Produktgaranti

Grupper: 
  • Nye møbler
Kategori: 
  • Fremme lang levetid

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

For å sikre at det kun tilbys møbler som er designet for lang levetid, bør leverandøren kunne tilby en relativt lang garantitid. Erfaring tilsier at det er en korrelasjon mellom garantitid og faktisk varighet på levert produkt.

Utforming av krav: 

Alle produkter som tilbys skal minimum ha 5 års garanti mot material- og produksjonsfeil fra tidspunktet for levering. Garantien skal være inkludert i produktprisen.

Dokumentasjon av kravet: 

Tilbyder skal bekrefte at kravet er oppfylt.

Informasjon om kravet: 

I møbelanskaffingar bør det alltid stillast krav som er meint å skulle innrette anskaffinga etter eit livssykluskostnadsperspektiv1. Du bør arbeide etter å kjøpe møblar som er designa for ei lang levetid, så lenge dette ikkje fører til bruk av skadelege kjemikaliar og lite berekraftig materialbruk.  Marknadsdialog er viktig for å tileigne seg slik informasjon om kva som er den mest berekraftige løysinga.

Kravet til garantitid for kontormøblar skal vere minimum 5 år for å sikre at leverandøren tilbyr møblar som er designa for lang levetid og med høg slitestyrke. For somme kontormøblar som kontorstolar og skrivebord kan det vere aktuelt å stille krav til at garantitida er 10 år. Det same gjeld for el-motor til hev-/senk-bord. Om du skal stille krav til ei lengre garantitid (t.d. 10 år) må det kombinerast med rutinar for vedlikehald og oversikt over innkjøpsdato for at den auka investeringskostnaden skal løne seg.

Ei garantitid vil seie kor mange år produktet minimum er meint å vare. Oppdragsgjevar treng ikkje påvise at det faktisk er material- eller produksjonsfeil. Der produktet viser seg å vere mangelfullt eller ikkje fungerer ved normal bruk, skal oppdragsgjevar reklamere innan rimeleg tid. Leverandøren skal innan rimeleg tid reparere eller byte ut delar/materialar som manglar eller ikkje fungerer som dei skal, alternativt gje eit erstatningsprodukt i reparasjonstida. Det kan vere føremålstenleg å spesifisere korleis du skal utføre garantireparasjonen, og eventuelt om det er behov for eit erstatningsmøbel. Dette bør du vurdere med utgangspunkt i kor kostnadsdrivande kravet vil vere, med utgangspunkt i geografisk lokasjon og den konkrete anskaffinga di.

Du kan i tillegg setje inn og tilpasse denne spesifiseringa, hugs å gje opp talet på dagar: [Garantireparasjon skal utførast ved henting og retur om det ikkje er ein mindre mangel som kan rettast på staden. Produsenten pliktar å rette manglar, tilby erstatningsmøbel, reparere eller byte ut delar/materiale innan rimeleg tid. Arbeidet skal vere byrja på i normal arbeidstid, seinast [X] dagar etter at feilen er meldt skriftleg.]

For at lang garantitid skal bidra til ønska vinst, er det ein føresetnad at oppdragsgjevar har system for vedlikehald, samt ei oversikt over innkjøpsdato og annan informasjon som er relevant for eit eventuelt reklamasjonskrav. Her bør oppdragsgjevar ta omsyn til eige utgangspunkt når han fastset nivået på garantitida i avtalen.

Ein garanti frå leverandøren føreset aktsam, normal bruk av møblane. Der møblane blir utsette for spesielt hard bruk (t.d. elev- og studentmøblar og institusjonsmøblar), er det meir føremålstenleg å sikre lang levetid ved å stille strenge krav til at dei er robuste, krav til enkel reparasjon, tilgjengelege reservedelar og eventuelt reparasjonstenester. Det kan difor i slike tilfelle vere aktuelt å redusere produktgarantien til 3-2 år.

For oppdragsgjevarar som har erfaring med at hard bruk av møblar og skadar fører til utbreidd bruk av reservedelar og reparasjonstenester (t.d. i utdanningssektoren), bør dette takast inn i prisevalueringa. I tilfelle der verksemda har eigne tilsette som utfører reparasjon er det føremålstenleg å fokusere på tilgang og pris på reservedelar samt tilgjengeleg informasjon om reparasjon.

1https://www.anskaffelser.no/anskaffelsesprosessen/anskaffelsesprosessen-steg-steg/avklare-behov-og-forberede-konkurransen/lage-kontraktstrategi/livssykluskostnader-lcc/forskjellen-mellom-tco-lcc-og-lca

Publisert: 26. nov 2020, Sist endra: 29. nov 2020