Optimalisere sortering av plast og metall i PC-ar og skjermar

Grupper: 
  • PC-ar og skjermar
Kategori: 
  • Miljø- og energivenleg design

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Føremålet er å bidra til auka gjenvinning på to måtar:  

  1. Somme kombinasjonar av polymar, belegg, metallinnlegg og legeringar gjer det vanskeleg å resirkulere IT-utstyr, og her vert det stilt krav for å motverke at dette skjer.
  2. Ved å merke ulike plastdelar etter kva type plastmateriale dei er laga av kan plasten lett sorterast etter materialtype, og resirkulerast.

 

Utforming av krav: 

  1. Delar skal ikkje innehalde støypte eller fastlimte metallinnlegg, med mindre desse kan fjernast med ålment tilgjengelege verktøy.
  2. Eksterne plastdeksel, innkapslingar og beslag som veg over 25 gram for nettbrett og berbare PC-ar og 100 gram for stasjonære PC-ar og skjermar skal merkast i samsvar med ISO 11469 og ISO 1043.

 

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandør skal stadfeste at kravet er oppfylt og levere følgjande: 

Ein eigendeklarasjon, som t.d. ECMA Ecodeclaration der krava om Design og Disassembly (P7.1-P7.6) er oppfylte

eller

Gyldig sertifikat på et Type I miljømerke for tilbudt IT-utstyr som viser at kravet er oppfylt (TCO Certified generasjon 8 dekker krav 2). 

 


 

Informasjon om kravet: 

Brukt IT-utstyr frå Noreg blir førebudd for ombruk og seljast også til marknader der merking av IT-utstyr vil kunne bidra til å auke delen materiale som kan gjenvinnast når utstyret skal avhendast.

Kravet er henta frå IEEE Standard for Environmental and Social Responsibility Assessment of Computers and Display 1680.1TM, som er ein anerkjend standard for IT-utstyr. The Institute of Electrical and Electronics Engineers Standards Association (IEEE) produserer standardar for ei rekkje produktkategoriar. Kravet inngår i Ecodeclaration-skjemaer, som ECMA.

Krav 2 dekkes også av TCO Certified generasjon 8 (punkt 8.1 Material coding of plastics).

EU har lansert ein strategi for plast i ein sirkulær økonomi som fremjar ei rekkje tiltak for å redusere dei negative miljøkonsekvensane av plastforbruket og plast på avvegar. I tiltaka er det mellom anna fokus på å redusere bruk av plast som ikkje er naudsynt, og å auke gjenvinning av plast. Dette kravet bidreg til å sikre at plast blir designa, produsert og brukt på ein måte som gjer det mogleg å gjenvinne materialet ved slutten på levetida.

 

 

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 18. sep 2019, Sist endra: 25. sep 2019