatnet frå mindre regnmengder (tabell 8.22.1) skal handsamast ope. Vegetasjon skal nyttast lokalt i samspel med infiltrasjon, fordamping osb. slik at det naturlege krinslaupet til vatnet vert halde ved like, og for å nytte evna naturen har til sjølvreinsing.

Mindre regnmengder er her definert som den nedbørmengda du må handsame for å fange opp 95 % av årsnedbøren, gitt i tabellen. Når ein dimensjonerer overvasstiltak, reknar ein dimensjonar for alle regnvarigheiter mellom 10 og 1440 minutt. Den største nedbørmengda vert dimensjonerande.

Tabell 8.22.1: Medrekna mindre regnmengder [mm] for å handsame 95 % av årsnedbøren (utrekna data frå e-klima.no).
Regnvarigheit [min] 10 15 20 30 45 60 90 120 180 360 720 1440
95 % av årsnedbøren fanga opp i mm 1,4 1,8 2,2 2,9 3,6 4,4 5,5 6,7 8,3 12,2 17,3

24,0

 

Følgjande skal dokumenterast ved å utarbeide ein rapport etter synfaring:

  • Arbeidet skal utførast av ein person med relevant kjennskap til standardiserte metodar innan utrekningar av overvatn, t.d. VA-ingeniør
  • Synfaring skal gjennomførast før byggjearbeidet, inkl. førebuande arbeid, vert innleia på tomta.
  • Rapporten og vurderingar knytte til overvatn skal koordinerast med ev. andre dokumentasjonskrav som økologirapport, landskapsskildring og utomhusplan, geoteknikk osb.

Ein skal minst vurdere desse momenta i rapporten:

  • Føresegner og tidlegare planar
  • Vurdering av grunntilhøve
  • Skildring av noverande situasjon
  • Plassering og val av tiltak for handsaming av overvatn
  • System for overvatn for framtidig situasjon

 

I tillegg skal meir enn 50 % av overvatnet handsamast ope, t.d. ved fordrygingsdammar, infiltrasjonsbaserte tiltak, grøne tak og areal lagt til rette for kontrollert overfløyming.

Det femner om fysiske tiltak som fordryger, altså held att, overvatnet mellombels lokalt før utlaup til vassdrag eller kommunalt avlaupssystem. Grensene for kva som blir oppfatta som store nedbørsmengder kjem an på områdetypen, sjå tabell 8.22.2.

Tabell 8.22.2: Minstemålet for dimensjonerande gjentakingsintervall, tilrådd av Norsk Vann. Data henta frå Norsk Vann (2008).
Dimensjonerande gjentakingsintervall for nedbør Områdetype
5 år Område med lågt skadepotensial (utkantområde, landkommunar osb.)
10 år Bustadområde
20 år Bysenter/industriområde/forretningsstrøk
30 år Undergangar/område med særs høgt skadepotensial

Det skal nyttast lokal nedbørstatistikk (t.d. frå E-klima.no) ved utrekning av store nedbørsmengder (Trinn 2 i figur 2). Dimensjonerande nedbør skal multipliserast med ein klimafaktor for å ta hand om venta auke i nedbør som følgje av global oppvarming. Ein bør velje klimafaktor basert på dei siste oppdaterte overslaga, t.d. klimaservicesenteret.no.

Informasjon om kravet: 

Dette kriteriet blir rekna ut av ein VA-ingeniør i prosjekteringa, som kartlegg alternative fordrygingstiltak i ein rapport. Rapporten bør innehalde ein del moment som er ramsa opp i kravet, det kan utdjupast litt:

  • Føresegner og tidlegare planar: T.d. ein kort gjennomgang av føresegner i regulering eller kommuneplan knytte til handsaming av overvatn.
  • Vurdering av grunntilhøve: T.d. vurdering av lausmassesamansetjing, grunnvassnivå og infiltrasjonsevne.
  • Skildring av noverande situasjon: Til dømes:
    • Områdeavgrensing
    • Skildring av synfaringa (tid, dato, vertilhøve)
    • Eksisterande system for overvatn
    • Vurdering av naturlik vassbalanse
    • Tilstand på nærliggjande vassdrag (hydrologi og vasskvalitet)
    • Eksisterande flaumvegar
    • Ev. historiske overvassutfordringar
    • Grøntstruktur
    • Avrenning frå tilgrensande område
  • Plassering og val av tiltak for handsaming av overvatn: Til dømes:
    • Utrekning av overvassmengder basert på framtidig arealbruk
    • Plassering og dimensjonering av tiltak for handsaming av overvatn som følgjer krava for basisnivå og ev. avansert nivå.
  • System for overvatn for framtidig situasjon. T.d. skildring av korleis ein skal nå ambisjonsnivået på dette kravet.

