Plantebaserte produkt

Grupper: 
  • Mat- og drikkeprodukt
Kategori: 
  • Varer i sortiment
  • Mat og drikke

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å sikre at leverandøren tilbyr plantebaserte alternativ i avtalesortimentet slik at dette kan brukast som alternativ til animalske produkt.

Utforming av krav: 

Det skal tilbydast plantebaserte alternativ til utvalde animalske produkt i avtalesortimentet. Kva produkt det skal tilbydast alternativ for, er spesifisert av oppdragsgjevar og kjem fram av produktlista (sjå bilag X).

Dei plantebaserte produkta som blir tilbydde, skal ha dei eigenskapane som er nødvendige for å setje saman eit fullverdig vegetarisk kosthald. Med «fullverdig vegetarisk kosthald» meiner vi eit kosthald som er balansert med tanke på protein, næringsstoff og energi.

Kva produkt som er plantebaserte, skal kome tydeleg fram i det elektroniske bestillingssystemet til oppdragsgjevar.

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal opplyse i produktlista kva produkt som oppfyller krava til plantebasert produkt.

Ved bruk av EHF katalog leggjast dette inn i gjeldande felt for erstatningsprodukt/relaterte produkt. 

Ved bruk av leverandørens bestillingssystem skal leverandøren synleggjera dei plantebaserte produkta i relasjon til dei animalske produkta dei kan erstatte. 

Informasjon om kravet: 

Dette kravet er relevant for avtalar som inneheld animalske produkt. Kravet vil sikre at det blir tilbydd plantebaserte alternativ til kjøt og fisk og at dei plantebaserte alternativa har tilstrekkeleg næringsinnhald. Det finst fleire plantebaserte alternativ til meieriprodukt og til dømes kan ein linseburgar erstatte ein hamburgar eller eit stykke reint kjøt.

Rapporten frå Nasjonalt råd for ernæring, «Bærekraftig kosthold – vurdering av de norske kostrådene i et bærekraftperspektiv» har vurdert at eit kosthald i tråd med tilrådingane frå Helsedirektoratet i stor grad fell saman med eit meir berekraftig kosthald. Blant anna viser ein til at redusert matsvinn og eit meir plantebasert kosthald vil bidra til redusert miljøbelastning.

Oppdragsgjevarar bør undersøkje med brukarar og ernæringsekspertar kva produkt det skal finnast vegetariske alternativ til. Dette fordi næringsbehov og smakspreferansar varierer brukarar imellom.

Plassering av vegetariske produkt er utfordrande. Eks: erstatning for kjøtbollar, veganske kvite drikkar. Slike produkt ligg ofte i kolonial. Det er ofte andre tilbydarar som tilbyr plantebaserte produkt enn dei som tilbyr animalske produkt. Det avgrensar konkurransen. Dette kan avgrense konkurransen. Splitting gjev fleire høve til å delta i konkurransen og kan også vere ein god måte å få tak i gode plantebaserte produkt.

Oppdragsgjevarar med eiga elektronisk handelsplattform:

Dersom oppdragsgjevar nyttar eiga elektronisk handelsplattform, kan kravet kombinerast med EHF-katalogmal frå Difi. I tillegg til å leggje vegetaralternativet inn som ei eiga varelinje i EHF-katalogmalen, bør det også kome fram som eit alternativ i feltet «relaterte produkt» som blir vist saman med kjøtprodukt det kan erstatte.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 11. mar 2019, Sist endra: 29. mar 2019