Prosjekteringsgruppeleiar (P) og arkitekt (A) sin eignaheit for prosjektet
- Prosjektering
- Leiing
Basis
- Tildelingskriterium
Hovudføremål:
Motiv
Dersom du som byggherre har spesielle ambisjonar i eitt eller fleire miljøtema kan det vere naudsynt å få inn god kompetanse for å realisere målsetjingane dine.
Argument
Ved å bruke miljøkompetansen hjå tilbydd personell som tildelingskriterium, kan du la marknaden konkurrere på å tilby deg nøkkelpersonar med god kompetanse på viktige område du har valt, for å hjelpe til med å nå prosjektmåla.
Utforming av tildelingskriterium:
Her blir det lagt vekt på kvaliteten på den tilbydde tenesta. Kvaliteten på den tilbydde tenesta blir vurdert på kor eigna prosjekteringsgruppeleiaren og arkitekten som er tilbydde er til å bidra til å realisere miljøambisjonane i prosjektet. Minst tre år med relevant erfaring dei siste fem åra, og minst 3 års relevant utdanning (tilsvarande bachelor) for temaa som er viktigast for å kunne bidra til å nå prosjektmåla. Du bør vere sikker på at marknaden kan levere kompetansen du ønskjer, viss ikkje bør du vurdere det som eit kontraktskrav.
Døme på miljøtema:
- LCC
- Miljøkoordinator
- Miljøprogram og miljøoppfølgingsplan
- Energi: Prosjektering av passivhus, fornybar energi
- Klimagassrekneskap
- Materialval/ressursbruk
Utdanning, erfaring og referanseprosjekt blir handsama som åtskilde underkriterium.
Med relevant utdanning meiner vi fullført utdanning innan gitt tema og lengd. I somme tilfelle kan god, lang og særs relevant erfaring innan enkeltområde kompensere for manglande formell kompetanse. Kurs kan òg telje inn.
3 års relevant erfaring med arbeid innan kompetansen som er etterspurd er minimum i løpet av dei siste 5 åra. Erfaringa skal skildrast slik at den viser ei praktisk forståing av faktorar som verkar inn på det aktuelle temaet og kvifor ho er relevant for oppdraget. Bruk mal/tabell xx for å fylle ut informasjonen.
Intervju av tilbydd nøkkelpersonell kan nyttast for å vurdere kor relevant kompetansen og erfaringa deira er for å bidra til å nå prosjektmåla, og kor gode dei er til å vurdere ulike risikoar i prosjektet.
Dokumentasjon av tildelingskriteriet:
Tilbydar blir oppmoda til å fylle ut mal for CV for:
- Formalutdanning
- Arbeidserfaring
- Miljørelevante sertifiseringar og kurs
Det er ønska at tilbydar har prosjekteringsgruppeleiar (P) og arkitekt (A) tilgjengeleg for intervju for å vurdere kor eigna dei er til å nå miljømåla i prosjektet.
Som dokumentasjon på kriteriet skal ein levere ei kort skildring i tabell: Mal for CV, av korleis miljøomsyn vart varetekne i tre relevante referanseprosjekt tilbydd personell har gjennomført dei siste fem åra. Nyare erfaring kan bli vektlagd meir enn eldre erfaring. Relevant erfaring kan til dømes vere i prosjekt som har vore ambisiøse i dei temaa som er viktigast for dette prosjektet.
CV:navn | Poeng: |
---|---|
Oversikt over relevante miljøtema: | |
LCC | |
Miljøkoordinator | |
Energi: Prosjektering av passivhus, fornybar energi | |
Klimagassregnskap | |
Materialvalg/ ressursbruk | |
Miljøprogram og miljøoppfølgingsplan |
I tabellen kan du dokumentere relevant erfaring som kan kompensere for manglande utdanning. Talet på år med erfaring vil maksimum kunne kompensere 3 års utdanning.
