Robuste berbare nettbrett
- Nettbrett
- Forlenge levetid
Avansert
- Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)
Hovudføremål:
Føremålet er å sikre at oppdragsgjevar får robuste berbare PC-ar og nettbrett som er designa for å tole kvardagsleg slitasje og uhell. Dette kan gi utstyret reduserte kostnader knytte til reparasjon og lengre levetid.
Utforming av krav:
Produktet skal vere testa for robusthet (temperatur og fall) i samsvar med MIL-STD-810G W/ CHANGE 1, IEC 60068-2 test eller tilsvarande testprosedyre for tilsvarande nivå som spesifiserte i tabellen under. Tabellen er henta frå TCO Certified generasjon 8 punkt 6.4 Product durability.
Test | Test Conditions | Required Level |
---|---|---|
Drop test | Drop heights | ≥ 45 cm |
High temerature | Storage temperature for ≥ 48h | ≥ 60⁰C |
Operational temperature for ≥ 4h | ≥ 40⁰C | |
Low temperature | Storage temperature for ≥ 48h | ≤ -30⁰C |
Operational temperature for ≥ 4h | ≤ -20⁰C |
Dokumentasjon av kravet:
Alternativ 1: Gyldig sertifikat på TCO Certified generasjon 8 eller tilsvara
Alternativ 2: Leverandøren skal stadfeste at kravet er oppfylt og skal seinast ved kontraktsignering leggje ved ein kopi av testrapportar som verifiserer at kravet er oppfylt. Det skal være indikert kor i testrapportene (sidetal) ein vil finne resultat frå temperatur og falltest. Testrapportene skal vere frå eit laboratorium akkreditert i samsvar med ISO 17025 eller tilsvarande.
Følgjande testar skal være oppfylt dersom berbar PC/nettbrett er testa i samsvar med MIL-STD-810G w/CHANGE 1:
- Method 516.7 - Shock (procedure IV)
- Method 502.6 - Basic Cold (C1)
- Method 501.6 - Basic Hot (A2) test conditions
Følgjande testar skal være oppfylt dersom berbar PC/nettbrett er testa i samsvar med IEC 60068-2:
- Drop test 60068-2-31:Ec
- High temperature IEC 60068-2-2:B
- Low temperature 60068-2-1:Ab/e
Informasjon om kravet:
Det er to sentrale fordelar med å etterspørje robust utstyr:
- Utstyret vil vere meir solid og tole meir – dette gjev utstyret ei lengre forventa levetid
- Ein vil kunne forvente ein høgare restverdi for brukt, robust IT-utstyr enn for utstyr med meir slitasje.
Kravet inngår i TCO Certified generasjon 8 (punkt 6.4 Product durability). Målet er at min. 30 prosent av IT-utstyr på den internasjonale marknaden skal klare krava i sertifiseringa når ein ny generasjon vert lansert, så det fins fleire produsentar som oppfyll krava, og at man oppnår konkurranse i anskaffinga.
TCO Certifieds product finder (se «Relaterte lenker») viser kor mange produktar som er sertifisert av TCO Certified innen produktkategoriar som PC-ar, skjermer og nettbrett, men IT-utstyr treng ikkje å vere sertifisert av TCO Certified for å tilfredsstille kravet.
Det synar å vere langt færre nettbrett som oppfyller robusthetstestar enn berbare PCer. Et alternativ til å etterspørje robusthetstesta nettbrett, er å etterspørje robusthetstesta deksel til nettbretta, som vil gjere nettbretta meir robuste. Sjå kravspesifikasjonen «Deksel for meir robuste nettbrett».