Reduksjon av plast

Grupper: 
  • Prosjektering
Kategori: 
  • Rigg og drift

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hindre at plast endar opp som ukontrollert avfall (ureining) og blir spreidd ut i naturen, anten i anleggsfasen eller ved seinare utskifting.

Det er vanskeleg og lite heldig å stille eit generelt krav om å unngå plast. Det vil variere kva risiko dei ulike produkta vil medføre.  For eksplosiv kan det nyttast tennsystem med plastslangar, noko som kan medføre at plastrestar då forsvinn i massar og endar i naturen. Plast nytta i røyr som ligg nedgravne i bakken, har nødvendigvis ikkje den utfordringa knytt til ukontrollert avfall (ureining) og spreiing i naturen. Men det er då viktig å ha kontroll på mikroplast og avfall ved kutting av røyr.  Bruk av plast som tettemembran kan også ha gode miljøeigenskapar samanlikna med påsmurde kjemikal.

Utforming av krav: 

Det skal gjerast tiltak for å redusere bruk av plast i prosjektet. Det skal ikkje nyttast macro polymerfiber i sprøytebetong til bergsikring.

Dokumentasjon av kravet: 

Dokumentasjon til tiltak og dei vurderingane som er gjorde, møtereferat, notat m.m.

Informasjon om kravet: 

Plastarmering i sprøytebetong er ei kjelde til ureining. Statens vegvesen har gjort vurderingar av konsekvensar knytte til å forby polymerfiber i sprøytebetong og kome til at det er forsvarleg dersom det blir sett tekniske krav tilpassa der det er aggressive miljø.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 25. nov 2020, Sist endra: 27. nov 2020