Type utdanning | Poeng: |
---|---|
Utdanning: | Dato: |
Universitet: | |
Snitt: | |
Miljøtema: | |
Utdanning: | Dato: |
Universitet: | |
Snitt: | |
Miljøtema: | |
Relevant erfaring som eventuelt kan kompensere for utdanning: | |
Relevans for oppdraget: | |
Antall år: |
Arbeidserfaring | Poeng: |
---|---|
Stilling: | Dato: |
Selskap: | |
Prosjekt: | Oppdragstidspunkt: |
Relevans for dette oppdraget: | |
Fagområde og rolle i prosjektet: | |
Fagområdets fakturert beløp i oppdraget (NOK eks.mva) | |
Verktøy: | |
Stilling: | Dato: |
Selskap: | |
Prosjekt: | Oppdragstidspunkt: |
Relevans for dette oppdraget: | |
Fagområde og rolle i prosjektet: | |
Fagområdets fakturert beløp i oppdraget (NOK eks.mva) | |
Verktøy: |
Type kurs/sertifisering | Poeng: |
---|---|
Sertifisering: | Dato: |
Kurs: | Dato: |
Sertifisering: | Dato: |
Kurs: | Dato: |
Sertifisering: | Dato: |
Kurs: | Dato: |
Referanser | Poeng: |
---|---|
Navn: | Tlf: |
Stilling: | |
Prosjekt: | |
Epost: | |
Navn: | Tlf: |
Stilling: | |
Prosjekt: | |
Epost: | |
Navn: | Tlf: |
Stilling: | |
Prosjekt: | |
Epost: |
Informasjon om tildelingskriteriet:
Kravet og dei valde temaa må knytast opp mot miljømåla/ambisjonane i prosjektet og dei kriteria som du vel at skal vere ein del av anskaffinga. Dersom til dømes kravspesifikasjonen inkluderer at det skal vere passivhus «pluss» bør du stille krav om kompetanse innan det temaet.
Difi tilrår at du som byggherre bør gjennomføre intervju for å dokumentere tilbydd miljøkompetanse. Dersom du vel å ha det det må det kome tydeleg fram i konkurransegrunnlaget.
Du må vurdere kva for nokre roller det er hensiktsmessig å evaluere under dette tildelingskriteriet. Sjå Difi si rettleiing om bruk av tildelingskriterium.
Evaluering
Oppgi poengskala 0-10 for <utdanningsnivå> til dømes <3 års relevant utdanning (tilsvarande bachelor)> for miljøtemaa som er valt over. I somme tilfelle kan lang og særs relevant erfaring innan enkeltområde kompensere for manglande formell kompetanse.
Tal på års erfaring: Oppgi poengskala 0-10, maks år som gir full utteljing. For å få full utteljing her må det vere minst tre år med relevant erfaring for dei miljøtemaa som er valt over. Ver difor merksam på konsekvensane av å velje dei ulike temaa og omfang, og vel det du meiner er viktigast. Under 3 år (minimum) gir 0 poeng.
Tal på relevante oppdrag dei siste 5 åra: For å få utteljing her må det vere minst tre år med relevant erfaring og 3 års relevant utdanning (tilsvarande bachelor) for miljøtemaa som er valt over. Ver difor merksam på konsekvensane av å velje dei ulike temaa og omfang, og vel det du meiner er viktigast. Under 3 år (minimum) gir 0 poeng.
Frå intervjuet skriv du eit kortfatta referat som vurderer kor relevant kompetansen og erfaringa er for å bidra til å nå prosjektmåla, og kor god kompetanse dei har for å vurdere ulike relevante risikoar i prosjektet. Viss du ikkje bruker intervju bør du be om ei meir omfattande beskriving av referanseprosjekta.
Avansert
- Tildelingskriterium
Hovudføremål:
Motiv
Dersom du som byggherre har spesielle ambisjonar i eitt eller fleire miljøtema kan det vere naudsynt å få inn god kompetanse for å realisere målsetjingane dine.
