Robuste tekstil på møbelprodukt

Grupper: 
  • Nye møbler
Kategori: 
  • Fremme lang levetid

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Føremålet med kravet er å sikre at det blir stilt krav til riktige kvalitetsstandardar for tekstila som brukast på møbelproduktet for å oppnå lang levetid.

Utforming av krav: 

Der møbeltrekket for polstra/stoppa møblar inkluderer materiale som er baserte på tekstilstoff, skal dei oppfylle alle dei fysiske kvalitetskrava som er gjevne opp i tabellen under. Krava gjeld alle typar tekstil (t.d. vovne og strikka), og på alle typar møblar med tekstil.

Kvalitetskrav

Metode

Nivå - basis

Fargeekte ved våtgniding

ISO 105 X12

>Nivå 2-3

Fargeekte ved tørrgniding

ISO 105 X12

>Nivå 4

Fargeekte for lys

ISO 105 B02

>Nivå 5

Stoffmotstand mot pilling

EN ISO 12945-2

>Nivå 4-51

Slitasjestyrke (Martindaletest)

EN ISO 12947 – 2

Minst 50.0002

1Unntak for tekstil av ull: >Nivå 3-4, og pillingtesten kan køyrast til 10.000 rotasjonar.

2For anskaffing av møblar til skolar og institusjonsmøblar skal slitasjestyrken vere minst 80.000 martindale.

Dokumentasjon av kravet: 

Kravet skal dokumenterast ved erklæring frå produsent av tekstila, støtta av relevante testrapportar, som viser at kvalitetskrava i tabellen er oppfylte.

Oppfylling av kravet kan også dokumenterast ved tilgang på gyldig sertifikat på at tilbyde møbelprodukt er tildelt sertifisering utvikla i samsvar med ISO 14024 (Type I eller Type II-lik) som oppfyller kravet. Til dømes Svanemerket For kravet om slitasjestyrke (Martindale) skal det likevel kunne leverast eigen dokumentasjon (erklæring frå produsent av tekstila, støtta av relevant testrapport).

Informasjon om kravet: 

Dette kravet bør stillast i alle anskaffingar som inkluderer møblar med tekstil.

Av omsyn til dokumentasjonsbyrda er kravet på basisnivå retta inn slik at det kan dokumenterast med fleire ulike merkeordningar (i tillegg til eigen dokumentasjon på slitasjestyrke, sidan nokre av dei mest vanlege miljømerka har eit lågare krav til Martindaletest enn det som er gjeve opp i dette kravet). Kravet på avansert nivå krev meir dokumentasjon sidan leverandøren må levere inn relevante testrapportar (sidan fleire av dei vanlege miljømerka ikkje stiller like høge krav), men er særleg relevant å stille i anskaffingar der tekstila blir utsette for stor slitasje.

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Føremålet med kravet er å sikre at det blir stilt krav til riktige kvalitetsstandardar for tekstila som brukast på møbelproduktet for å oppnå lang levetid.

Utforming av krav: 

Der møbeltrekket for polstra/stoppa møblar inkluderer materiale som er baserte på tekstilstoff, skal dei oppfylle alle dei fysiske kvalitetskrava som er gjevne opp i tabellen under. Krava gjeld alle typar tekstil (t.d. vovne og strikka), og på alle typar møblar med tekstil.

Kvalitetskrav

Metode

Nivå - avansert

Dimensjonelle endringar under vask og tørking

ISO 6630, ISO 5077 og ISO 3759

+/- 2 % for avtakbart og vaskbart møbelstoff1

Fargeekte i vasking

ISO 105 C06

>Nivå 3-4 for fargeforandring​

>Nivå 3-4 for misfarging

Fargeekte ved reins – misfarging av eige materiale

ISO 105-D01

>Nivå 4-5

Fargeekte ved våtgniding

ISO 105 X12

>Nivå 2-3

Fargeekte ved tørrgniding

ISO 105 X12

>Nivå 4

Fargeekte for lys

ISO 105 B02

>Nivå 5

Stoffmotstand mot pilling

EN ISO 12945-2 / EN ISO 12947 – 2

>Nivå 4-52

 

Slitasjestyrke (Martindaletest)

EN ISO 12947 – 2

Minst 50.0003

1Unntak for tekstil av ull: +/- 3%

2Unntak for tekstil av ull: >Nivå 3-4, og pillingtesten kan køyrast til 10.000 rotasjonar.

3For anskaffing av møblar til skolar og institusjonsmøblar skal slitasjestyrken vere minst 80.000 martindale.

Dokumentasjon av kravet: 

Kravet skal dokumenterast ved erklæring frå produsent av tekstila, støtta av relevante testrapportar, som viser at kvalitetskrava i tabellen er oppfylte.

Informasjon om kravet: 

Dette kravet bør stillast i alle anskaffingar som inkluderer møblar med tekstil.

Av omsyn til dokumentasjonsbyrda er kravet på basisnivå retta inn slik at det kan dokumenterast med fleire ulike merkeordningar (i tillegg til eigen dokumentasjon på slitasjestyrke, sidan nokre av dei mest vanlege miljømerka har eit lågare krav til Martindaletest enn det som er gjeve opp i dette kravet). Kravet på avansert nivå krev meir dokumentasjon sidan leverandøren må levere inn relevante testrapportar (sidan fleire av dei vanlege miljømerka ikkje stiller like høge krav), men er særleg relevant å stille i anskaffingar der tekstila blir utsette for stor slitasje.

Publisert: 26. nov 2020, Sist endra: 29. nov 2020