Reduksjon av plast

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Avfallshandtering

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hindre at plast endar opp som ukontrollert avfall (ureining) og blir spreidd ut i naturen, anten i anleggsfasen eller ved seinare utskifting.

Det er vanskeleg og lite heldig å stille eit generelt krav om å unngå plast. Det vil variere kva risiko dei ulike produkta vil medføre.  For eksplosiv kan det nyttast tennsystem med plastslangar, noko som kan medføre at plastrestar då forsvinn i massar og endar i naturen. Plast nytta i røyr som ligg nedgravne i bakken, har nødvendigvis ikkje den utfordringa knytt til ukontrollert avfall (ureining) og spreiing i naturen. Men det er då viktig å ha kontroll på mikroplast og avfall ved kutting av røyr.  Bruk av plast som tettemembran kan også ha gode miljøeigenskapar samanlikna med påsmurde kjemikal. 

Utforming av krav: 

Plast frå bygging av anlegget skal ikkje spreiast ut i naturen. Det skal dokumenterast kva for nokre plastprodukt som skal nyttast på prosjektet og utførast ei risikovurdering med omsyn til spreiingsfare. Tiltak skal setjast i verk ved identifisert risiko for spreiing til naturen og omkringliggjande resipientar.

Leverandøren skal visuelt sjekke sprengsteinmassane ved omlasting og fjerne synlege slangar, trådar og leidningar.  Leverandøren skal opplyse om total mengd plast som er nytta på prosjektet.

Det skal i løpet av prosjektperioden samlast inn ei mengd plast frå naturen tilsvarande 2 gonger plastmengda som er kjøpt inn. 

Ta ut dersom ikkje aktuell: Det skal ikkje nyttast macro polymerfiber i sprøytebetong til bergsikring.  Dersom det blir brukt tennsystem med plastslangar, skal leverandøren ved kopling av salve for sprengingsarbeid kutte og fjerne overskytande slange, tråd og leidning. Dette vil gjelde heile volumet med sprengstein som skal fyllast ut i/ved vatn/sjø. Leverandøren skal etablere kontrollrutinar og beredskapstiltak for å forhindre spreiing av plastrestar til vatn/sjø.

Dokumentasjon av kravet: 

Dokumentasjon på all plast med tilhøyrande risikovurdering og eventuelle tiltak Kontrollrutinar og beredskapstiltak, dokumentasjon på tilsyn.

Dokumentasjon på mengd innkjøpt plast og på innsamla mengd plast.

Informasjon om kravet: 

Plastarmering i sprøytebetong er ei kjelde til ureining. Statens vegvesen har gjort vurderingar av konsekvensar knytte til å forby polymerfiber i sprøytebetong og kome til at det er forsvarleg dersom det blir sett tekniske krav tilpassa der det er aggressive miljø - https://trv.banenor.no/w/images/0/03/Notat-plastfiberforbud_29_11_17.pdf  

Ved å be entreprenør om å samle inn plast kan du be om at det skal samlast opp meir plast enn det som har vorte nytta i prosjektet. Det må reknast ut kor mykje plast som vil bli nytta i prosjektet, og dette talet skal liggje til grunn ved oppsamling i etterkant, slik at det blir fjerna like mykje eller meir plast frå tiltaksområdet og omkringliggjande område samanlikna med det som er nytta i anleggsprosjektet. Du kan blant anna inngå eit samarbeid med frivillige organisasjonar som kan bidra til at du når målet om positiv plastrekneskap ved plastplukking, strandrydding, e.l. Vi rår til at du har dialog med marknaden om mengda plast som skal samlast inn før du set dette kravet.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 25. nov 2020, Sist endra: 27. nov 2020