Argument
Ved å bruke miljøkompetansen hjå tilbydd personell som tildelingskriterium, kan du la marknaden konkurrere på å tilby deg nøkkelpersonar med god kompetanse på viktige område du har valt, for å hjelpe til med å nå prosjektmåla.
Utforming av tildelingskriterium:
Her blir det lagt vekt på kvaliteten på den tilbydde tenesta. Kvaliteten på den tilbydde tenesta blir vurdert på kor eigna prosjekteringsgruppeleiaren og arkitekten som er tilbydde er til å bidra til å realisere miljøambisjonane i prosjektet. Minst fem år med relevant erfaring dei siste sju åra, og minst 5 års relevant utdanning (tilsvarande master) for temaa som er viktigast for å kunne bidra til å nå prosjektmåla. Du bør vere sikker på at marknaden kan levere kompetansen du ønskjer, viss ikkje bør du vurdere det som eit kontraktskrav.
Døme på miljøtema:
- LCC
- Miljøkoordinator
- Miljøprogram og miljøoppfølgingsplan
- Energi: Prosjektering av passivhus, fornybar energi
- Klimagassrekneskap
- Materialval/ressursbruk
Utdanning, erfaring og referanseprosjekt blir handsama som åtskilde underkriterium.
Med relevant utdanning meiner vi fullført utdanning innan gitt tema og lengd. I somme tilfelle kan god, lang og særs relevant erfaring innan enkeltområde kompensere for manglande formell kompetanse. Kurs kan òg telje inn.
5 års relevant erfaring med arbeid innan kompetansen som er etterspurd er minimum i løpet av dei siste 7 åra. Erfaringa skal skildrast slik at den viser ei praktisk forståing av faktorar som verkar inn på det aktuelle temaet og kvifor ho er relevant for oppdraget. Bruk mal/tabell xx for å fylle ut informasjonen.
Intervju av tilbydd nøkkelpersonell kan nyttast for å vurdere kor relevant kompetansen og erfaringa deira er for å bidra til å nå prosjektmåla, og kor gode dei er til å vurdere ulike risikoar i prosjektet. Viss du ikkje bruker intervju bør du be om ei meir omfattande beskriving av referanseprosjekta.
Dokumentasjon av tildelingskriteriet:
Tilbydar blir oppmoda til å fylle ut mal for CV for:
- Formalutdanning
- Arbeidserfaring
- Miljørelevante sertifiseringar og kurs
Det er ønska at tilbydar har prosjekteringsgruppeleiar (P) og arkitekt (A) tilgjengeleg for intervju for å vurdere kor eigna dei er til å nå miljømåla i prosjektet.
Som dokumentasjon på kriteriet skal ein levere ei kort skildring i tabell: Mal for CV, av korleis miljøomsyn vart varetekne i tre relevante referanseprosjekt tilbydd personell har gjennomført dei siste fem åra. Nyare erfaring kan bli vektlagd meir enn eldre erfaring. Relevant erfaring kan til dømes vere i prosjekt som har vore ambisiøse i dei temaa som er viktigast for dette prosjektet.
CV:navn | Poeng: |
---|---|
Oversikt over relevante miljøtema: | |
LCC | |
Miljøkoordinator | |
Energi: Prosjektering av passivhus, fornybar energi | |
Klimagassregnskap | |
Materialvalg/ ressursbruk | |
Miljøprogram og miljøoppfølgingsplan |
I tabellen kan du dokumentere relevant erfaring som kan kompensere for manglande utdanning. Talet på år med erfaring vil maksimum kunne kompensere 3 års utdanning.
