Produktgaranti og garantireparasjon for berbare PC-ar

Grupper: 
  • PC-ar og skjermar
Kategori: 
  • Forlenge levetid

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Føremålet er å gje produsenten insentiv til å designe for lenger levetid og at dei må ta ansvar for å reparere produkt med feil.

Utforming av krav: 

Berbare PC-ar skal ha 3 års garanti frå tidspunktet for levering. Garantien skal vere inkludert i produktprisen. Garantien krev at produkta er i tråd med spesifikasjonane i kontrakten (dvs. utan feil og manglar) utan ekstra kostnad gjennom heile garantiperioden.

Garantireparasjon skal utførast [på staden der PC-klienten er plassert ved feilmelding av utstyret]. Arbeidet skal vere påstarta i normal arbeidstid seinast [neste arbeidsdag / [X] dagar etter at feilen er meldt. Garantireparasjon skal vere vederlagsfri for oppdragsgjevar og inkludere alle kostnader (det inkluderer også reisekostnader). 

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal stadfeste at kravet oppfyllast.

Informasjon om kravet: 

I følgje fleire leiande produsentar reknar ein 3 år som standard garantiperiode på berbare business-PC-ar i de nordiske landa. 

Oppdragsgjevar bør vurdere kost/nytte av maksimal oppetid (at reparasjon av PC-ar, skjermar og nettbrett skal setjast i gang påfølgjande dag etter meldt feil, og på staden der feilen er meldt) opp mot kostnader og klimautslepp ved at leverandør skal kome til arbeidsstad innan 24 timar frå meldt feil.

Høg oppetid kan også ivaretakast på andre måtar, nokon vel til dømes å ha reserveutstyr til utlån i bakhand. Leverandør og oppdragsgjevar bør kunne avtale lenger reparasjonstid for IT-utstyr lokalisert i grisgrendte strok, etc.

Dette kravet omfattar ikkje service- og vedlikehaldsavtale som fastsetjast mellom oppdragsgjevar og ein leverandør, og som  gjeld reparasjon og utskifting av delar som er blitt øydelagde av andre årsaker enn det som dekkast av garantien.

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Føremålet er å gje produsenten insentiv til å designe for lenger levetid, at dei må ta ansvar for å reparere produkt med feil og at leverandøren skal levere IT-utstyr av særleg høg kvalitet.

Utforming av krav: 

Berbare PC-ar skal ha 5 års garanti frå tidspunktet for levering og vere inkludert i produktprisen. Garantien krev at produkta er i tråd med spesifikasjonane i kontrakten (dvs. utan feil og manglar) utan ekstra kostnad gjennom heile garantiperioden.

Garantireparasjon skal utførast [på staden der PC-klienten er plassert ved feilmelding av utstyret]. Arbeidet skal vere påstarta i normal arbeidstid seinast [neste arbeidsdag / [X] dagar etter at feilen er meldt. Garantireparasjon skal vere vederlagsfri for oppdragsgjevar og inkludere alle kostnader (det inkluderer også reisekostnader). 

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal stadfeste at kravet oppfyllast.

Informasjon om kravet: 

I følgje fleire leiande produsentar reknar ein 3 år som standard garantiperiode på berbare business-PC-ar i de nordiske landa. Gjennom å stille krav til 5 års garanti har leverandørane insentiv til å tilby produkt av særleg høg kvalitet, og med lang forventa levetid.

Ved å be om ei lenger garantitid enn det som er standard, vil prisen per eining auke, m.a. fordi leverandøren vil prise inn ein større risiko for feil, etc. På den andre sida kan lang garanti og høgare kvalitet bidra til at ein kan redusere utskiftingstakta på IT-utstyret.

Oppdragsgjevar bør vurdere kost/nytte av maksimal oppetid (at reparasjon av PC-ar, skjermar og nettbrett skal setjast i gang påfølgjande dag etter meldt feil, og på staden der feilen er meldt) opp mot kostnader og klimautslepp ved at leverandør skal kome til arbeidsstad innan 24 timar frå meldt feil.

Høg oppetid kan også ivaretakast på andre måtar, nokon vel til dømes å ha reserveutstyr til utlån i bakhand. Leverandør og oppdragsgjevar bør kunne avtale lenger reparasjonstid for IT-utstyr lokalisert i grisgrendte strok, etc.

Dette kravet omfattar ikkje service- og vedlikehaldsavtale som fastsetjast mellom oppdragsgjevar og ein leverandør, og som  gjeld reparasjon og utskifting av delar som er blitt øydelagde av andre årsaker enn det som dekkast av garantien.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 18. sep 2019, Sist endra: 04. okt 2019