Ruteoptimaliseringssystem

Grupper: 
  • Tenester
Kategori: 
  • Ressurseffektiv drift

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Målet med kravet er å oppnå ei ressurseffektiv drift av avfallsinnsamling, med fokus på å redusere luftureining og klimagassutslepp.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal ha eit ruteoptimaliseringssystem som blir brukt til planlegging, oppfølging og utbetring av rutene.

Dokumentasjon av kravet: 

Namn på verktøy og beskrivelse av funksjonane til verktøyet [maks. 1/2 A4-side].

 

Informasjon om kravet: 

Optimalisering av rutene har som føremål å auke ressurseffektiviteten, ved at avfallet blir samla inn med ei lågare miljøbelastning. Her blir det lagt til grunn at optimaliseringa medfører blant anna lågare drivstofforbruk, noko som medfører miljøvinstar som lågare luftureining og utslepp av klimagassar. 

Ruteoptimalisering er viktig for å sikre at leverandøren kan optimalisere ytinga si i tenesta gjennom kontraktsperioden. 

Nyttig å kombinere med

  • Kontraktsvilkåret Klima- og miljørapportering 

 

 

 

 

 

 

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 28. sep 2018, Sist endra: 31. Mai 2019