Type utdanning | Poeng: |
---|---|
Utdanning: | Dato: |
Universitet: | |
Snitt: | |
Miljøtema: | |
Utdanning: | Dato: |
Universitet: | |
Snitt: | |
Miljøtema: | |
Relevant erfaring som eventuelt kan kompensere for utdanning: | |
Relevans for oppdraget: | |
Antall år: |
Arbeidserfaring | Poeng: |
---|---|
Stilling: | Dato: |
Selskap: | |
Prosjekt: | Oppdragstidspunkt: |
Relevans for dette oppdraget: | |
Fagområde og rolle i prosjektet: | |
Fagområdets fakturert beløp i oppdraget (NOK eks.mva) | |
Verktøy: | |
Stilling: | Dato: |
Selskap: | |
Prosjekt: | Oppdragstidspunkt: |
Relevans for dette oppdraget: | |
Fagområde og rolle i prosjektet: | |
Fagområdets fakturert beløp i oppdraget (NOK eks.mva) | |
Verktøy: |
Type kurs/sertifisering | Poeng: |
---|---|
Sertifisering: | Dato: |
Kurs: | Dato: |
Sertifisering: | Dato: |
Kurs: | Dato: |
Sertifisering: | Dato: |
Kurs: | Dato: |
Referanser | Poeng: |
---|---|
Navn: | Tlf: |
Stilling: | |
Prosjekt: | |
Epost: | |
Navn: | Tlf: |
Stilling: | |
Prosjekt: | |
Epost: | |
Navn: | Tlf: |
Stilling: | |
Prosjekt: | |
Epost: |
Informasjon om tildelingskriteriet:
Kravet og dei valde temaa må knytast opp mot miljømåla/ambisjonane i prosjektet og dei kriteria som du vel at skal vere ein del av anskaffinga. Dersom til dømes kravspesifikasjonen inkluderer at det skal vere passivhus «pluss» bør du stille krav om kompetanse innan det temaet.
Difi tilrår at du som byggherre bør gjennomføre intervju for å dokumentere tilbydd miljøkompetanse. Dersom du vel å ha det det må det kome tydeleg fram i konkurransegrunnlaget.
Du må vurdere kva for nokre roller det er hensiktsmessig å evaluere under dette tildelingskriteriet. Sjå Difi si rettleiing om bruk av tildelingskriterium.
Evaluering
Oppgi poengskala 0-10 for <utdanningsnivå> til dømes <5 års relevant utdanning (tilsvarande master)> for miljøtemaa som er valt over. I somme tilfelle kan lang og særs relevant erfaring innan enkeltområde kompensere for manglande formell kompetanse.
Tal på års erfaring: Oppgi poengskala 0-10, maks år som gir full utteljing. For å få full utteljing her må det vere minst tre år med relevant erfaring for dei miljøtemaa som er valt over. Ver difor merksam på konsekvensane av å velje dei ulike temaa og omfang, og vel det du meiner er viktigast. Under 5 år (minimum) gir 0 poeng.
Tal på relevante oppdrag dei siste 5 åra: For å få utteljing her må det vere minst tre år med relevant erfaring og 3 års relevant utdanning (tilsvarande bachelor) for miljøtemaa som er valt over. Ver difor merksam på konsekvensane av å velje dei ulike temaa og omfang, og vel det du meiner er viktigast. Under 5 år (minimum) gir 0 poeng.
Frå intervjuet skriv du eit kortfatta referat som vurderer kor relevant kompetansen og erfaringa er for å bidra til å nå prosjektmåla, og kor god kompetanse dei har for å vurdere ulike relevante risikoar i prosjektet. Viss du ikkje bruker intervju bør du be om ei meir omfattande beskriving av referanseprosjekta.
Kriterierelasjoner og konflikter:
P 1.22 Kravspesifikasjon Livssykluskostnadar
Viss du har valt livssykluskostnadar som ein kravspesifikasjon for prosjekteringa, så kan du tildele på leverandøren sin kompetanse på dette området.
T 1.22 Kravspesifikasjon Livssykluskostnadar
Viss du har valt livssykluskostnadar som ein kravspesifikasjon for totalentreprisen, så kan du tildele på leverandøren sin kompetanse innan området.