Generelt er dei følgjande utfordringane knytte til lukka system for handsaming av overvatn:

  • Påslepp til offentleg avlaupsanlegg: Systema føreset ofte eit påslepp av overvatn på kommunalt avlaupsanlegg som i mange tilfelle har avgrensa kapasitet.
  • Vassbalanse: Nedbør blir transportert ut av området utan moglegheit for infiltrasjon, fordamping eller opptak i vegetasjon, som elles kan sikre ein naturlik vassbalanse. Grunnvassnivået blir redusert med påfølgjande setningsskadar.
  • Framandvatn: Ved tilføring til felles avlaupssystem, blir reint overvatn tilført avlaupsreinseanlegg. Det uønskte vatnet som blir ført til avlaupsreinseanlegget, blir ofte omtalt som «framandvatn».
  • Kapasitet: Kapasiteten i systemet er avgrensa av sluk, diameter på leidningar, kummar osb.
  • Gjer naturbasert reinsing vanskeleg: Det kan vere utfordrande å kombinere lukka system for overvatn med naturbasert reinsing av forureina overvatn.
  • Reinsing: Med unnatak av sandfang og oljeutskiljarar, er det avgrensa kor mange tilgjengelege reinsetiltak som kan kombinerast med eit lukka system.
  • Drift og vedlikehald: Å identifisere behov for naudsynt drift og vedlikehald er utfordrande ettersom systema ligg under bakkenivå.
  • Tilleggsverdiar: Eit lukka system gir minimalt med tilleggsverdiar. Funksjonen til lukka underjordiske system for overvatn er berre å fordryge og føre vidare overvatn.
  • Volumbehov under bakkenivå: Lukka fordrygingsløysingar for overvatn krev volum under bakkenivå. I byområde vil det kunne ta opp volum som vi i framtida ønskjer å nytte til annan infrastruktur.

Fortetting inneber ofte at urørt terreng blir erstatta med impermeable overflater som tak, asfalt og betong. Saman med klimaendringar og forventa auke i nedbørsintensitetar, inneber fortetting auka overvassmengder som må handsamast lokalt for ikkje å overbelaste avlaupsanlegg eller vassdrag.

For å møte noverande og framtidige utfordringar knytte til overvatn, tilrår Norsk Vann at overvatn vert handsama etter tretrinnsstrategien (figur 1). Samanlikna med den opphavlege tretrinnsstrategien, er det i figuren lagt til eit trinn 0 som femner om den heilskaplege planlegginga som skal sikre gjennomføringa av dei påfølgjande trinna.

Figur 1: Tretrinnsstrategi for håndtering av overvann basert på Norsk Vann. I forhold til opprinnelig figur er det lagt til et trinn 0 som omfatter den planlegging som er nødvendig for å sikre vannhåndtering gjennom tre trinn.
 
 

Analyser frå Oslo viser at 95 % av årsnedbøren vanlegvis utgjer om lag ein tredjedel av nedbørsmengdene med 2 års gjentakingsintervall. Som illustrert i figur 2vil tiltak i trinn 1 handsame det aller meste av vatnet på årsbasis, men ha avgrensa effekt på kraftig regn.

•	Figur 2: Illustrasjon av hvor vannmengdene håndteres (fordeling på ulike trinn) ved ekstremnedbør (venstre) og på årsbasis (høyre) i henhold til tre-trinnsstrategien.
 
 

 

Døme:

Eit område skal byggjast ut.

  • For avansert ambisjonsnivå skal 50 % av vatnet frå kraftig regn handsamast ope.
  • Utlaup av overvatn frå området er til kommunalt avlaupssystem. Kommunen tillèt maksimalt 10 l/s.
  • For området må vi etter tabell 8.22.2 handsame 10-årsregnet lokalt (10-årsregnet er altså stor nedbørmengd her).
  • Gå til eklima.no og last ned lokal IVF-statistikk for planområdet, og hent ut data for 10-årsregnet. Multipliser dataa med ein klimafaktor, venta relativ auke av nedbørsintensitet. (Norsk Vann tilrår at det vert nytta ein klimafaktor på mellom 1,3 og 1,5 for dimensjonering av nye avlaupsanlegg med ei levetid på 100 år).
  • Rekn ut totalt fordrygingsvolum for heile området (t.d. 100 m3) etter metoden skildra i rapport 193.
  • Minst 50 m3 av fordrygingsvolumet skal vere over bakken (handsama ope på tak, regnbed m.m.).
  • Dei resterande 50 m3 kan i prinsippet handsamast under bakken i store røyrmagasin.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 08. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019