Produktinformasjon om demontering, reparasjon og tilgang på reservedelar

Grupper: 
  • Nye møbler
Kategori: 
  • Fremme lang levetid

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Krav knytte til design for demontering er med på å sikre at produktet lett lar seg vedlikehalde, reparere, oppgradere, reprodusere eller redesigne, og at materialane lett kan skiljast frå kvarandre for ombruk, material- eller energigjenvinning. Tilgang på reservedelar som kan erstatte typiske slitedelar har stort fokus i møbelindustrien og er eit vesentleg krav for å sikre at bruks- og levetida til produktet blir maksimert. 

Utforming av krav: 

  • Alle møblar skal vere fabrikkmerkte med namnet til leverandør eller produsent, slik at produktinformasjonen er tilgjengeleg og enkelt kan knytast til produktet gjennom livsløpet. Denne informasjonen kan alternativt gjerast tilgjengeleg digitalt, om det ikkje lar seg gjere å merke sjølve produktet. 
  • Slitedelar skal kunne erstattast, og det skal i størst mogleg grad vere mogleg å skifte ut delar om dei går sund.
  • Leverandøren, eller underleverandørar (produsentar) for denne, skal tilby steg-for-steg-instruksjonar som skildrar korleis relevante slitedelar kan bytast ut utan at møbelet tar skade av det, samt ha ei:
    1. Brukarrettleiing og monteringsrettleiing
    2. Servicemanual inkludert vaskerettleiing, samt vedlikehalds- og driftsinstruks
    3. Sprengskisse (illustrasjon) av produktet som viser delane som kan fjernast/bytast ut, og verktøya som må til for dette
  • Du skal jobbe for at demontering og reparasjon skal kunne gjerast ved bruk av standard manuelle verktøy og ufaglært arbeidskraft.
  • Instruksjonane skal vere tilgjengelege digitalt, med gratis tilgang, og i ein tidsperiode som svarar til det som er rimeleg å vente seg at vil vere levetida til møbelet med oppgraderingar og reparasjonar. 
  • Reservedelar til slitedelane skal minimum vere ålment tilgjengelege for kjøp, eller kunne erstattast gjennom garanti- eller vedlikehaldsavtale i 10 år etter levering av produktet. Om den bestemte delen ikkje kan vere tilgjengeleg i heile perioden, skal leverandøren syte for å kunne erstatte delen med ein tilsvarande del som oppfyller den same funksjonen. 

Dokumentasjon av kravet: 

Tilbydar skal i tilbodet gje opp kvar dokumentasjonen finst; til dømes med tilvising til ei lenkje. På førespurnad skal leverandøren gje nærmare instruksjonar om dei ulike punkta i kravet for dei spesifikke produkta.

Informasjon om kravet: 

Design for demontering og reparasjon samt tilgang på reservedelar reduserer sannsynet for at møbelprodukt må kasserast for tidleg som følgje av skadar som normalt ville kunne reparerast.

Kravet har til hensikt å gje oppdragsgjevar tilgang til informasjon om fabrikkmerke, instruksjonar om reparasjon, vedlikehald og tilgang til reservedelar. Dette er viktig for å sikre at produktet kan få ei lang levetid.

Desse tilhøva er vektlagde i mange konkurransegrunnlag og kontraktar, og er noko mange offentlege oppdragsgjevarar verdset. Kravet stillast på mange ulike måtar, noko som fører til at det blir meir ressurskrevjande for leverandørane å levere dokumentasjon. Difor er kravet formulert slik at informasjonen som hentast inn er standardisert frå dei ulike ledda i verdikjeda for å unngå at det er fordyrande å etterspørje denne informasjonen. Ein føresetnad for å stille dette kravet, er at verksemda har interne rutinar for å realisere moglegheitene som ligg i montering, demontering, reparasjon, vedlikehald, reinhald og drift. Ver også merksam på at reglementet for CE-merking stiller krav til kva som er ein godkjend reservedel og kor vidt delen må monterast av personell med spesialkompetanse.

I somme anskaffingar som skolemøblar vil det kunne vere såpass høg slitasje på utstyret at det vil kunne bli føremålstenleg å ha med pris på reservedelar i prisevalueringa i anskaffinga (om det blir kjøpt som teneste bør reparasjonspris/timepris også inngå). Erfaring og informasjon om kva som går sund bør sjølvsagt takast med i neste konkurranse, og vere tema i både marknadsundersøking, marknadsdialog (spørje leverandørar, og leverandørar av reparasjonstenester om erfaringar) og tildelingskriterium der det er relevant.

Publisert: 26. nov 2020, Sist endra: 29. nov 2020