Rutinar for forskriftsmessig avfallshandtering

Grupper: 
  • Avfall frå tjenesteytande verksemd
Kategori: 
  • Ressurseffektiv drift

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Kvalifikasjonskrav

Hovudføremål: 

Sikre at oppdragsgjevar sitt ansvar for handtering og ressursutnytting av avfall er vareteke.

Utforming av krav: 

Leverandør skal ha rutinar for å sikre forskriftsmessig handtering av avfallet, og rutinar for oppfølging av underleverandørar.

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal erklære at dette stemmer og gje ei kort skildring av sertifiseringar eller rutinar for å sikre at krav til forskriftsmessig handtering av avfallet, og rutinar for at oppfølging av underleverandørar er varetekne [Maks lengd 1 A4-side].

Informasjon om kravet: 

I ureiningslova § 32 om handtering av næringsavfall står det skildra at den som produserer næringsavfall, her tenesteytande næringar, skal syte for at avfallet blir bringa til lovleg avfallsanlegg eller gjennomgår gjenvinning slik at det anten opphøyrer å vere avfall eller på annan måte kjem til nytte ved å erstatte materiale som elles ville vorte brukte.

Når ein leverandør skal handtere avfallet på vegner av den som produserer avfallet, her oppdragsgjevar, er det viktig å sikre at produsenten sitt ansvar er vareteke. Praksis og rutinar kan vise at leverandøren sikrar forskriftsmessig handtering av avfallet, og at oppdragsgjevar sitt ansvar er møtt.

Nyttig å kombinere med 

  • God kildesortering (Tildelingskriterium)

 

 

 

 

 

Relaterte lenkjer: 

Relaterte lenkjer

Publisert: 26. sep 2018, Sist endra: 31. Mai 2019