Rapportering om ombruk - og gjenvinning av PC-ar, skjermar og nettbrett
- Tenester for avhending
- Ombruk og gjenvinning
Avansert
- Særskilde kontraktsvilkår
Hovudføremål:
Hovudføremålet er å synleggjere internt i verksemder og overfor eksterne (gjennom årsmeldingar o.l.), klima- og miljøvinsten av det å anskaffe produkt med lang levetid som vil ombrukast, og det å ha ein ansvarleg gjenvinningspolitikk.
Utforming av krav:
Leverandøren skal [kvart år, XX.XX.XXXX] rapportere følgjande basert på innsamla IT-utstyr frå oppdragsgjevar:
- Delen av innsamla elektronisk utstyr som har gått til respektive ombruk og gjenvinning
- Teoretisk del materialgjenvunne metall (til dømes gull, sølv, platina/palladium, kopar, aluminium og bly).
- Teoretisk reduksjon i utslepp av karbondioksid som følgje av ombruk og / eller av materialgjenvunne metall (dvs. innsparingar som følgje av at nemnde metallmengder ikkje må utvinnast og prosesserast).
Dokumentasjon av kravet:
Rapport som omfattar informasjonen spesifisert i kontraktsvilkåret. Kjeldetilvisingar til grunnlaget for rapporteringa skal alltid gå fram.
Informasjon om kravet:
Gjennom å etablere ein måleparameter, eller såkalla key performance indicator (KPI) for reduserte utslepp som følgje av ombruk og gjenvinning, kan verksemda synleggjere internt og eksternt korleis dei jobbar med å redusere utsleppa sine. KPI-en bør koplast til verksemda sitt klimamål, og kan mellom anna synleggjere verdien av å kjøpe utstyr med lang levetid.
Utvinning og prosessering av mineral er ei betydeleg kjelde til CO2-utslepp knytt til produksjon av IT-utstyr. Sølv, gull og palladium skil seg ut som mineral med spesielt stor negativ miljøpåverknad. Desse minerala inngår i mor- og krinskort. For ytterlegare informasjon, sjå bakgrunnsdokumentet frå EU under «Relaterte lenkjer» nedanfor.
Informasjon som etterspørjast i kontraktvilkåret kan vere tidkrevjande å samle inn for leverandøren, og bør ikkje etterspørjast med mindre oppdragsgjevar har konkrete mål og planar om å bruke informasjonen.
Relaterte lenkjer:
- Bakgrunnsdokumentet frå EU om PC-ar og skjermar
- Rapport om innhold av ulike mineraler i IT-utstyr
- Rapport om innhald av ulike mineral i IT-utstyr