SD anlegg

Grupper: 
  • Prosjektering
Kategori: 
  • Energi
  • Miljø
  • Bygg

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Det utrekna energibehovet og den reelle energibruken i bygg stemmer ofte ikkje med kvarandre. Det kan vere fleire grunnar til dette, oftast kjem det av endra føresetnader.

Argument

For å finne grunnen til annan energibruk enn den som var rekna med, kan eit anlegg for sentral driftskontroll (SD-anlegg) vere eit viktig verktøy. SD-anlegg legg grunnlaget for både effektiv energibruk og god utnytting av driftsressursar sidan data frå alle tekniske anlegg er tilgjengeleg online via Internett. SD-anlegg er eit godt verktøy for dagleg drift og overvaking av tekniske anlegg. Bygget bør difor leggjast til rette for god energileiing og styring. Det føreset at bygget har komponentar og system som gjer kartlegging av energidata og overvaking av energibruk i drift mogleg, slik at du kan identifisere unaudsynleg energibruk, og gjere tiltak for å få ned energibruken.

Utforming av krav: 

Det skal prosjekterast for eit SD-anlegg som femner om alle store tekniske installasjonar i bygget. Systemet skal kunne integrerast i eit toppsystem.

Med toppsystem vert det meint eit sentralt system som knyter styring og kontroll av fleire bygg i ei verksemd som t.d. ein kommune eller etat saman.

SD-anlegget skal:

  • Styre, regulere og overvake alle dei tekniske systema i bygget

  • Vere eit hjelpeverktøy for driftsavdelinga, slik at dei lett kan drifte anlegga på ein rett og effektiv måte

  • Fortløpande tilpasse energibruken til det reelle behovet, slik at bygget ikkje nyttar meir energi enn det som er naudsynt

  • Ha moglegheit for effektstyring

 

Løysinga som er valt skal dokumenterast med:

  • Definisjon av alle anlegga som skal knytast opp mot SD-anlegget

  • Topologiskjema som viser kommunikasjonsnivået mellom alle system, frå følar via undersentral opp til toppsystem, i tillegg til tilknyting til det tekniske nettet i bygget

  • Skildring av dataflyt i automasjonssystemet, innsamling og utveksling av data

  • Opplegg for kommunikasjon med brukarar

     

Det skal definerast krav til tekniske spesifikasjonar og kommunikasjonsplattform som sikrar at kvart bygg kan koplast til eit sentralt toppsystem slik at viktige funksjonar kan overvakast og styrast i eitt system. På denne måten kan det samlast inn og presenterast driftsinformasjon frå fleire tilknytte bygg. Det gjer det enklare å overvake drift eller endre driftsparameterar, og feil vil avdekkast raskare. Dersom verksemda har eit toppsystem frå før, er det viktig at SD-anlegget skal fungere med alle funksjonar i det toppanlegget verksemda har frå før.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 08. feb 2018, Sist endra: 26. sep 2018