Reduksjon av utslepp frå byggjeplass

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Utslepp frå byggjeplass

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Utslepp av avgassar frå byggje- og anleggsplassar utgjer ein vesentleg del av klimagassutsleppa. I Oslo har utrekningar vist at omtrent ein tredel av klimagassutsleppa frå transport kjem frå anleggsmaskiner. I Trondheim står transport for omtrent halvparten av utsleppa i kommunen, fordelt på lettare køyretøy (28 %), tunge køyretøy (10 %) og anleggsmaskiner (13 %). Fyring frå bygg og anlegg står i tillegg for ca. 15 % av dei direkte klimagassutsleppa. Lokalklimaet og arbeidsmiljøet blir forverra av utslepp av NOx, partiklar og støy.

Argument

Ved å stille krav til varme og tørk, anleggsmaskiner og transport til og frå byggjeplassen, kan vi bidra til å redusere utslepp av klimagassar. Det er òg gode tiltak for lokalklimaet og arbeidsmiljøet ettersom det bidreg til reduserte utslepp av NOx og partiklar, og mindre støy.

 

 

 

Utforming av krav: 

I tilbodet skal det lagast ei oversikt som viser kva maskiner og utstyr som skal brukast i prosjektet, og i kva grad dei er fossilfrie eller utsleppsfrie, og kva slags energiberar dei skal nytte.

Det skal gjennomførast tiltak for å redusere CO2-utsleppa frå byggjeplassen. Desse skal som eit minimum femne om:

  • Det skal vere ein styrt og planlagt tørkeprosess. Der det er aktuelt, skal ein nytte eit væskebore distribusjonssystem for varmen. Ein skal avgrense løysingar som tilfører fukt til bygget.

  • Fossilfrie alternativ skal brukast til oppvarming/tørk i byggjeperioden. (T.d. jordvarme, fjernvarme, pelletar eller andre fossilfrie alternativ.) Eventuelt biobrensel bør vere avansert biobrensel og kome frå ei sertifisert berekraftig kjelde i samsvar med produktforskrifta kapittel 3, og skal tilfredsstille EN15940.

  • Alle dieseldrivne maskiner bør nytte avansert biodrivstoff frå ei sertifisert berekraftig kjelde i samsvar med produktforskrifta kapittel 3. Drivstoffet skal tilfredsstille EN15940.

  • korleis ein planlegg å utføre tørkeprosessen og kva for energikjelder dei skal nytte dersom dei nyttar energi for å tørke ut.

 

 

 

Dokumentasjon av kravet: 

Entreprenøren skal i tilbodet levere ei kort skriftleg utgreiing for korleis desse punkta blir handterte, med ei skildring av relevante økonomiske og miljømessige risikoar på det området. Skildringa skal stadfeste at entreprenøren vil rette seg etter krava som er stilte og synleggjere korleis dei har tenkt å vareta krava.

Informasjon om kravet: 

Les meir om kva utsleppsfrie byggje- og anleggsplassar er på Difi sine temasider.

Difi tilrår ei vurdering i marknaden for å sjå kva teknologiar du kan stille krav til før krava vert stilte. Marknaden er umoden, særleg når det gjeld dei største anleggsmaskinene, men bransjen har gjennom dialogmøte med t.d. Undervisningsbygg signalisert at dei ønskjer krav frå det offentlege på området.

Som innkjøpar bør du presisere kva som skal skildrast; til dømes kva fossilfri(e) utslippskjelde(r) ein planlegg å nytte, og korleis ein planlegg å gjennomføre tørkeprosessen eller andre relevante prosessar. Det bør ein òg utfordre marknaden på, slik at dei kan få litt tid til å undersøkje tilgjengelege løysingar dersom det er nytt for dei. Du må òg vurdere om det er betre å nytte utslepp frå byggjeplassen som eit tildelingskriterium.

For betongherding finst det ulike løysingar som entreprenørar kan vurdere om er tilstrekkelege dvs. gir minst mogleg negativ miljøeffekt. Døme på slike løysingar er bruk av oppvarma betong, vintermatter, herdeakselerator, støype inn varmerøyr m.m.

Dersom ein stor del av anleggsmaskinene skal gå på batteri/straum/hydrogen osb., så krevst det at det er lagt til rette for det på byggjeplassen med bl.a. tilstrekkeleg infrastruktur. Dersom ein tidleg planlegg kabel og naudsynte nettoppgraderingar som sikrar kapasiteten det ferdige bygget treng, syter dette for at det er tilgjengeleg effekt på byggjeplassen. Byggherren må ta kontakt med nettleverandøren tidleg for å få på plass kabel og naudsynte nettoppgraderingar tidleg.

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Utslepp av avgassar frå byggje- og anleggsplassar utgjer ein vesentleg del av klimagassutsleppa. I Oslo har utrekningar vist at omtrent ein tredel av klimagassutsleppa frå transport kjem frå anleggsmaskiner. I Trondheim står transport for omtrent halvparten av utsleppa i kommunen, fordelt på lettare køyretøy (28 %), tunge køyretøy (10 %) og anleggsmaskiner (13 %). Fyring frå bygg og anlegg står i tillegg for ca. 15 % av dei direkte klimagassutsleppa. Lokalklimaet og arbeidsmiljøet blir forverra av utslepp av NOx, partiklar og støy.

