Opplæring

Grupper: 
  • Køyretøy
Kategori: 
  • Ressurseffektiv drift

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Målet med kravet er å oppnå ei ressurseffektiv drift av avfallsinnsamling, med fokus på å redusere luftureining og klimagassutslepp.

Utforming av krav: 

Køyretøyprodusenten skal vederlagsfritt gje oppdragsgjevaren sine sjåførar opplæring i miljøvenleg, sikker og økonomisk bruk av køyretøy og påbygg som blir anskaffa [spesifiser stad, tidspunkt og eventuelt minimumslengd for kurs, til dømes hos oppdragsgjevar, ved levering av køyretøya].

Opplæringa skal omfatte dei forholda ved køyretøy og påbygg som det er viktig at sjåfør kjenner til for å oppnå mest mogleg miljøvenleg, sikker og økonomisk bruk. Opplæringa skal skje i oppdragsgjevar sine lokale [på norsk eller engelsk]. [dersom det skal setjast krav til videoutstyr eller liknande, kan dette gjerast her].

Dokumentasjon av kravet: 

Eigenerklæring som stadfester at oppdragsgjevar vil gjevast opplæring som skildra i kravet, med skildring av opplæringa.

Informasjon om kravet: 

Køyrestil er avgjerande for drivstoffbruk, og lågare forbruk gjev klima- og miljømessig utteljing. Å køyre ein renovasjonsbil optimalt krev god kunnskap om det aktuelle køyretøyet, spesielt fordi energikrevjande påbygg som komprimatorar utgjer ein sentral del av køyretøya i denne bransjen. Køyretøy er forskjellige, og køyretøyprodusenten er godt rusta til å gje sjåførane opplæring i økonomisk bruk av anskaffa køyretøy kombinert med påbygg.

Forskrift om grunnutdanning og etterutdanning for yrkessjåfører (Yrkessjåførforskrifta) krev i § 44 at sjåførar må kunne gjere greie for riktig køyreåtferd og kva transportformer har å seie for økonomi og miljø. Opplæringskravet som det blir vist til ovanfor, kjem i tillegg til lovkravet, og målet er at offentlege verksemder skal gje sjåførane sine ei spesifikk opplæring i bruk av renovasjonsbilane som er anskaffa, for å auke klima- og miljøprestasjonen sin. 

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 26. sep 2018, Sist endra: 31. Mai 2019