Oversikt over matprodukt med palmeolje

Grupper: 
  • Mat- og drikkeprodukt
Kategori: 
  • Tropisk avskoging

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er at leverandøren i løpet av kontraktsperioden skal kunne levere matprodukt der tilsett palmeolje ikkje har bidrege til avskoging og skogdegradering av tropisk skog og som er produsert under berekraftige forhold, og/eller fase ut bruk av palmeolje i produkt.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal ha kjennskap til kva for nokre av dei tilbydde produkta som inneheld palmeolje, og kva for nokre produkt som inneheld palmeolje som er rekna som berekraftig og ikkje har bidrege til avskoging og skogdegradering av tropisk skog.  

At produkta inneheld palmeolje som er rekna som berekraftig og ikkje har bidrege til avskoging og skogdegradering av tropisk skog inneber at ho er produsert under forhold som sikrar:

  • vern mot konvertering av naturskog og torvmyr
  • sporing (av palmeolja) tilbake til den enkelte mølla eller garden
  • rettferdige arbeidsvilkår, i samsvar med nasjonal og internasjonal lovgjeving, som ILOs kjernekonvensjoner

 

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandør skal gje ei oversikt over kva for nokre av dei tilbydde produkta i sortimentet og kva for nokre ingrediensar til tillaging av mat, som inneheld palmeolje. Leverandør skal vidare opplyse om desse produkta inneheld berekraftig palmeolje og ikkje har bidrege til avskoging og skogdegradering av tropisk skog (BP), i samsvar med punktlista over. Dokumentasjon på dette kan vere at palmeolja er sertifisert i samsvar med RSPO (Roundtable for Sustainable Palm Oil), nivå Identity Preserved (IP) eller Segregert (SG), eller annan relevant dokumentasjon. Det skal også oppgjevast om produkta ikkje inneheld berekraftig palmeolje (P).

Dokumentasjon må liggje føre innan [set inn dato, t.d. ein månad etter signering av kontrakt eller oppstart]. 

Informasjon om kravet: 

Fleire matprodukt inneheld palmeolje, til dømes bakarvarer, brød og rundstykke, frosenmat, sjokolade og is (Regnskogfondet har laga ein palmeoljeguide som kan gje oversikt). Desse produkta fell i stor grad inn under CPV-kode 15800000. Det er relevant å nytte kontraktsvilkåret dersom anskaffinga gjeld desse typane produkt. Kravet kan nyttast både ved anskaffing av mat som ei vareanskaffing og kjøp av måltidstenester.

Ein føresetnad for å jobbe med overgang til berekraftige palmeoljer i produkt er at leverandøren har oversikt over kva for nokre produkt som inneheld palmeolje.

Ein måte å vise at palmeolja er berekraftig er at ho er sertifisert i samsvar med RSPO nivå (Round Table for Sustainable Palm oil), nivå Identity Preserved (IP) eller Segregert (SG).  RSPO omhandlar også vern av urfolk og lokalsamfunn sine område og rettar (inkludert retten til fritt, føregåande og informert samtykke).

 

Oppfølging av kravet i kontraktsperioden:

Det blir tilrådd at kravet blir følgt opp i kontraktsperioden i statusmøte med leverandøren. Relevante spørsmål å stille kan vere:

  • Kva er årsaka til at nokre produkt inneheld berekraftig palmeolje og andre ikkje?
  • Er det fleire produkt som inneheld berekraftig palmeolje no enn ved kontraktstart?
  • Har leverandøren ein plan for overgang til bruk av fleire produkt med berekraftig palmeolje eller utan palmeolje?

Kriterierelasjoner og konflikter: 

System og rutinar for arbeid med palmeolje i matprodukt og kraftfôr

Relatert kriterium

Kravet bør ikkje nyttast uten også å nytta kontraktsvilkåra for system og rutinar for arbeid med palmeolje.

Relaterte lenkjer: 

Relaterte lenker

Publisert: 08. mar 2019, Sist endra: 31. Mai 2019