Robust minne og lagring på berbare PC-ar med Windows operativsystem

Grupper: 
  • PC-ar og skjermar
Kategori: 
  • Forlenge levetid

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Føremålet er å redusere sannsynet for at berbare PC-ar kasserast som følgje av 1) utilstrekkeleg minnekapasitet og 2) at datalagringseininga ikkje toler kvardagslege uhell og ulykker. Høg minnekapasitet aukar sannsynet for at eininga kan køyre ny programvare og nye operativsystem. Robuste datalagringseiningar beskyttar viktige data og forlengjer levetida.

 

Utforming av krav: 

Berbare PC-ar skal minimum leverast med 8GB RAM og ha SSD disk med min.[X] GB.

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal stadfeste at kravet oppfyllast.

 

Informasjon om kravet: 

For oppdragsgjevarar med behov for standard berbare PC-ar med Windows operativsystem kan 8 GB RAM vere eit fornuftig minstekrav. Windows operativsystem er relativt minnekrevjande, og det kan vere føremålstenleg med min. 8 GB for at maskinene ikkje skal opplevast som trege. Med 8 GB som krav vil likevel til dømes Chromebooks med Chrome operativsystem utelukkast. Sistnemnte operativsystem krev ikkje like mykje av minnet, og maskinene vil difor normalt ikkje trenge meir enn 2 GB RAM.

Behovsanalysen vil avdekkje kva teknisk yting utstyret må kunne innfri. Krav til minne og lagring må ein sjå m.a. i samanheng med krav til harddisk og andre spesifikasjonar, som til dømes tilgang til eksterne lagringseiningstilkoplingar. Om verksemda har behov for meir databehandling og betre yting, kan det vere fornuftig å be om større minnekapasitet.

Oppdragsgjevarar som ønskjer å ha høve til å oppgradere RAM (til dømes auke frå 8 til 16 GB RAM) i løpet av levetida til eininga, bør stille krav til at RAM enkelt kan oppgraderast/bytast utan at det er naudsynt med større inngrep som til dømes å byte heile hovudkortet. Mulighet for oppgradering av RAM inngår i kravet «Design og støtte for enkel reparasjon av PCer, skjermer og nettbrett».

For å sikre at harddisken er robust, toler støyt og har høg yting bør det stillast krav til at lagringsteknikken er SSD. Sistnemnte toler meir enn dei gamle HDD «snurrediskane». 

Publisert: 18. sep 2019, Sist endra: 26. sep 2019