Prøvedrift

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Energi

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Mange bygg fungerer ikkje som dei skal ved overtaking. Det kan resultere i unaudsynleg energibruk, dårleg inneklima og komfort, og krev i tillegg ressursar til feilretting og oppfølging.

Ein av grunnane til at dette skjer er at byggjeprosjekt og tekniske system vert stadig meir komplekse, ein annan er at brukarane ikkje får opplæring i å drifte bygga, ein tredje årsak er svikt i grensesnittet mellom prosjektorganisasjonen og driftsorganisasjonen, slik at drift ikkje kjenner det ferdige bygget.

Argument

Prøvedrift med tverrfagleg integrasjon i heile byggjeprosessen kan vere ei løysing på desse utfordringane. Før overtaking bør tekniske installasjonar i bygget testast saman, og det er viktig at det vert sett av tilstrekkeleg med tid og ressursar til prøvedrift og dokumentasjon. Prøvedrifta skal gjennomførast over fleire årstider, slik at ein sikrar samspel mellom tekniske system ved varierte ytre og indre tilhøve.

 

Utforming av krav: 

Det skal gjennomførast prøvedrift i samsvar med gjeldande standard for prøvedrift, NS 6450 Prøvedrift av tekniske bygningsinstallasjonar.

Dokumentasjon av kravet: 

I laupet av detaljprosjekt og seinast innan 4 veker før overlevering skal det leverast ein rapport som viser at bygget er testa og fungerer i samsvar med krava frå forprosjekt og i samsvar med gjeldande NS 6450.

Informasjon om kravet: 

Standard Norge skildrar NS6450 som eit hjelpemiddel for byggje- og anleggsbransjen for å levere avanserte tekniske bygningsinstallasjonar "Riktig med en gang". For dei fleste bygg er det fornuftig med prøvedrift. Dersom det er fleire anlegg som skal fungere saman vert det spesielt viktig.

Standarden skal:

  • sikre god planlegging, korrekt prising og gjennomføring av prøvedrifta

  • minimere risikoen for auka kostnadar på grunn av forseinkingar og manglar som fører til auka driftskostnadar og dårleg inneklima ved hjelp av

      • eintydige definisjonar

      • lik forståing av premiss for prøvedrift

      • å definere kva prøvedrift femner om

      • å definere kva resultatet av prøvedrifta skal vere

 

Standarden gir ei skildring av prosessane som må gjennomførast for å nå ei vellukka idriftsetjing og prøvedrift av tekniske bygningsinstallasjonar. Standarden omtalar integrerte testar av alle tekniske system i bygget, etterfølgt av fullskalatestar, stabilitets- og ytingstestar. Vidare skildrar han prøvedriftsfasen som skal stadfeste at spesifikasjonskrava i kontrakten til ytingar, kvalitet, funksjonalitet, kapasitet og stabilitet i dei tekniske bygningsinstallasjonane blir innfridde i ein gitt tidsperiode med brukarar i bygget og med ytre klimatiske påverknader. Sjå NS6450 vedlegg A for tilrådingar til innhald i tilbodsunderlag. Standarden skildrar pliktene til både byggherren og entreprenøren i dei ulike fasane og korleis prøvedrift bør dokumenterast.

Avhengig av entrepriseforma vil det vere ulike aktørar som gjennomfører arbeidsprosessane. Kva som skal prøvast vil variere med type bygning og grad av kompleksitet i dei tekniske installasjonane.

Det bør visast til krav og skildringar i standarden ved innkjøp i ulike fasar.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 08. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019