Argument

Ved å stille krav til varme og tørk, anleggsmaskiner og transport til og frå byggjeplassen, kan vi bidra til å redusere utslepp av klimagassar. Det er òg gode tiltak for lokalklimaet og arbeidsmiljøet ettersom det bidreg til reduserte utslepp av NOx og partiklar, og mindre støy.

 

Utforming av krav: 

I tilbodet skal det lagast ei oversikt som viser kva maskiner og utstyr som skal brukast i prosjektet, og i kva grad dei er fossilfrie eller utsleppsfrie, og kva slags energiberar dei skal nytte.

 

Det skal gjennomførast tiltak for å redusere CO2-utsleppa frå byggjeplassen. Desse skal som eit minimum femne om:

  • Det skal vere ein styrt og planlagt tørkeprosess. Der det er aktuelt, skal ein nytte eit væskebore distribusjonssystem for varmen. Ein skal avgrense løysingar som tilfører fukt til bygget.

  • Fossilfrie alternativ skal brukast til oppvarming/tørk i byggjeperioden. (T.d. jordvarme, fjernvarme, pelletar eller andre fossilfrie alternativ.) Eventuelt biobrensel bør vere avansert biobrensel, og bør kome frå ei sertifisert berekraftig kjelde i samsvar med produktforskrifta kapittel 3, og skal tilfredsstille EN15940.

  • Alle dieseldrivne maskiner bør nytte avansert biodrivstoff frå ei sertifisert berekraftig kjelde i samsvar med produktforskrifta kapittel 3. Drivstoffet skal tilfredsstille EN15940.

  • Korleis ein planlegg å utføre tørkeprosessen og kva for energikjelder dei skal nytte dersom dei nyttar energi for å tørke ut.

  • Alle maskiner som <set inn det du har fått innspel på i marknadsdialogen din at kan gå på utsleppsfri teknologi>.

  • All transport til og frå byggjeplassen <set inn teknologi/fraktmøte du har fått innspel på i marknadsdialogen din at kan gå på utsleppsfri teknologi> som kan være utsleppsfri skal vere utsleppsfri, det gjeld blant anna transport av byggjematerialar, massar og avfall.

  • Alle dieseldrivne transportkøyretøy bør nytte avansert biodrivstoff frå ei sertifisert berekraftig kjelde i samsvar med produktforskrifta kapittel 3. Drivstoffet skal tilfredsstille EN15940.

 

Dokumentasjon av kravet: 

Entreprenøren skal i tilbodet levere ei kort skriftleg utgreiing for korleis desse punkta blir handterte, med ei skildring av relevante økonomiske og miljømessige risikoar på det området. Skildringa skal stadfeste at entreprenøren vil rette seg etter krava som er stilte og synleggjere korleis dei har tenkt å vareta krava.

Informasjon om kravet: 

Les meir om kva utsleppsfrie byggje- og anleggsplassar er på Difi sine temasider.

Difi tilrår ei vurdering i marknaden for å sjå kva teknologiar du kan stille krav til før krava vert stilte. Marknaden er umoden, særleg når det gjeld dei største anleggsmaskinene, men bransjen har gjennom dialogmøte med t.d. Undervisningsbygg signalisert at dei ønskjer krav frå det offentlege på området. Dersom det er noko marknaden ikkje kan levere under temaa i kravet bør du bruke det som eit tildelingskriterium, viss du skal leggje vekt på det i konkurransen. Eventuelt kan du nytte det som eit kontraktskrav.

Som innkjøpar bør du presisere kva som skal skildrast; til dømes kva fossilfri(e) utslippskjelde(r) ein planlegg å nytte, og korleis ein planlegg å gjennomføre tørkeprosessen eller andre relevante prosessar. Det bør ein òg utfordre marknaden på, slik at dei kan få litt tid til å undersøkje tilgjengelege løysingar dersom det er nytt for dei. Du må òg vurdere om det er betre å nytte utslepp frå byggjeplassen som eit tildelingskriterium.

For betongherding finst det ulike løysingar som entreprenørar kan vurdere om er tilstrekkelege dvs. gir minst mogleg negativ miljøeffekt. Døme på slike løysingar er bruk av oppvarma betong, vintermatter, herdeakselerator, støype inn varmerøyr m.m.

Dersom ein stor del av anleggsmaskinene skal gå på batteri/straum/hydrogen osb., så krevst det at det er lagt til rette for det på byggjeplassen med bl.a. tilstrekkeleg infrastruktur. Dersom ein tidleg planlegg kabel og naudsynte nettoppgraderingar som sikrar kapasiteten det ferdige bygget treng, syter dette for at det er tilgjengeleg effekt på byggjeplassen. Byggherren må ta kontakt med nettleverandøren tidleg for å få på plass kabel og naudsynte nettoppgraderingar tidleg.

Kriterierelasjoner og konflikter: 

Entreprenørens målsetninger for å ivareta miljøhensyn i prosjektet og på byggeplassen

Relatert kriterium

Relaterte lenkjer: 

Støttande dokument/referansar

Nokre dokument gir ei første oversikt over eksisterande innovative teknologiar og maskiner som finst på marknaden, og det er sett i verk utvikling av eit oppslagsverk som samlar relevant informasjon:

Publisert: 06. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019